Kafr Qasim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°6′54″N 34°58′30″E
Kafr Qasim
كفر قاسم, כַּפְר קָסִם, כפר קאסם, Kafar Qasem, Kufur Kassem
by
Kafr Quasim Memorial, Israel.jpg
Monument i Kafr Qasim til minne om ofra i massakren i 1956.
Namneopphav: Landsbyen Kasim[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°6′54″N 34°58′30″E
Areal 9,15 km²
Folketal 21 100 (2012)
Folketettleik 2 306 / km²
Grunnlagd 1800-talet
 - Bystatus 2008
Borgarmeister Adel Badir
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kafr Qassem

Kafr Qasim (hebraisk skrift כַּפְר קָאסִם, arabisk كفر قاسم), òg kalla Kafr Qassem, Kufur Kassem, Kfar Kassem og Kafar Kassem, er ein israelsk-arabisk by som ligg kring 20 km aust for Tel Aviv, nær Den grøne linja mellom Israel og Vestbreidda, i den sørlege delen av «Triangelet» av arabisk-israelske byar og landsbyar. Byen vart kjend for Kafr Qasim-massakren, der israelsk grensepoliti tok livet av 48 sivile den 29. oktober 1956. Den 12. februar 2008 fekk Kafr Qasim bystatus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore folkesett sidan antikken og ein har gjort arkeologiske funn som går attende til romartida. Den moderne byen vart grunnlagd på 1600-talet av innbyggjarar frå den nærliggande landsbyen Mes'ha.[treng kjelde]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1870, under Det osmanske riket vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsby, som han kalla Kafr Kasim. Han fann staden å vere «ein eldgamal by, som cisternene og steinhaugane utafor dagens landsby syner».[2] Landsbyen hadde kring fire hundre innbyggjarar.[3]

I 1882skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som ein mellomstor landsby, hovudsakleg av adobe, på ein låg ås i ope lende. Ei grav skore ut berget låg sør for landsbyen.[4]

Palestinamandatet[endre | endre wikiteksten]

I 1917 under fyrste verdskrigen vart Kafr Qasim (i lag med resten av omrdet) erobra frå det herskande osmanske riket av den britiske arméen og vart seinare ein del av Palestinamandatet.

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Kafr Qasim er kjend som staden der det israelske militæret ikkje kom lenger fram under den arabisk-israelske krigen i 1948. I 1949 annekterte Israel byen i samband med våpenkvileavtalen, som enda krigen.

Kafr Qasim vart kjend på grunn av massakren som vart utført av det israelske grensepolitiet (MAGAV) den 29. oktober 1956, då 49 sivile personar vart skotne. Massakren er framleis eit ope sår mellom landsbybuarane og resten av det israelske samfunnet.[treng kjelde]. I 1959 fekk byen status som lokal kommune.

I nyare år er byen kjend som staden der sjeik Abdullah Nimar Darwish starta Den islamske rørsla.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1931 hadde Kafr Qasim 241 busette hus og eit folketal på 989 muslimar.[5]

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde byen 21 100 hovudsakleg muslimske innbyggjarar mot slutten av 2012.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 230
  2. Guérin, 1875, s. 141, som sitert i Conder og Kitchener, 1882, s. 324
  3. Guérin, 1875, s. 141
  4. Conder og Kitchener, 1882, s. 285
  5. Mills, 1932, s. 64
  6. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population». Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 12. april 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]