Hallvard Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hallvard Bakke
Fødd 4. februar 1943

Flesberg

Parti Arbeidarpartiet
1. verv Norsk handelsminister
 - periode 15. januar 1976–8. oktober 1979
 - regjering Nordli
 - føregjengar Einar Magnussen
 - etterfylgjar Reiulf Steen
2. verv Norsk kulturminister
 - periode 9. mai 1986–16. oktober 1989
 - regjering Brundtland II
 - føregjengar Lars Roar Langslet
 - etterfylgjar Eleonore Bjartveit
3. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1977–1997
 - valkrins Hordaland
4. verv Styreleiar i NRK
 - periode 2006–2010
 - føregjengar Eldbjørg Løwer
 - etterfylgjar William Nygaard d.y.

Hallvard Bakke (fødd 4. februar 1943 i Flesberg i Buskerud) er ein norsk økonom, journalist, tidlegare politikar for Arbeidarpartiet og sidan 2006 styreleiar i NRK.

Som student gjennomførde han russiskkurset i Forsvaret og utdanna seg til siviløkonom ved Noregs Handelshøgskole (1968).

Bakke arbeider ved Norsk institutt for strategiske studier (Noriss), ei vidareføring av Europa-programmet, som seniorrådgjevar. Han vart vald inn på Stortinget frå Hordaland i fem samanhengande periodar frå 1977 til 1997 etter å ha vore vararepresentant dei to føregåande periodane, 1969–1973 og 1973–1977. Hallvard Bakke var handels- og skipsfartsminister i regjeringa Nordli i 1976–1979, og kultur- og vitskapsminister i regjeringa Brundtland II i perioden 1986–1989. I EU-debatten markerte han seg tydeleg på nei-sida, og var leiar for SME (Sosialdemokratar mot EU).

Han var økonomisjef ved Den Nationale Scene frå 1969 til 1976, og før det var han i eitt år informasjonssjef same stad. Bakke er styreleiar i dansekompaniet Carte Blanche, og er eller har vore spaltist i avisene Dagsavisen, Klassekampen og BA. Han har også arbeidd eitt år som journalist i sistnemnde. I tillegg har han leidd Dagspresseutvalet og Massemedieutvalet, og skrive fleire bøker.

Hallvard Bakke var tidlegare gift med Gunvor Hals, programleiar i NRK.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Presidentskapet på Stortinget[endre | endre wikiteksten]

  • 8. oktober 1981–30. september 1985: andre varapresident i Odelstinget
  • 5. november 1984–15. desember 1984: mellombels president i Odelstinget
  • 9. oktober 1985–9. mai 1986: andre varapresident i Odelstinget

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]