Kfar Giladi
Kfar Giladi | |
landsby | |
Huset til grunnleggjarane
| |
Land | ![]() |
---|---|
Distrikt | Nord distrikt |
Kommune | Øvre Galilea |
Koordinatar | |
Folketal | 499 (2008) [1] |
Grunnlagd | 1916 |
- Grunnlagd av | Hashomer-medlemmar |
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla |
Wikimedia Commons: Kfar Giladi | |
Kfar Giladi (hebraisk skrift כְּפַר גִּלְעָדִי, tyder Giladilandsbyen) er ein kibbutz på Galileastripa nord i Israel.[2] Han ligg sør for Metula i Naftalifjella ovanom Huladalen og langs den libanesiske grensa, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Kibbutz Giladi vart grunnlagd i 1916 av medlemmar frå Hashomer på landområde som høyrte til Jewish Colonization Association. Han vart kalla opp etter Israel Giladi, som var med på grunnlegginga av Hashomer-rørsla. Grensene i området vart justert av britane og franskmennene og i 1919 gav britane frå seg den nordlege delen av Øvre Galilea med Tel Hai, Metula, Hamra og Kfar Giladi til franske styresmakter. Etter det arabiske åtaket på Tel Hai i 1920, vart landsbyen for ei stund fråflytta. Ti månader seinare kom nybyggjarane attende. Fleire gamle bygningar står i dag i kibbutzen til minne om dei tidlegare slaga på staden, både før og under den israelsk-arabiske krigen i 1948.
Mellom 1916 og 1932 var folketalet i 40–70. I 1932 tok kibbutzen i mot 100 nykomarar, hovudsakleg unge immigrantar. Frå 1922 til 1948 vart mellom 8 000–10 000 jødiske immigrantar smugla inn i Palestina gjennom Kibbutz Giladi, etter at Mandatstyresmaktene la ned forbod mot jødisk immigrasjon.[3] Immigrantane kom frå Syria, Libanon, Tyrkia, Irak, Afghanistan og Aust-Europa.
I ein operasjon kalla Mivtzah HaElef, vart 1 300 jødiske barn smugla ut av Syria mellom 1945 og 1948. I kibbutzen vart barna kledde i arbeidarklede og gøymde i hønsebur og fjøs.[3]
6. augsut 2006, under Libanonkrigen i 2006, vart 12 reservesoldatar i det israelske forsvaret drepne etter at dei art råka av ein Katyusha-rakett frå Hizbollah i Sør-Libanon.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kfar Giladi» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2008. Henta 30. mars 2015.
- ↑ A fine and public place, Haaretz
- ↑ 3,0 3,1 Eli Ashkenazi, "Kibbutz celebrates past as pre-state gateway to Holy Land", Haaretz, 24. desember 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad (he)
- Kfar Giladi - Jewish Agency for Israel