Tira i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tira
טִירָה, الطـّيرة, Tire
by
Våpenskjold
Namneopphav: The High Land
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°13′56″N 34°56′54″E
Areal 11,89 km²
Folketal 22 600  (2009)[1]
Folketettleik 1 901 / km²
Borgarmeister Mamoun Abd al-Hay
Kart
Tira i Israel
32°13′58″ N 34°57′1″ E
Wikimedia Commons: Tira

Tira (arabisk الطـّيرة, al-Tira, hebraisk skrift טִירָה, tyder «Fortet»[2] er ein hovudsakleg arabisk by i Det sentrale distriktet i Israel. Mot slutten av 2009 hadde byen eit folketal på 22 600.[1] Han er ein del av Triangelet, ei samling av israelsk-arabiske byar og landsbyar nær Den grøne linja.

Vegen inn i Tira frå sør.

Tira ligg nær Kfar Saba, ein større jødisk by, og er velkjend i området for den vekentlege utandørsmarknaden, i tillegg til sin arabiske mat.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1100-talet, under krossfarane, vart landsbyen eigd av Johannesordenen. Han vart leigd ut til Robert av Sinjil og arvingane hans. På 1300- og 1400-talet var Tira stoppestad på vegen mellom Gaza og Damaskus,[3] og det vart bygd ein khan.[4]

Seint på 1800-talet vart Tira skildra som: «Ein lett synleg landsby på ein knaus på ei slette, omgjeve av oliven, med ein brunn på vestsida.»[5]

I folketeljinga i 1931 hadde Tira 380 busette hus og eit folketal på 2 190 muslimar og to kristne.[6] I 1945 hadde han 3 180 arabiske innbyggjarar, som i alt eigde 26 803 dekar land.[7]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Tira er venskapsby med:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 12. april 2015. 
  2. Palmer, 1881, s.194
  3. Petersen, 2001, s. 307, citing al-Zahri ed. Ravaisse, 199, Hartmann 1910, 689
  4. Petersen, 2001, s.307, citing al-Umari ed. Shams al-Din
  5. Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 166
  6. Mills, 1932, s. 58
  7. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s.77

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]