Tzoran-Kadima
| Tzoran-Kadima | |||
| lokal kommune | |||
|
|||
| Namneopphav: Silisium-Framover | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Sentral | ||
| Koordinatar | 32°16′40″N 34°54′55″E / 32.27778°N 34.91528°E | ||
| Areal | 10,372 km² | ||
| Folketal | 16 800 (2009)[1] | ||
| Folketettleik | 1 620 / km² | ||
| Grunnlagd | 2003 (samanslåing) | ||
| • Bystatus | 2003 | ||
| Borgarmeister | Shavit Mass | ||
![]() Tzoran-Kadima 32°16′40″N 34°54′55″E / 32.277777777778°N 34.915277777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Tzoran-Kadima | |||
Tzoran-Kadima (hebraisk skrift צוֹרָן-קָדִימָה), òg kalla Kadima-Tzoran, er ein lokal kommune i Sentral-Israel i Israel. Han vart danna i 2003 då Tzoran og Kadima vart slått saman til éin kommune.
Folketalet i Tzoran-Kadima var i desember 2009 16 800,[1] opp frå 15 700 i slutten av 2004. Dei fleste av innbyggjarane er jødar.
I Tzoran-Kadima ligg museet «Ta'am Shel Pa'am» ('Ein smak av det gamle') som fortel historia til busetnaden.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kadima
[endre | endre wikiteksten]Kadima vart grunnlagd den 5. juli 1933 som eit jordbrukssamfunn etter initiativ frå Yehoshua Hankin. Dei fleste nybyggjarane var tyske immigrantar.[2] Kadima vart erklært ein lokal kommune i 1950, og slått saman med Tzoran i 2003.
Kadima tyder «framover» på hebraisk, og kjem frå eit bibelvers (Habakkuk 1:9).[2]
Tzoran
[endre | endre wikiteksten]Tzoran, som tyder silisium, vart grunnlagd i 1992 og planlagt av arkitekten Rachel Walden. Busetjinga vart kalla opp etter ein hashmoneisk by som hadde lege i området. Han vart først busett i 1994 og erklærte ein lokal kommune i 1997, fram til han vart slått saman med Kadima i 2003.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tzoran-Kadima» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 2011-05-30.
- 1 2 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 829. ISBN 965-448-413-7.


