Kvithalerype

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvithalerype
Kvithalerype
Kvithalerype
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kvithalerype
Utbreiinga av Kvithalerype
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Fasanfamilien Phasianidae
Underfamilie: Skoghøns Tetraoninae
Slekt: Ryper Lagopus
Art: Kvithalerype L. leucura
Vitskapleg namn
Lagopus leucura

Kvithalerype (Lagopus leucura) er den minste rypearten. Han er ein medlem av gruppa skogshøns som lever i høgtliggande område på eller over tregrensa og er utbreidd i Alaska og dei fjellrike delane av vestlege Canada og USA. Fjørdrakta er kamuflerande og varierer med årstidene. Om sommaren er ho flekka i grått, brunt og kvitt, medan ho er heilt kvit om vinteren. Til alle tider av året er vengene, buken og halen kvite. Kvithalerype har ein diett med knoppar, blad, blomstrar og frø. Reiret er eit enkel søkk i bakken der høna legg opptil åtte egg. Etter klekking forlèt kyllingane snart reiret. Først et dei insekt, men går deretter vidare til kosthald som dei vaksne, og høna bruker vokalisering for å hjelpe dei med å finne passande vegetabilsk føde. Bestanden ser ut til å vere stabil, og IUCN klassifiserer arten som livskraftig.

Slektsnamnet Lagopus er avleidd frå gammalgresk lagos (λαγως), som betyr «hare», og pous (πους), «fot», med referanse til det fjørdekte beinet til fuglen. Artnavnet leucura er avleidd frå den latiniserte versjonen av det greske leukos, som betyr «kvit» og oura, som betyr «hale», med referanse til den permanente kvite halen til fuglen.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvithalerypa er den minste av rypeartane, den minste i slekta og i underfamilien skogshøns. Det er ein kraftig bygd fugl med avrunda venger, firkanta hale, lite svart nebb og korte bein med fjør som strekker seg ned til tærne. Vaksne er 30 til 31 cm lange, hannane, steggene, er berre litt større enn hønene (hofuglane). Den gjennomsnittlege vekta er 330 til 480 gram.[2] I løpet av sommaren er kvithalerypa flekkete gråbrun med kvit underside, hale og venger. På hausten har fjørdrakta vorte ein mykje meir raudbrun og kvite fjører byrjar å vekse gjennom. Om vinteren er alle sommarbrune fjører felte og fuglen er heilt kvit. Ytterlegare myting om våren går føre seg før hekketida og fuglen vender tilbake til sommarfjørdrakta. Den finkorna gråaktige farga på ryggen gjer det enkelt å skilje denne arten frå dei mykje brunare liryper og fjellryper.[3] Begge kjønn syner kvite halefjører og vengefjør heile året. Den raudlege augekammen, kjøttfulle vekstar over auget tilstades gjennom heile året, skil steggen frå høna. Generelt er kvithalerypa taus, men nokre gongar lagar ho lågmælte skrik og mjuke klynkelydar.[4]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Kvithalerype er ein alpin art, lever i høgfjellet over eller nær tregrensa. Ho okkuperer ope land og rører seg mykje meir enn skogryper, men føretrekker framleis å gå framfor å flyge. Utbreiingsområdet spenner frå sørlege Alaska gjennom vestlege Canada og meir fragmentert sørover i USA til nordlege New Mexico. Jamvel om dei er best karakterisert som standfuglar, gjer spesielt steggane korte lokale rørsler på få kilometer, til dømes ned til litt lågare nivå vinterstid. Steggane kjem tilbake frå overvintringsområda for å etablere territorium på hekkeområdet over skoggrensa i april. Hoene kjem i mai og etter det skjer pardanning.[4]

Kvithalerypa er den einaste fuglen i Nord-Amerika som held seg permanent i høgfjellsona.[5] Habitata inkluderer område med steinblokker, krummholz, snøfelt, steinskred, frostheva jord og høgland.[5][3] Sjølv om vinteren held ho seg i høge dalar og fjellskråningar der or, selje, bjørk og gran stikk gjennom snødekket.[3]

Føde[endre | endre wikiteksten]

Den plantebaserte dietten til fuglen varierer sesongmessig. I vårsesongen føretrekk dei nitrogenrike snøsoleier, medan vier, raklar, reinroser, blomar av storarveslekta, lav og bær utgjer storparten av kosthaldet om sommaren. Når hausten og vinteren kjem til regionen, lever rypene av furunåler, frø, pil- og orknoppar og kvistar. Matkjelder om vinteren har eit mykje høgare celluloseinnhald enn føde på sommaren, så rypa er avhengig av bakteriestøtta fordøying i cecum for å trekke ut viktige næringsstoff. I løpet av sommaren tar rypene grus for å hjelpe til med å fordøye plantemateriale.[4]

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Kvithalerypesteggar er vanlegvis monogame og blir verande hos same partnar gjennom ein hekkesesong. For å tiltrekke seg høner vil ein stegg spankulere og vise halefjørene sine. Høna bygger eit enkelt reir på bakken, medan hannen fungerer som vaktpost for å vakte området. Reiret er ei grunn nedsenking i eit snøfritt område, generelt verna mot vinden og blir fora med gras og nokre få fjører. Den eine sida av reiret gjev vanlegvis ein rask rømmingsveg.[4]

Eit kull består av to til åtte egg med kanelfarge basisfarge og nøttebrune flekker.[4] Hannane blir verande i nærleiken av reiret til egga blir klekte, ein periode på omtrent 23 dagar. Dei presosiale kyllingane forlèt reiret seks til tolv timar etter klekking.[2] Dei er først dekte med dun, men blir gradvis meir fjørkledde i ein periode på tre til 17 dagar, og får flygeevne allereie 10-12 dagar etter klekking.[4]

Rypeungar byrjar livet med å ete insekt. Når fordøyingskanalane til kyllingane og ceca er meir utvikla, går dietten over til blomstrar og blad. Høner vel fôrplassar med planteartar som inneheld rikeleg protein. Hønsa kallar kyllingane sine til desse plantane, noko som er avgjerande for vekst og utvikling av kyllingane. Dette tyder på at lydytringar frå høna hjelper til med å auke overlevingsraten for unge ryper.[6] Ungfuglane held seg saman med høna i opptil 10 veker.[4]

Tilpassingar og status[endre | endre wikiteksten]

Kvithalerype har fjør på føtene for å tene som vern mot ekstrem kulde som ofte opplevast i tundramiljø eller høgfjell. I tillegg har desse fuglane fjør rundt nasebora for å varme lufta før dei kjem inn i luftvegane. Den mest openberre tilpassinga er kamuflasjefarga hos denne arten, som gjer at den kan gli inn i omgjevnadane og unngå predasjon av kongeørn eller andre rovfuglar. For å spare energi i vintermånadene, unngår rypa så mykje flyging som mogleg og kviler i snøbankar.[treng kjelde]

Kvithalerypa er oppført som livskraftig (LC) av International Union for Conservation of Nature. Sjølv om populasjonane er i ein liten nedgang, er utbreiingsområdet for stort og det totale talet fuglar for høgt til å passe kriteria for å bli oppført som sårbar.[7] Denne fuglen fungerer som ein indikatorart for alpintundraen, og ymtar om generell økosystemhelse.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 217, 225. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. 2,0 2,1 Braun, C. E.; Martin, K.; Robb, L. A. (1993). «White-tailed Ptarmigan». All about birds. The Cornell Lab of Ornithology. Henta 11. september 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «White-Tailed Ptarmigan (Lagopus leucurus. Alaska Department of Fish and Game. Henta 11. september 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Martin, K., L. A. Robb, S. Wilson, og C. E. Braun (2020). White-tailed Ptarmigan (Lagopus leucura), version 1.0. I Birds of the World (P. G. Rodewald, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whtpta1.01
  5. 5,0 5,1 Wilson, S.; Martin, K. (2011). «Life-history and demographic variation in an alpine specialist at the latitudinal extremes of the range». Population Ecology 53 (3): 459–471. doi:10.1007/s10144-011-0261-x. 
  6. Allen, T.; Clarke, J. A. (2005). «Social learning of food preferences by white-tailed ptarmigan chicks». Animal Behaviour 70 (2): 305–310. doi:10.1016/j.anbehav.2004.10.022. 
  7. BirdLife International (2012). «Lagopus leucura». Henta 11. september 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Lagopus leucura
Commons har multimedium som gjeld: Kvithalerype