Arne Skauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Arne Skauge
Fødd 27. januar 1948

Bergen

Arne Skauge (fødd 27. januar 1948 i Bergen) er ein norsk tidlegare politikar for Høgre. Han var utdanna siviløkonom frå NHH i 1971.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Arne Skauge hadde to periodar som statsråd i Kåre Willoch si regjering:

I perioden 31. august 1984 - 25. april 1986 var han statssekretærStatsministerens kontor.

Han var så finansminister på nytt i perioden 16. oktober 1989 - 3. november 1990 i Jan P. Syse si regjering.

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Arne Skauge var vararepresentant til Stortinget for Hordaland i perioden 1973-1977, og var fast representant i dei fire påfølgjande periodane, åra frå 1977 til 1993.

Yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

I åra 1971-1976 var han konsulent ved Viak A/S samfunnsplanlegging. Han var så personalsjef i Bergen kommune 1976-1978.

I perioden 1993-1998 var han konserndirektør og divisjonsdirektør i ulike avdelingar av Den norske Bank. 1998-2000 var han administrerande direktør i Den norske bankforening. Sidan 2000 har han vore administrerande direktør i Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.