The Basement Tapes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Basement Tapes
Studioalbum av Bob Dylan og The Band
Utgjeve 26. juni 1975
Innspelt Dylan – The Band-innspelingar: Juni til september 1967; The Band aleine: 1967–1968, seinare lydspor: 1975
Sjanger
Lengd 1:16:41
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan, The Band
Bob Dylan-kronologi
Blood on the Tracks
(1975)
The Basement Tapes Desire
(1976)
The Band-kronologi
Before the Flood
(1974)
The Basement Tapes Northern Light – Southern Cross
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Chicago Tribune4/4 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Christgau's Record GuideA+[5]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Entertainment WeeklyA[7]
PopMatters9/10[8]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]

The Basement Tapes er eit studioalbum av Bob Dylan og The Band. Det kom ut 26. juni 1975 på Columbia Records og er det 16. studioalbumet til Dylan. Songane med Dylan på vokal vart spelte inn i 1967, åtte år før albumet kom ut, i huset Big Pink og andre hus i og kring Woodstock i New York, der Dylan og The Band budde på den tida. Sjølv om dei fleste av Dylan-songane var gjevne ut på piratkopialbum, var The Basement Tapes den første offisielle utgjevinga av desse innspelingane. Tittelen tyder «kjellaropptaka».

Under verdsturneen sin i 1965–1966, spelte Dylan med rockebandet The Hawks, som seinare vart det kjende The Band. Etter at Dylan skadde seg i ei motorsykkelulukke i juli 1966, flytta medlemmene av The Hawks til nabolaget til Dylan i Woodstock-området for å samarbeide med han på både musikk- og filmprosjekt. Dylan heldt seg borte frå ålmenta i 1967 og spelte inn meir enn 100 songar i lag med The Band, som bestod av både originale songar, andre sine songar og tradisjonelle songar. Den nye stilen til Dylan flytta seg frå den urbane kjensla og dei omfattande sogene som hadde prega dei siste albuma hans, som Highway 61 Revisited og Blonde On Blonde, til songar som var meir intime og nytta trekk frå tradisjonell amerikansk musikk. Nokre av kjellarsongane er humoristiske, andre omhandlar berre småting. Generelt har songane mange trekk frå amerikansk folkemusikk. For somme kritikarar synte songane på The Basement Tapes, som sirkulerte breitt i uoffisielle former, ei stor stilmessig endring for rocken seint i 60-åra.

Columbia Records førebudde albumet for den offisielle utgjevinga i 1975, vart det lagt til åtte songar som var spelte inn av The Band aleine på forskjellige stader mellom 1967 og 1975, i tillegg til 16 songar som Dylan og The Band spelte inn i 1967. Det vart lagt til ekstra lydspor på fleire av songane i 1975. The Basement Tapes vart kritikarrost då det kom ut og nådde sjuandeplassen på Billboard 200-lista. Kritikarar stilte spørsmål ved formatet til albumet i 1975, sidan det utelet somme av dei mest kjende songane til Dylan frå 1967, og i staden tok med songar av The Band som ikkje var spelte inn i Woodstock.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I juli 1966 var Bob Dylan på høgda både kreativt og kommersielt. Highway 61 Revisited hadde nådd tredjeplassen på den amerikanske albumlista i november 1965[10] og det nye dobbeltalbumet Blonde on Blonde vart kritikarrost.[11] Frå september 1965 til mai 1966 la Dylan ut på ein lengre turné i USA, Australia og Europa, akkompagnert av The Hawks, eit band som tidlegare hadde arbeidd med rock and roll-musikaren Ronnie Hawkins.[12] The Hawks bestod av dei fire kanadiske musikarane Rick Danko, Garth Hudson, Richard Manuel og Robbie Robertson, og ein amerikanar, Levon Helm. Fansen til Dylan tok dårlig i mot den nye stilen til viseikonet og Helm mislikte den negative responsen så dårleg at han slutta i The Hawks i november 1965 og dreiv kring Sørstatane. På eit tidspunkt arbeidde han på ein oljerigg i Mexicogolfen.[13] Turneen kulminerte med ein kjend, høglydt konsert i Manchester i England i mai 1966, der eit publikumsmedlem ropte «Judas!» til Dylan fordi han visstnok hadde forrådd den politiske, progressive visesongen.[14] Dei vart utslitne etter den hektiske verdsturneen og då han var over oppdaga Dylan at manageren hans, Albert Grossman, hadde arrangert ytterlegare 63 konsertar i USA det året.[15]

Motorsykkelulukke[endre | endre wikiteksten]

Den 29. juli 1966 krasja Dylan med motorsykkelen sin nær heimen sin i Woodstock i New York og fekk brot på ein ryggvirvel og hjerneristing.[16][17] Konsertane han var meint å spele vart avlyste.[18] Biografiforfattaren Clinton Heylin skreiv i 1990 kor viktig denne krasjen var: «25 år seinare er motosykkelulukka til Dylan framleis rekna som vendepunktet i karrieren hans. Den store ironien er at 1967 - året etter ulukka - er det mest produktive året hans som låtskrivar.»[19] I eit intervju frå 1969 i Rolling Stone med Jann Wenner sa Dylan «Eg hadde ei frykteleg motorsykkelulukke som sette meg til sides ei stund, og eg forstod ikkje kor viktig den ulukka var før minst eit år etter det. Eg forstod at det var ei verkeleg ulukke. Eg hadde tenkt at eg berre kunne kome meg på beina att og halde fram som før, men det kunne eg ikkje.»[20]

Dylan måtte tenkje om att på retninga i livet sitt medan ha kom seg att frå ei kjensle av å ha blitt utnytta. Ni månader etter ulukka sa han til Daily News i New York: «Songane er i hovudet mitt slik dei alltid er. Og dei kjem ikkje til å bli skrivne ned før enkelte ting jamnar seg ut. Ikkje før enkelte folk kjem fram og gjer opp for nokre av tinga som har skjedd.»[21] Etter å ha diskutert ulukka med Dylan, konkluderte biografiforfattaren Robert Shelton at «det må vere ein annan levemåte for ei popstjerne, der han har kontrollen, og ikkje dei. Han måtte finne måtar å arbeide med plateindustrien på til sin fordel.»[22]

Tidlege innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Big Pink i West Saugerties i New York (2006).

Rick Danko hugsa at han, Richard Manuel og Garth Hudson slo seg saman med Robbie Robertson i West Saugerties, nokre kilometer frå Woodstock i februar 1967. Dei tre flytta til eit hus i Stoll Road kalla «Big Pink». Robertson budde i nærleiken med den framtidige kona si, Dominique.[23] Danko og Manuel var blitt inviterte til Woodstock for å samarbeide med Dylan på ein film han heldt på å redigere, Eat the Document, ei sjeldan soge om verdsturneen til Dylan i 1966.[23] På eit tidspunkt mellom mars og juni 1967 byrja Dylan og dei fire medlemmane i Hawks uformelle innspelingar, i starten i det såkalla Raude rommet i huset til Dylan, Hi Lo Ha, i Byrdcliffe-området i Woodstock. I juni var innspelingane flytta til kjellaren i Big Pink.[24][25] Hudson sette opp innspelingsutstyr med to stereomiksarar og ein lydbandopptakar han lånte frå Grossman, og sette opp ei rekkje mikrofonar på lån frå visetrioen Peter, Paul and Mary.[26] Dylan sa seinare til Jann Wenner, «Det er slik ein bør spele inn musikk - i ein fredfull, avslappa atmosfære i ein eller annan sin kjellar. Med vindauga opne og ein hund som ligg på golvet.»[27]

Dei første par månadane «slo dei berre i hel tid», i følgje Robertson,[28] og mange av dei tidlege innspelingane var berre coverlåtar.[29] «Med coverlåtane lærte Bob oss opp på eit vis», sa Robertson. «Heile folkegreia var framleis særs tvilsam for oss - det var ikkje toget me kom hit med. Han hadde kome opp med noko slikt som 'Royal Canal', («Banks of the Royal Canal (The Auld Triangle)» av Dominic Behan[30]) og du sa 'Det er så vakkert! Så uttrykksfullt!'. Han hugsa for mykje, hugsa for mange songar altfor godt. Han kom over til Big Pink, eller kvar me no enn var, og henta fram somme gamle songar, og han hadde førebudd dette. Han hadde øvd på songane og kom så ut her for å vise oss.»[31] Songar som vart spelte inn på desse tidlege innspelingane var songar skrivne eller gjort populære av Johnny Cash, Ian & Sylvia, John Lee Hooker, Hank Williams og Eric Von Schmidt, i tillegg til tradisjonelle songar eller standardsongar.[32] Det vart umogeleg for dei å halde fram å spele i Big Pink på grunn av den store tilhengjarskaren som hadde bygd seg opp kring Dylan. Han skal til og med ha funne eit par i senga si.

Nye songar[endre | endre wikiteksten]

Bassist Rick Danko skreiv «This Wheel's on Fire» i lag med Dylan.

Dylan byrja å skrive og spele inn nye songar under desse innspelingane. I følgje Hudson: «Me gjorde sju, åtte, ti, stundom femten songar på ein dag. Somme var gamle balladar og tradisjonelle songar ... men andre laga Bob på direkten ... Me spelte melodien, og han song eit par ord han hadde skrive, og byrja så å kome opp med meir, eller berre nynna vidare. Det er ein ganske bra måte å skrive songar på.»[33] Danko sa til Dylan-biografien Howard Sounes, «Bob og Robbie kom innom kvar dag, fem til sju dagar i veka, i sju til åtte månader», sa Hudson, «Evnen Bob hadde til å skrive songar forbløffa meg. Han kom inn, sette seg ned ved skrivemaskinen, og skreiv ein song. Og det som var utruleg er at nesten alle dei songane var morosame.»[34]

Dylan skreiv kring tretti nye songar med The Hawks, inkludert somme av dei mest kjende songane hans: «I Shall Be Released», «This Wheel's on Fire», «Quinn the Eskimo (The Mighty Quinn)», «Tears of Rage» og «You Ain't Goin' Nowhere».[35] To av desse inneheld tekst sett til musikk av dei andre medlemmane i The Band: Danko skreiv musikken til «This Wheel's on Fire»;[36] Manuel, som komponerte «Tears of Rage», skildra korleis Dylan «kom ned i kjellaren med eit papirark og berre sa 'Har du noko musikk for denne?' ... Eg hadde nokre musikalske parti som passa ... så eg berre tilpassa det litt, men eg var ikkje sikker på kva teksten tydde. Eg kunne ikkje springe opp trappa og sei 'Kva tyder dette, Bob: «Now the heart is filled with gold as if it was a purse»?'»[37]

Ein av eigenskapane til The Basement Tapes som skil det frå samtidige verk er den enkle, jordnære stilen. Songane vart spelte inn i midten av 1967, «Summer of Love» då The Beatles kom med sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, det mest teknisk avanserte albumet deira til då.[38] I eit intervju frå 1978 reflekterte Dylan over denne perioden: «Eg visste ikkje korleis eg kunne spele inn musikk slik andre folk gjorde, og eg ønskte det ikkje heller. The Beatles hadde nettopp kome med Sgt. Pepper som eg ikkje likte i det heile tatt. Eg tenkte det var eit særs overberande album, men songane på plata var veldig bra. Eg tenkte at all den produksjonen ikkje var naudsynt.»[38] Om stilen og atmosfæren frå kjellarinnspelingane skreiv Barney Hoskyns at «Big Pink avgjorde i seg sjølv innhaldet i dette heimebrygget.»[39] «Ein ting var at om du spelte verkeleg høgt i kjellaren, så var det berre plagsamt, fordi det var sementveggar», hugsa Robertson. «Så me spelte i ein liten flokk: om du ikkje kunne høyre synginga så spelte du for høgt.»[40]

Mike Marqusee skildra korleis kjellarinnspelingane var ei radikal retningsendring for Dylan, som vende ryggen til dei avantgarde ideane han hadde introdusert i popkulturen: «I den augneblinken då avant-gardismen feia gjennom nye kulturelle korridorar, bestemte Dylan seg for å tre av. Den snobbete, aggressivt moderne overflata vart erstatta av ei sjølvmedviten beskjeden og tradisjonell drakt. Det flyktige som vart innført, feira, dissekert i songane frå midten av sekstiåra hadde gjort han utmatta. Han søkte tryggleik i ein tilfluktsstad på landsbygda som også var eit steg attende i tid, eller meir presist, eit søk etter det tidlause.»[41]

Dylan hadde gifta seg med Sara Lownds i november 1965.[42] På tida då kjellarinnspelingane byrja i Big Pink kring juni 1967, hadde han fått to barn: Maria (dottera til Sara frå det første ekteskapet)[43] og Jesse Dylan.[44] Anna Dylan vart fødd 11. juli 1967.[45] Både Heylin og biografen Sid Griffin meinte at innspelingane måtte flyttast frå huset til Dylan til Big Pink då innspelingane kom i vegen for familielivet.[46][47] Det huslege var bakgrunnen for The Basement Tapes, som Hudson sa i The Last Waltz: «Hogge ved og slå tommelen med ein hammar, fikse lydbandopptakaren eller nettingdøra, gå ut i skogen med hunden Hamlet ... det var avslappande og stillferdig, noko me ikkje hadde opplevd sidan me var barn.»[48] Fleire av songane på Basement Tapes, som «Clothes Line Saga» og «Apple Suckling Tree», hylla dei huslege aspekta ved ein landleg livsstil.[49]

Det intense samarbeidet mellom Dylan og The Hawks som skapte kjellarinnspelingane var over i oktober 1967 då Dylan flytta til Nashville for å spele inn det formelle studioalbumet John Wesley Harding, med andre musikarar.[50] Same månaden slo trommeslagaren Levon Helm seg saman att med dei tidlegare bandkollegaene i Woodstock, etter Danko ringde han og sa dei var klare til å spele inn eit album.[51] I sjølvbiografien sin skreiv Helm om då han lytta til innspelingane The Hawks hadde gjort med Dylan, og hugsa at han «kunne høyre at det hadde hjelpt Bob å henge med karane slik at han fekk ei interesse i det me var interesserte i: blues, rockabilly, R&B. Det hadde smitta litt over på han.»[52]

Dwarf Music-demoar og Great White Wonder[endre | endre wikiteksten]

Piratkopiplata Great White Wonder inneheld mange av songane spelte inn for The Basement Tapes — denne utgjevinga vart populær og skapte ein etterspurnad etter eit offisielt album.

I oktober 1967 vart eit demolydband med fjorten songar registrert for opphavsretten og med Dwarf Music, eit forlagsselskap som Dylan og Grossman eigde i lag.[53] Acetat- og lydband med songane sirkulerte så blant interesserte plateartistar.[54]

Peter, Paul and Mary, som hadde Grossman som manager, fekk den første hitten med ein song frå kjellarinnspelingane då dei spelte «Too Much of Nothing». Denne nådde 35. plassen på Billboard-lista seint i 1967.[55] Ian & Sylvia, som òg hadde Grossman som manager, spelte inn «Tears of Rage», «Quinn the Eskimo» og «This Wheel's on Fire».[56] I januar 1968 gjekk Manfred Mann til topps på den britiske singellista med si innspeling av «The Mighty Quinn».[57] I april vart «This Wheel's on Fire» spelt inn av Julie Driscoll, Brian Auger and the Trinity, og denne nådde femteplassen på den britiske singellista.[58] Same månaden vart ein versjon av «You Ain't Goin' Nowhere» av The Byrds gjeve ut på singel. I lag med «Nothing Was Delivered»,[59] kom han ut på countryrockalbumet deira, Sweetheart of the Rodeo, i august det året.[60] The Hawks, som no hadde teke namnet The Band, spelte inn «This Wheel's on Fire», «I Shall Be Released» og «Tears of Rage» for debutalbumet deira Music from Big Pink, som kom i juli 1968. Fairport Convention spelte inn «Million Dollar Bash» i 1969 på albumet deira Unhalfbricking.[61]

Etter kvart som lydband med innspelingane til Dylan byrja å sirkulere i musikkindustrien vart musikkpressa klar over at dei eksisterte. I juni 1967 skreiv Jann Wenner ein artikkel i Rolling Stone med overskrifta «Kjellarinnspelingane til Dylan bør utgjevast». Wenner lytta til dei fjorten songane på demoen og skreiv «Det er nok songar her - nesten alle av dei særs bra - til å skape eit nytt Bob Dylan-album, ei plate med ein særeigen stil.» Han konkluderte «sjølv om Dylan brukte eit av dei finaste rock and roll-banda som nokon gong er sett saman på Highway 61-albumet, arbeider han her for første gongen med sitt eige band. Dylan har med seg ei instinktmessig kjensle for rock and roll i røysta si for første gongen. Om dette nokon kjem ut, vil det vere ein klassikar.»[62]

Rapportar som dette vakte appetitten til Dylan-fansen. I juli 1969 byrja dei første piratkopiversjonane å dukke opp i California, kalla Great White Wonder. Det doble albumet bestod av sju songar frå kjellarinnspelingane, i tillegg til somme tidleg innspelingar Dylan hadde gjort i Minneapolis i desember 1961 og ein song frå The Johnny Cash Show. Ein av dei ansvarlege for piratkopiplata, berre omtalt som Patrick, snakka med Rolling Stone: «Dylan er eit stort talent og han har alle desse songane som ingen har høyrt. Me tenkte me skulle ta ansvar sjølv å gjere denne musikken tilgjengeleg.»[63] Etter kvart dukka det opp ulovlege utgjevingar av hundrevis av konsert- og studioopptak av Dylan, og Recording Industry Association of America skildra Dylan som den mest piratkopierte artisten i musikkhistoria.[64]

Columbia Records-samling[endre | endre wikiteksten]

I januar 1975 gav Dylan uventa løyve til å gje ut eit utval av kjellarinnspelingane, kanskje fordi han og Grossman hadde løyst den rettslege striden om opphavsretten til songane hans på Dwarf Music.[65] Clinton Heylin hevdar at Dylan gjekk med på dette etter den store suksessen han fekk med Blood on the Tracks som kom ut denne månaden: «Etter Blood on the Tracks, var ikkje The Basement Tapes lenger den siste påminninga om Dylans tapte genialitet».[66] I 1975 kjøpte The Band ranchen Shangri-La i Malibu i California, som dei gjorde om til eit platestudio.[67]

Lydteknikaren Rob Fraboni vart henta til Shangri-La for å reinske innspelingane som Hudson, den originale lydteknikaren, framleis hadde. Fraboni hadde arbeidd med Dylan på Planet Waves, akkompagnert av The Band, og konsertalbumet deira, Before the Flood, som begge kom ut i 1974. Fraboni har skildra Robertson som den dominerande røysta i valet av dei endelege songane til The Basement Tapes og at Dylan ikkje ofte var i studio.[67] Stereoinnspelingane til Hudson vart miksa på nytt til mono, medan Robertson og andre medlemmar av The Band la på nye lydspor med klaverinstrument, gitar og trommer til nokre av innspelingane frå 1967. I følgje Fraboni vart det òg førebudd fire nye songar av The Band til albumet, mellom anna ein versjon av Chuck Berry sin «Going Back to Memphis», men dette kom ikkje med på den endelege utgjevinga.[68] Det er usemje om innspelingsdatoen til tre andre songar: «Bessie Smith», «Ain't No More Cane» og «Don't Ya Tell Henry». Medan Fraboni hugsa at The Band spelte inn desse i 1975,[68] medan notat i plateomslaget til nyare utgåver av The Band sine eigne album hevdar at songane vart spelte inn mellom 1967 og 1970.[69] Til slutt var det åtte av 24 songar på The Basement Tapes som Dylan ikkje var med på,[70][71] og fleire studioopptak som kom frå tida etter Big Pink-innspelingane. Robertson forklarte at dette kom av at han, Hudson og Dylan ikkje hadde tilgang til alle kjellarinnspelingane: «Med hadde nokre av songane. Somme av desse kom inn under overskrifta 'heimelaga', som for oss tydde eit kjellaropptak.» Han sa vidare at «ideen var å spele inn somme demoar for andre folk. Dei var aldri meint for eit album, og ikkje meint å bli presentert. Det var ganske irriterande at songane vart pirakopierte. Albumet kom til slutt ut med tanken om at 'vel, om dette skal bli dokumentert, så la det i det minste vere av god kvalitet'.»[72]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Den kunstnariske leiaren for albumet var Bob Cato. Fotografiet på omslaget vart teken av designeren og fotografen Reid Miles i kjellaren til KFUM i Los Angeles. Det syner Dylan og The Band i lag med rollefigurar frå songane: ei kvinne i Mrs. Henry-t-skjorte, ein eskimo, ein sirkusatlet og ein dverg.[73]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Columbia Records gav ut The Basement Tapes den 26. juni 1975.[74] Albumet nådde sjuandeplassen på Billboard-lista,[75] og åttandeplassen i Storbritannia.[76] Det vart kritikarrost. John Rockwell frå The New York Times hylla det som «eit av dei beste albuma i amerikansk pophistorie».[77] Paul Nelson i Rolling Stone kalla det «det hardaste, tøffaste, søtaste, tristaste, mest morosame, visaste songane eg har høyrd».[78] Meldinga i The Washington Post sa, «Han kan forvirre, ergre og skuffe, men Dylan må reknast blant dei største enkeltartistane i moderne amerikansk popmusikk.»[77] The Basement Tapes toppa Pazz & Jop-avrøystinga blant musikkskribentar i Voice.[79] Robert Christgau, som skapte lista, sa at innspelingane høyrdest fyldigare og rare ut i 1975 enn då dei vart laga og konkluderte: «Me treng ikkje bøye hovuda våre i skam berre fordi dette er det beste albumet i 1975. Det hadde vore det beste albumet i 1967 òg.»[80]

Det har likevel vore noko kritikk av albumet: at det inneheld songar The Band spelte inn på eiga hand, og utvalet av Dylan-songane, mellom anna at innspelingane av «I Shall Be Released» og «The Mighty Quinn» mangla.[81] Då alle innspelingane kom ut i 2011 sa derimot Sasha Frere-Jones i The New Yorker at «Robertson, med somme unntak, visste kva songar som var bra» og at det var riktig å betre innspelingane.[82]

I 2016 rangerte Rolling Stone The Basement Tapes på 292. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[83]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Odds and Ends»   1:47
2. «Orange Juice Blues (Blues for Breakfast)» (Richard Manuel) 3:39
3. «Million Dollar Bash»   2:32
4. «Yazoo Street Scandal» (Robbie Robertson) 3:29
5. «Goin' to Acapulco»   5:27
6. «Katie's Been Gone» (Manuel, Robertson) 2:46
Side to
# Tittel Lengd
7. «Lo and Behold»   2:46
8. «Bessie Smith» (Rick Danko, Robertson) 4:18
9. «Clothes Line Saga»   2:58
10. «Apple Suckling Tree»   2:48
11. «Please Mrs. Henry»   2:33
12. «Tears of Rage» (Dylan, Manuel) 4:15
Side tre
# Tittel Lengd
13. «Too Much of Nothing»   3:04
14. «Yea! Heavy and a Bottle of Bread»   2:15
15. «Ain't No More Cane» (tradisjonell) 3:58
16. «Crash on the Levee (Down in the Flood)»   2:04
17. «Ruben Remus» (Manuel, Robertson) 3:16
18. «Tiny Montgomery»   2:47
Side fire
# Tittel Lengd
19. «You Ain't Goin' Nowhere»   2:42
20. «Don't Ya Tell Henry»   3:13
21. «Nothing Was Delivered»   4:23
22. «Open the Door, Homer»   2:49
23. «Long Distance Operator»   3:39
24. «This Wheel's on Fire» (Danko, Dylan) 3:52

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Strong 2006, s. 338.
  2. Griffin 2007, s. 308.
  3. Erlewine
  4. Kot 1992
  5. Christgau 1981.
  6. Larkin 2011.
  7. Flanagan 1991
  8. Hreha 2009
  9. Brackett 2004, s. 262
  10. Polizotti 2006, s. 8
  11. Humphries 1991, s. 185–190
  12. Heylin 1996, s. 82–106
  13. Helm 2000, s. 141–142
  14. Lee 1998, s. 154.
  15. Griffin 2007, s. 40
  16. Scherman 2006
  17. Griffin 2007, s. 46, 52–53
  18. Shelton 1986, s. 426–427
  19. Heylin 2000, s. 268
  20. Wenner, Jann. «Interview with Jann S. Wenner,» Rolling Stone, 29. november 1969, i Cott 2006, s. 143
  21. Heylin 2000, s. 272
  22. Shelton 1986, s. 376
  23. 23,0 23,1 Sounes 2001, s. 221
  24. Heylin 1995, s. 55–56
  25. Griffin 2007, s. 120–158
  26. Marcus 1997, s. 72
  27. Wenner, Jann. «Interview with Jann S. Wenner,» Rolling Stone, 29. november 1969, in Cott 2006, s. 151
  28. Marcus 1997, s. xvi
  29. Heylin 1995, s. 58
  30. Barker 2008, s. 303–305
  31. Marcus 1997, s. 240
  32. Marcus 1997, s. 237–265
  33. Griffin 2007, s. 104
  34. Sounes 2001, s. 222
  35. Heylin 1996, s. 107–108
  36. Shelton 1986, s. 318
  37. Spencer 1985
  38. 38,0 38,1 Heylin 2000, s. 283–284
  39. Hoskyns 1993, s. 137
  40. Gill 1998, s. 112
  41. Marqusee 2005, s. 225
  42. Gray 2006, s. 199
  43. Gray 2006, s. 321
  44. Gray 2006, s. 197
  45. Gray 2006, s. 194
  46. Heylin 1995, s. 61
  47. Griffin 2007, s. 110
  48. Hoskyns 1993, s. 138
  49. Hoskyns 1993, s. 139
  50. Heylin 1996, s. 110
  51. Hoskyns 1993, s. 144
  52. Helm 2000, s. 156
  53. Sounes 2001, s. 209–210
  54. Griffin 2007, s. 229–230
  55. Whitburn 2004, s. 488
  56. Griffin 2007, s. 230
  57. Roberts 1999, s. 278
  58. Roberts 1999, s. 176
  59. Gilliland 1969, show 54, track 3.
  60. Griffin 2007, s. 270
  61. Griffin 2007, s. 280
  62. Wenner 1968, s. 1
  63. Sounes 2001, s. 240
  64. Sounes 2001, s. 478
  65. Griffin 2007, s. 289
  66. Heylin 2000, s. 390
  67. 67,0 67,1 Griffin 2007, s. 293
  68. 68,0 68,1 Griffin 2007, s. 293–294
  69. Bowman 2005
  70. Griffin 2007, s. 293–303
  71. Heylin 1995, s. 67–68
  72. Biograph insert liner notes for «Million Dollar Bash» (Columbia, 1985).
  73. Linderman
  74. Heylin 1995, s. 55
  75. Griffin 2007, s. 304
  76. Warwick 2004, s. 358
  77. 77,0 77,1 Shelton 1986, s. 383–385
  78. Nelson 1975
  79. 1975 Pazz & Jop Critics Poll
  80. Christgau 1975.
  81. Gray 2000, s. 9
  82. Frere-Jones, Sasha (27. oktober 2014). «After the Fall». Arkivert frå originalen den 24. oktober 2017. Henta 1. mai 2018 – via www.newyorker.com. 
  83. 500 Greatest Albums of All Time
  84. Marcus 1975

Kjelder[endre | endre wikiteksten]