Kafr Bara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°7′50″N 34°58′19″E
Kafr Bara
كفر برا, כַּפְר בַּרָא (arabisk), Kafar Bara, Kfar Bara
lokal kommune
Namneopphav: Khirbet Kafr Bara, «Ruinane av landsbyen Bara»[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°7′50″N 34°58′19″E
Areal 9,387 km²
Folketal 2 600 (2005)
Folketettleik 277 / km²
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kfar Bara

Kafr Bara eller Kfar Bara (arabisk كفر برا; hebraisk skrift כַּפְר בַּרָא) er ein israelsk-arabisk lokal kommune i Sentral-Israel. Den vesle byen ligg nær Den grøne linja, og vert ofte rekna som ein del av Det vesle triangelet i lag med Kafr Qasim og Jaljulia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne keramikk og glas frå romartida (100-talet) og tidleg bysantinsk tid (300- til 400-talet) i ei gravgrotte i Kafr Bara.[2] Arkeologiske utgravingar har avdekt funn frå ein landleg busetnad frå bysantinsk og tidleg islamsk tid (500- til 800-talet).[3]

I 1596 stod Kafr Bara oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa . Han hadde eit folketal på 20 muslimske hushaldningar. Han betalte skattar av kveite, bygg, sommaravlingar, og geiter eller bikubar.[4]

I 1945 var folketalet i Kafr Bara på 150, alle arabarar, som eigde 3 959 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[5] Av dette var 10 mål for sitrus og bananar, 12 var plantasjar og irrigert land, 1 841 nytta for korn,[6] medan 14 dekar vart utbygd (urbant) land.[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 234
  2. Masarwa, 2008, Kafr Bara Final Report
  3. Abu Fana, 2008, Kafr Bara Final Report
  4. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 131. 
  5. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 75
  6. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 126
  7. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 176

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]