Kurt Mosbakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kurt Mosbakk
Fødd21. november 1934 (87 år)
Orkdal
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedHarvard University
Norges handelshøyskole

Kurt Mosbakk (fødd 21. november 1934) i Orkdal er ein norsk tidlegare offentleg tenestemann og Arbeidarparti-politikar. Han er utdanna siviløkonom, og var konsulent 1959–1968, kontorsjef i AOF 1968-1969 og i LO 1969–1974, fylkeskontorsjef i Finnmark 1974–1975, fylkesrådmann i Finnmark 1976–1986, fungerande fylkesmann i Finnmark i 1990, samt fylkesrådmann i Østfold 1988–1997. Han var spesialrådgjevar i Østfold fylkeskommune 1997–1999.

Mosbakk var nestformann i AUF 1964–1967, personleg sekretær i Forsvarsdepartementet 1964–1965, medlem av Akershus fylkesting 1972–1974, varaordførar i Lørenskog 1972–1974, og formann i Akershus Arbeidarparti 1969–1974.

Kurt Mosbakk var statsråd og sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet 9. mai 1986 - 31. desember 1987 (handelsminister) i Gro Harlem Brundtland si andre regjering. Han var deretter handelsminister og sjef for Handelsavdelinga i Utanriksdepartementet 1. januar 1988 - 13. juni 1988 i same regjering.

Kurt Mosbakk mottok Kongens fortenstmedalje i gull i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]