Hopp til innhald

Karen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Karen (fleirtyding)
Minnestein for Karen Jeppe med inskripsjonen «Karen Jeppe, Armeniernes moder».
Den danske adelskvinna Karen Marsvin levde på 1600-talet. Måleri av Karel van Mander.

Karen er eit personnamn som kan brukast av begge kjønn i ulike samanhengar. I Norden er det best kjend som eit kvinnenamn danna som ei dansk form av Katarina, med tydinga 'rein'. I armensk tradisjon er det eit mannsnamn danna som ei kortform av Karekin.

Karen har norsk namnedag den 2. august. Nærskylde namn er Kaia, Karin og Katrin.

Namnet har lenge vore kjend i Norden. I nyare tid i Noreg var bruken størst i 1880-åra, då over 2,0 % av nyfødde jenter kunne døypast dette. Bruken gjekk nedover framover mot 1960, då han stabiliserte seg på rundt 0,3 %. I 2010 var det 7 273 norske kvinner som heitte Karen.

I Danmark var Karen eit svært populært namn under første halvdelen av 1900-talet. I 2007 heitte 1 % (31&nsbp;973) av danske kvinner Karen. Det er framleis svært mykje brukt på Grønland, der 2 % (501) av kvinner heitte Karen i 2004.

Frå 1940-talet blei Karen også utbreidd i den engelskspråklege verda, og på 1950- og 1960-talet var det blant dei ti mest brukte jentenamna i USA.[1]

Namnet er kjend frå omgrep som karenmesse og karensdag. Innan norsk litteratur kjenner ein det særleg frå novellene «Karen» av Alexander Kielland og «Karens Jul» av Amalie Skram.

Namneberarar

[endre | endre wikiteksten]
Kim Friele, opphavleg Karen-Christine.
Sjakkspelaren Karen Asrian.