Kokhav Ya'ir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°13′41″N 35°00′02″E
Kokhav Ya'ir
כּוֹכַב יָאִיר, Kochav Yair
lokal kommune
KokhavYair.JPG
Namneopphav: Kalla opp etter Abraham «Yair» Stern
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°13′41″N 35°00′02″E
Areal 3,072 km²
Folketal 11 050 (2008)
Folketettleik 3 597 / km²
Grunnlagd 1986[1]
Borgarmeister Shimi Eliel
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kokhav Yair

Kokhav Ya'ir-Tzur Yigal (hebraisk skrift כּוֹכַב יָאִיר-צוּר יִגְאָל, òg Kochav Yair-Tzur Yigal) er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel. Kokhav Ya'ir og nabobyen Tzur Yigal (hebraisk skrift צוּר יִגְאָל) vart slått saman i november 2003. Totalt var folketalet i 2008 på 11 050.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kokhav Ya'ir

Kochav Ya'ir vart grunnlagd i 1981 av 15 familiar som budde i midlertidige hus. To år seinare byrja arbeidet med infrastruktur for ein permanent by. I 1986 flytta 550 familiar til permanente hus og byen vart offisielt grunnlagd.[1] Tzur Yigal vart grunnlagd i 1991, og dei første familianr flytta inn permanente hus sommaren 1994.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Kokhav Ya'ir (tyder «Ya'ir-stjerna») vart kalla opp etter Abraham Stern, som gjekk under namnet Ya'ir. Han grunnla og leia Lehi-gruppa, ei militant, jødisk undergrunnsgruppe under Palestinamandatet. Stern er òg tysk for «stjerne». Tzur Yigal (tyder «Yigal-berget») var kalla opp etter Yigal Cohen, som var medlem i Knesset.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kochav Ya'ir ligg kring 7 km nord-nordaust for byen Kfar Saba. I området rundt ligg kibbutzen Eyal i sørvest, kring 2 km nordvest ligg den israelsk-arabiske byen Tira og kring 1 km mot sør ligg den palestinsk-styrte byen Qalqilyah. Kochav Yair ligg sentralt i Israel, innafor Den grøne linja sør på Sharonsletta. Kochav Ya'ir ligg 95 meter over havet. Utsiktspunktet Sapir i Kokhav Ya'ir trekkjer til seg fuglekikkarar som kjem for å sjå på dei mange trekkfuglane i området.

Kokhav Ya'ir, som sett frå Tzur Natan.
Kokhav Ya'ir, som sett frå Tzur Natan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kokhav Ya'ir Historie» (på hebraisk). Kokhav Ya'ir kommune website. Henta 2009-08-21. 
  2. «Statistical population data» (PDF) (på hebraisk). Israel Ministry of Interior. January 2009. Henta 6. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]