Klima i Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Satellittbilete av Europa

Klimaet i Europa er roleg samanlikna med andre landmassar på same breiddegrader. Området vert sjeldan råka av alvorlege uvêr eller ekstreme vêrsituasjonar. I Nord-Amerika har ein tornadoar, orkanar og snøstormar, medan land som Kina kan få både ekstrem varme og brutal kulde. I Europa kan eit temperaturfall på 10 grader frå ein dag til den neste vere ein signifikant vêrendring, medan dette ikkje er uvanleg i USA.

Temperatur[endre | endre wikiteksten]

Madrid ligg på same breiddegrad som New York City (om lag 40,5ºN), medan København er nærare Nordpolen enn det Patagonia lengst sør i Sør-Amerika er Sørpolen. Likevel har Europa eit temperert klima, og dette kjem av den milde og fuktige lufta som strøymer inn over Europa frå Atlanterhavet i vest. Europa har ikkje store fjellkjeder som Rocky Mountains i Nord-Amerika eller Andesfjella i Sør-Amerika som hindrar den vestlege vinden å blese denne milde havlufta langt inn på kontinentet. Europa har heller ikkje store landmassar nord for seg som kan sende iskalde kuldebølgjer sørover, slik ein ser i Canada, USA og Mexico kvar vinter. Kald luft kan derimot innimellom strøyme vestover frå Russland og Sibir og gje svært kalde forhold i store delar av Europa. Ein har sjeldan trykkande varme i nordlege og sentrale område av Europa, men sør for Alpane er det derimot annleis. Når Middelhavet vert varma opp om sommaren kan Spania og Hellas få steikande varme. Av og til kan tørr og varm vind frå Sahara strøyme nordover på kontinentet og gje høge temperaturar òg nord for Alpane.

Nedbør[endre | endre wikiteksten]

Sidan Atlanterhavet i stor grad påverkar klimaet i Europa kunne ein forvente at Europa i det store og heile har eit fuktig klima. Nordlege og sentrale delar av Europa får ein god del regn og snø gjennom heile året, men store delar av kontinentet får ikkje dei store mengdene. Det meste av kontinentet nord for Alpane, frå Frankrike via Tyskland til Russland har ein nedbørsnormal som er mindre enn 1000 mm i året. Paris og London har enno mindre, berre om lag 600 mm i året, noko som er mindre enn til dømes New York City, San Francisco og Sydney.

I andre delar av verda vil dette ha vore altfor lite nedbør til å halde liv i jordbruket og plantelivet ein finn over heile Europa. Sidan Europa ligg på så pass høge breiddegrader hindrar dette sola i å svi plantene og tørke opp jorda. I tillegg vil den relativt høge fukta og det omfattande skydekket hindre regnet i å raskt fordampe frå jordoverflata. Nedbøren kjem som regel heller ikkje styrtande ned i store mengder som renn raskt vekk frå overflata, men i små mengder i form av yr og lett regn som gjev jordoverflata god tid til å absorbere vatnet. Det finst derimot unntak, og langs vestkysten av Dei britiske øyane og Skandinavia kan det regne i store mengder over lang tid. Vestlandet og austkysten av Adriahavet er dei våtaste områda i heile Europa (og eit av dei våtaste på den nordlege halvkula utanfor tropane og land med monsunklima), og byane Førde og Bergen er dei våtaste byane. Enkelte område på Vestlandet har ein nedbørsnormal på over 3000 mm i året.

Alpane fører til fleire forskjellige vêrsituasjonar rundt seg, medan Spania med sine fjellområde, høge platå og store havområde på begge sider har mange forskjellige typar lokalklima. Sjølv land med meir einsarta topografi, som Belgia og Nederland, kan ha forholdsvis store endringar i vêret frå dag til dag på grunn av lågtrykk (ekstratropisk syklon) som kjem inn frå vest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Henson, Robert: The Rough Guide to Weather. Rough Guides 2002.