Modi'in-Maccabim-Re'ut
Modi'in-Maccabim-Re'ut | |||
מוֹדִיעִין-מַכַּבִּים-רֵעוּת | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | |||
Areal | 50,176 km² | ||
Folketal | 74 300 (2010) [1] | ||
Folketettleik | 1 481 / km² | ||
Grunnlagd | 2003 (samanslåing) 1993 (Modi'in) 1985 (Maccabim) 1987 (Re'ut) | ||
- Bystatus | 2003 | ||
Borgarmeister | Haim Bibas | ||
![]() Modi'in-Maccabim-Re'ut | |||
Wikimedia Commons: Modi'in-Maccabim-Re'ut | |||
Nettstad: http://www.modiin.muni.il | |||
Modi'in-Maccabim-Re'ut (hebraisk skrift מוֹדִיעִין-מַכַּבִּים-רֵעוּת) er ein by som delvis ligg i Israel og delvis i ingenmannsland mellom Israel og den israelskokkuperte Vestbreidda.[2][3] Han vart grunnlagd i 2003 Modi'in og Maccabim-Re'ut vart slått saman. Modi'in ligg kring 35 km søraust for Tel Aviv og 30 km vest for Jerusalem, og har samband til desse via hovudveg 443. I 2008 var folketalet 75 000.[4]
Etymologi[endre | endre wikiteksten]
Namnet «Modi'in» kjem frå landsbyen «Modi'im» av høgstepresten Mattathias og dei fem sønene hans, som låg i området som den moderne byen ligg. Namnet «Maccabim» er hebraisk for makkabearane og er eit vanleg kallenamn for Mattathias og dei fem sønene hans.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Modi'in[endre | endre wikiteksten]
Det gamle Modi'in var staden det jødiske hashmoneiske dynastiet oppstod. Dei regjerte over Judea i det første og andre hundreåret fvt., og er staden der Makkabearopprøret mot dei greske selevkidane starta.
Dagens Modi'in ligg på staden nær den gamle Modi'in som vart skildra i Talmud, men den eksakte plasseringa er uviss. Mogelege stader er Suba, Umm el-'Umdan nær Hovudveg 20 til Canada Park og Latrun, al-Midya og Khirbet el-Burj (Titura).[5][6][7]
Bygginga av dagens Modi'in starta i 1993. Han er ein moderne planlagd by med høg standard for byplanlegging. Miljøsaker og framtidi vekst vart teken omsyn til tidleg i planlegginga. Grøne område var ein del av byplanen og utgjer 50% av området innafor bygrensene. Det langvarige målet er å få innbyggjartalet opp i 240 000. Så langt er det godkjend planar for 120 000 innbyggjarar.
Modi'in har vorte ein magnet for innbyggjarar i Jerusalem som er misnøgd med det veksande Haredi-preget til hovudstaden.[8] Tusenvis av innbyggjarar frå Rosh HaAyin, Lod og Ramla har òg flytta til Modi'in.[8] I 2008 vart det avgjort å stoppe veksten til Modi'in slik at Lod og Ramla kunne få utvikle seg.[8] Byen vart planlagt av den kjende arkitekten Moshe Safdie.
Maccabim-Re'ut[endre | endre wikiteksten]
Prosjektet som grunnla Maccabim i 1985 vart leia av den internasjonale Maccabi-organisasjonen, medan den nærliggande Re'ut vart grunnlagd i 1987 av offiserar frå Det israelske forsvaret. Stadane vart slått saman til Maccabim-Re'ut i 1990.
Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]
Modi'in-Maccabim-Re'ut er venskapsby med:
Hagen i Tyskland sidan 1997
Banja Luka i Bosnia-Hercegovina sidan 2010[9]
Haikou i Hainan provins i Kina, sidan 2013.[10][11]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Modi'in-Maccabim-Re'ut» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014.
- ↑ «Israel blasts EU listing». UPI.com. Henta 12. oktober 2014.
- ↑ «European Union: Parts of Modi'in do not belong to Israel», haaretz.com
- ↑ «Was building city of Modi'in a mistake?», haaretz.com
- ↑ Shimon Gibson, ASOR Newsletter 49-1 (1999) s. 16-17
- ↑ Shlomit Weksler-Bdolah, ASOR conference 2003, arkivert frå originalen 2008-07-25, henta 25. juni 2015
- ↑ Josva Schwartz, Lod (Lydda), Israel: from its origins through the bysantinsk period, 5600 fvt. - 640 C.E, Oxford University Press, 1991, s. 61-63.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 Was building city of Modi'in a mistake?
- ↑ «Градови партнери» [City of Banja Luka - Partner cities]. Administrative Office of the City of Banja Luka (på Serbian). Arkivert frå originalen 2011-09-17. Henta 9. august 2013.
- ↑ 中国地方政府代表团访问以色列
- ↑ מרכז השלטון המקומי - ברוח של שיתוף פעולה:הסתיים בהצלחה ביקורה של משלחת סינית בכירה, arkivert frå originalen 2013-10-10, henta 25. juni 2015
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- Offisiell nettstad (he)