Kulisteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kulisteinen i Vitskapsmuseet i Trondheim.
Foto: Arne Kvitrud, 2011

Kulisteinen er ein runestein som stod på KuløyaSmølaNordmøre i Møre og Romsdal fylke. Steinen stod på Kuløy på Smøla i over 900 år, men i 1913 vart han fjerna og frakta til Vitskapsmuseet i Trondheim. Det står no ein kopi av originalen på Kuli, på staden der den opphavlege steinen stod før.[1]

Kopien av Kulisteinen som no står på Kuli.

Kulisteinen er ein del av Noregs dokumentarv.[2] Han inneheld den eldste bruken av namnet Noreg på norsk jord, og er blitt kalla dåpsattesten til landet.[1]

Skildring av steining[endre | endre wikiteksten]

Steinen er ca. to meter høg og rektangulær stein på 13 gonger 23 cm. Steinmaterialet er gneis. Det er rissa inn to linjer på steinen. Den øvste, A, er 112 cm lang og den nedste, B, er 111 cm lang.[3]

Inskripsjon[endre | endre wikiteksten]

Han har ein kross på breisida, noko som tyder på at han hadde vore ein kristen markeringsstein. I 1956 oppdaga kurator Aslak Liestøl at steinen òg har ein runeinskripsjon langs den smale kanten.

Runeteksten med latinske bokstavar:

þurir : auk : hal(u)arþr : rai(s)(t)(u) * stain : þins(i) * aft u(l)f(l)iu(t) ...
tualf * uintr * ha(f)(þ)i : (k)r(i)(s)(t)(i)(n)*(t)umr : (u)iri(t) * (i) n(u)riki ...[4]

Runeteksten på gammalnorsk:

Þórir ok Hallvarðr reistu stein þenna ept Ulfljót(?) ...
Tolf vetr hafði kristindómr verit í Nóregi ...[4]

Teksten har vorte tolka til:[5]

Tore og Halvard reiste denne steinen etter Ulv...
Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg...

Den siste setninga er omtolka av Jan Ragnar Hagland [6]:

Tolv vintrar hadde kristendommen betra (ting) (um rett) i Noreg.

På midten av 1990-talet vart inskripsjonen undersøkt av Jan Ragnar Hagland med laserskanning og mikrokartografi i håp om å koma fram til ei sikrare tolking. Det vart då lagt fram forslag om at eit ord som tidlegare hadde vorte tolka som «vore» på norrønt burde lesast som «um rétt», noko som i tida rundt innføringa av kristendomen kunne tyda «å syta for lov og rett» for «tolv år». Men det er knytt vanskelege paleografiske og filologiske problem til den nye tolkinga[treng kjelde].

Datering[endre | endre wikiteksten]

Det er sett fram fleire hypotesar om når og kvifor steinen vart reist:

  • Ei datering av Kulisteinen er lagt til 1034, på grunn av at ein trur at steinen er like gamal som ei gangbru som i 1984 vart utgraven i ei myr rett nord for steinen og som ved hjelp av dendrokronologi (treringdatering eller årringdatering) er datert til 1034. Fridtjov Birkeli[7] meinte at Kulisteinen kunne vera frå 900-talet.
  • Den eine hypotesen går ut på at steinen vart reist i samband med at Håkon den gode rundt 950-955 freista å innføra kristendomen.
  • Ein annan hypotese er at steinen vart reist i samband med kristningsforsøket til Olav Trygvasson og at det er eit samband mellom steinen og tinget på DrageidetStadtlandet i 996 eller 997. Ifylgje til Snorre Sturlason[treng kjelde] skal folket på tinget ha akseptert kristendommen; dette er fyrste gong Snorre nemner at ein del av Noreg vart kristna. Om dette stemmer kan det vera at Kulisteinen vart reist ei gong mellom 1005 og 1010.
  • Ei tredje hypotese er knytt til kristningsforsøket til Olav Haraldsson, den seinare Olav den heilage, og til tinget på Moster i Sunnhordland ein gong på 1020-talet, kanskje til 1024. Ifylgje Snorre skal kristninga av heile Noreg ha vore «fullført» ved dette tidspunktet[treng kjelde]. Om det er tilfellet vart Kulisteinen reist på midten av 1030-talet, noko som stemmer med gangbrua frå 1034, under føresetnad om at steinen og gangbrua er like gamle.
  • Innskrifta ber tydeleg preg av angelsaksisk språk, så ho kan ha vore laga av ein tospråkleg misjonær og fungert som propaganda for kristendommen. Om ein legg ei filologisk tolking til grunn er det ting som tyder på at runeinskripsjonen er eldre enn midten av 1030-talet, noko som gjer det truleg at steinen vart rissa og reist tidleg på 1000-talet, kanskje rett etter at Olav Trygvasson døydde i år 1000 i slaget ved Svolder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Fossen, Christian, «Vitenskapsmuseet: Kulisteinen», www.ntnu.no (på bokmål), henta 28. februar 2019 
  2. «NTNU Vitenskapsmuseet / Runeinnskrift på Kuli-steinen ved Kristiansund ca. år 1000». Norsk kulturråd. Henta 29. november 2014. 
  3. Det hendte på Nordmøre. Trondheim: E. Skjølberg. 1992. 
  4. 4,0 4,1 Project Samnordisk Runtextdatabas Svensk - Rundata for N 449.
  5. Fossen, Christian. «Vitenskapsmuseet: Kulisteinen». www.ntnu.no (bokmål). Henta 22. februar 2017. 
  6. Sigurðsson Jón Viðar (2003): Kristninga i Norden 750-1200, Oslo, Samlaget, side 97.
  7. Birkeli, Fridtjov (1995). Tolv vintrer hadde kristendommen vært i Norge, Verbum forlag, side 48.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]