Zemer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°22′1.28″N 35°2′7.05″E
Zemer
زيمر, זמר
lokal kommune
Marjaa.jpg
Namneopphav: Khurbet Ibthan; som tyder «Hageruinar» eller «blaut jord»[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°22′1.28″N 35°2′7.05″E
Areal 8,203 km²
Folketal 5 700 (2009) [2]
Folketettleik 695 / km²
Grunnlagd 1988 (samanslåing)
 - Bystatus 1988
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Zemer

Zemer (hebraisk skrift זמר; arabisk زيمر) er ein arabisk lokal kommune i Sentral-Israel i Israel. Han ligg i det arabiske triangelet mellom Baqa-Jatt og Bat Hefer. Zemer vart danna då fire landsbyar - Yama, Bir as-Sika, Ibtan og Marja - vart slått saman i 1988.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yama og Ibtan stod oppført i osmanske skattelister i 1596 i høvesvis Qaqun nahiya og Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Yama hadde eit folketal på 18 muslimske hushaldningar og 5 ungkarar, medan Ibtan stod oppført som folketom, sjølv om det vart betalt skatt.[3]

I 1882 omtalte Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine berre Khurbet Ibthan, med «spor av ruinar og ein brunn».[4]

Før 1948 vart dei fire landsbyane styrt av den palestinske byen Deir al-Ghusun.[5]

Folketalet i Zemer var mot slutten av 2009 5 700,[2] over eit område på 8 203 mål.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 185
  2. 2,0 2,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 30. mai 2011. 
  3. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 127 138. 
  4. Conder og Kitchener, 1882, s. 196
  5. Tulkarm distrikt Stats from Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine (1970) Hadawi, Sami. The Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
  6. «Local Authorities i Israel 2005, Publication #1295 - Municipality Profiles - Zemer» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. Henta 9. juni 2008.  (he)