Before the Flood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Before the Flood
Konsertalbum av Bob Dylan og The Band
Språk engelsk
Utgjeve 20. juni 1974
Innspelt 13. og 14. februar 1974, utanom spor 4: 30. januar 1974
Spelestad Los Angeles, utanom spor 4 i New York
Sjanger Rock
Lengd 1:32:38
Selskap Asylum
Produsent Bob Dylan og The Band
Bob Dylan-kronologi 
Planet Waves
(1974)
Before the Flood Blood on the Tracks
(1975)
The Band-kronologi
Planet Waves
(1974)
Before the Flood The Basement Tapes
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
Chicago Tribune4/4 stars[2]
Christgau's Record GuideA[3]
CreemA+[4]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[5]
MusicHound2/5[6]
PopMatters5/10[7]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 stars[8]
Sputnikmusic4.5/5[9]

Before the Flood er eit konsertalbum av Bob Dylan og The Band gjeve ut i juni 1974Asylum Records. Det nådde tredjeplass i USA, åttandeplass i Storbritannia og sjetteplass i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv før turneen starta var det planlagt eit konsertalbum. Mange songar frå konsertane vart spelte inn. Då det var tid for å sette saman albumet vart dei fleste av innspelingane tekne frå dei tre siste konsertane i Los Angeles Forum i Inglewood i California. Etter at turneen var over, vart Rob Fraboni og Phil Ramone leig inn for å redigere og mikse innspelingane, som òg var henta frå konsertane i New York City, Seattle og Oakland.

Tittelen på albumet trur ein kjem frå romanen Farn Mabul av den jiddiske forfattaren Sholem Asch. Dylan var ein ven av Moses Asch, sonen til Sholem og grunnleggjaren av Folkways Records, eit plateselskap som hadde stor innverknad på Dylan tidleg i livet hans. Ein annan teori er at tittelen (som tyder «før flaumen») på albumet syner til at konsertalbumet kom ut før den uungåelege flaumen piratopptak kom ut på marknaden.

Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum på selskapet til Dylan, Asylum Records. Dette førte til strid med The Band, som på denne tida kjempa for å samle inn nok materiale for å fullføre kontrakten deira med Capitol Records.

Before the Flood fekk generelt positiv kritikk og ei kritikarrøysting i Village Voice, Pazz & Jop for 1974 plasserte albumet på sjetteplass.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde. Side ein og fire er framførte av Bob Dylan og The Band. Side to og spor fire til seks på side tre er av The Band. Spor ein til tre på side tre er av Bob Dylan aleine..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)»4:15
2.«Lay Lady Lay»3:14
3.«Rainy Day Women 12 & 35»3:27
4.«Knockin' on Heaven's Door»3:51
5.«It Ain't Me, Babe»3:40
6.«Ballad of a Thin Man»3:41
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Up on Cripple Creek» (Robbie Robertson)5:25
8.«I Shall Be Released»3:50
9.«Endless Highway» (Robertson)5:10
10.«The Night They Drove Old Dixie Down» (Robertson)4:24
11.«Stage Fright» (Robertson)4:45
Side tre
Nr.TittelLengd
12.«Don't Think Twice, It's All Right»4:36
13.«Just Like a Woman»5:06
14.«It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)»5:48
15.«The Shape I'm In» (Robertson)4:01
16.«When You Awake» (Richard Manuel/Robertson)3:13
17.«The Weight» (Robertson)4:47
Side fire
Nr.TittelLengd
18.«All Along the Watchtower»3:07
19.«Highway 61 Revisited»4:27
20.«Like a Rolling Stone»7:09
21.«Blowin' in the Wind»4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Before the FloodAllmusic
  2. Kot, Greg (25. oktober 1992). «Dylan Through The Years: Hits And Misses». Chicago Tribune. Henta 25. november 2018. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Bob Dylan». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Da Capo Press. ISBN 0-306-80409-3. 
  4. Christgau, Robert (October 1974). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 25. november 2018. 
  5. Larkin, Colin (ed.) (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th edn). London: Omnibus Press. s. 853. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  6. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, Michigan: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  7. Hreha, Scott (25. juni 2009). «Bob Dylan: New Morning / The Basement Tapes / Before the Flood / Dylan & the Dead». PopMatters. Arkivert frå originalen 22. januar 2014. Henta 25. november 2018. 
  8. Rolling Stone Album Guide
  9. Thomas, Adam (14. april 2009). «Review: Bob Dylan – Before the Flood». Sputnikmusic. Henta 25. november 2018.