Rock of Ages

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rock of Ages
Konsertalbum av The Band
Utgjeve 15. august 1972
Innspelt 28. til 31. desember 1971
Spelestad Academy of Music i New York City
Sjanger Rootsrock
Lengd 1:18:19
Selskap Capitol SABB 11045
Produsent The Band
The Band-kronologi
Cahoots
(1971)
Rock of Ages Moondog Matinee
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideB[2]
DownBeat4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]
Entertainment WeeklyA[4]
MusicHound5/5[5]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]

Rock of Ages: The Band in Concert er det femte albumet til The Band frå 1972 på Capitol Records. Det er eit konsertalbum frå innspelingar ved Academy of Music i New York City 28. til 31. desember 1971 og nådde sjetteplassen på den amerikanske albumlista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Robbie Robertson hadde bestilt arrangøren Allen Toussaint til å skrive blåsearrangement for den siste singelen deira, «Life Is A Carnival» frå albumet Cahoots, og ønskte no at han skulle skrive fleire arrangement for songane deira på dei komande konsertane.[8] Dei første notane forsvann i bagasjen på ein flyplass i New Orleans, og han måtte skrive nye i ei hytte nær huset til Robertson i Woodstock.[9] Robertson valte ut elleve songar som fekk blåsarar, og alle desse er med på albumet.[10] Blåsarane spelar ikkje på «Get Up Jake», «Stage Fright», «This Wheel's on Fire», «The Weight», «The Shape I'm In» og «The Genetic Method».

Repertoaret bestod av The Band sine originale songar, samt versjonar av «Baby Don't You Do It» av Marvin Gaye og «(I Don't Want to Hang Up) My Rock and Roll Shoes» av Chuck Willis. Det meste av innhaldet på plata er frå opptaka den 30. eller 31. desember.[11] Sidan Garth Hudson skyt inn «Auld Lang Syne» i soloen på «The Genetic Method», reknar ein med at denne songen og «Chest Fever» vart spelte ved midnatt den 31. desember. Bob Dylan gjorde eit overraskande besøk på konserten på nyårsaftan og spelte fire songar med bandet.[12]

Albumet kom ut i 1972 som eit dobbeltalbum, og vart gjeven ut i 1980 som to forskjellige LPar, kalla Rock of Ages, Vol. 1 og Rock of Ages, Vol. 2. Den første CD-utgåva bestod av nedkorta songar for at alt skulle få plass på ei plate. I 2001 kom ei utvida og nymastra utgåve med to CD-plater tu, samt ti bonusspor. Med på bonussplata var dei fire Dylan-songane og ein annan Motown-cover, «Loving You Is Sweeter Than Ever» av The Four Tops.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side 1
Nr.TittelLengd
1.«Introduction by Robertson»1:22
2.«Don't Do It» (Holland-Dozier-Holland)5:00
3.«King Harvest (Has Surely Come)»4:04
4.«Caledonia Mission»3:38
5.«Get Up Jake»3:33
6.«The W. S. Walcott Medicine Show»3:54
Side 2
Nr.TittelLengd
1.«Stage Fright»4:38
2.«The Night They Drove Old Dixie Down»4:34
3.«Across The Great Divide»3:59
4.«This Wheel's on Fire» (Rick Danko, Bob Dylan)4:07
5.«Rag Mama Rag»4:33
Side 3
Nr.TittelLengd
1.«The Weight»5:32
2.«The Shape I'm In»4:14
3.«The Unfaithful Servant»4:48
4.«Life Is a Carnival» (Levon Helm , Robbie Robertson, Rick Danko)4:17
Side 4
Nr.TittelLengd
1.«The Genetic Method» (Garth Hudson)7:48
2.«Chest Fever»5:24
3.«(I Don't Want To) Hang Up My Rock and Roll Shoes» (Chuck Willis)4:20
Bonusdisk frå 2001
Nr.TittelLengd
1.«Loving You Is Sweeter Than Ever» (Stevie Wonder, Ivy Jo Hunter)3:28
2.«I Shall Be Released» (Dylan)4:03
3.«Up on Cripple Creek»4:38
4.«The Rumor»5:02
5.«Rockin' Chair»4:06
6.«Time To Kill»4:07
7.«Down in the Flood» (Dylan)5:25
8.«When I Paint My Masterpiece» (Dylan)4:17
9.«Don't Ya Tell Henry» (Dylan)4:38
10.«Like A Rolling Stone» (Dylan)5:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Singlar - Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1972 «Don't Do It» Pop Singles 34

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine (15. august 1972). «Rock of Ages - The Band | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 15. september 2020. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: B». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 15. september 2020. 
  3. «The Band: Rock of Ages». DownBeat: 66. October 2001. 
  4. «The Band: Rock of Ages». Entertainment Weekly: 81. 25. mai 2001. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 72. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. «The Band: Rock of Ages». Q: 130. July 2001. 
  7. Brackett, Nathan, with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Fireside. p. 42. ISBN 0-7432-0169-8.
  8. Bowman, Rob. Rock of Ages. 2001, 72435-30181-2-2, s. 2.
  9. Bowman, s. 3-4.
  10. Bowman, s.5
  11. Bowman, s. 10-11.
  12. Bowman, s. 11