Jericho av The Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jericho
Studioalbum av The Band
Utgjeve 2. november 1993
Innspelt Sommaren 1993; utanom «Country Boy», oktober 1985 og «Atlantic City», 1990/91
Sjanger Rock
Lengd 56:53
Selskap Rhino
Produsent John Simon, Aaron Louie Hurwitz & The Band
The Band-kronologi
To Kingdom Come: The Definitive Collection
(1989)
Jericho Across the Great Divide
(1994)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Jericho er det åttande studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet The Band, og kom ut i 1993. Det var det første albumet deira etter at den originale besetninga vart oppløyst i 1976.

Albumet kom heile 17 år etter «farvellkonserten» deira, og var den første utgjevinga for Rhino-etiketten Pyramid Records. Med på albumet var dei originale medlemmene Levon Helm (trommer/mandolin/gitar/vokal), Rick Danko (bass/gitar/vokal) og Garth Hudson (orgel/klavers/horn), og i tillegg Jim Weider (som hadde spelt gitar for bandet ei tid etter dei vart gjenforeint i 1983), Randy Ciarlante (som hadde kome inn på trommer i 1990) og Richard Bell (som vart med som keyboardist i 1991). Richard Manuel spelte den siste innspelinga si med The Band på «Country Boy». I tillegg til denne sekstetten spelar fjorten andre musikarar på albumet. Så mange musikarar vart vanleg for bandet på dei siste albuma deira.

Utan Robbie Robertson som tekstforfattar, var gruppa avhengige av hjelp utanfor på fire originale songar. Av desse finn ein Bob Dylan, Bruce Springsteen, Muddy Waters, Willie Dixon og visesongaren Artie Traum.

Måleriet på plateomslaget er huset dei budde i i Saugerties i New York og som inspirerte musikken på debutalbumet Music From Big Pink. Det var òg her Bob Dylan og The Band spelte inn The Basement Tapes.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Remedy»Colin Linden, Jim Weider4:25
2.«Blind Willie McTell»Bob Dylan6:42
3.«The Caves of Jericho»Richard Bell, Levon Helm, Rick Danko, John Simon5:23
4.«Atlantic City»Bruce Springsteen5:16
5.«Too Soon Gone»Jules Shear, Stan Szelest3:59
6.«Country Boy»Marshall Barer, Fred Brooks3:17
7.«Move to Japan»Joe Flood, Levon Helm, John Simon, Stan Szelest, Jim Weider4:25
8.«Amazon (River of Dreams)»Artie Traum6:00
9.«Stuff You Gotta Watch»Muddy Waters2:50
10.«The Same Thing»Willie Dixon4:31
11.«Shine a Light»Marty Grebb, Daniel Moore4:12
12.«Blues Stay Away From Me»Altn & Rabon Delmore, Henry Glover, Wayne Raney6:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Band[endre | endre wikiteksten]

  • Rick Danko: Bassgitar, gitarar, fele, trombone, klaverinstrument, vokal.
  • Levon Helm: Trommer, perkusjon, mandolin, gitar, vokal.
  • Garth Hudson: Orgel, klaverinstrument, trekkspel, elektrisk piano, saksofon, synthesizers, horn.
  • Richard Manuel: Piano, klaverinstrument & vokal på «Country Boy».
  • Randy Ciarlante: Trommer, perkusjon, korvokal.
  • Rick Bell: Klaverinstrument, orgel, piano, trekkspel, korvokal.
  • Jim Weider: Gitarar, korvokal.

Gjestemusikarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon
  • The Band - produsentar
  • Aaron Professor Louie Hurwitz - produsent, lydteknikar
  • John Simon - produsent
  • Chris Andersen - lydteknikar
  • Steve Churchyard - lydteknikar
  • John Roper - lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]