Lane moje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Lane moje»
Singel av Željko Joksimović og Ad Hoc Orchestra
Land Serbia og Montenegro
Språk Serbisk
Utgjeve 2004
Låtskrivar(ar) Leontina Vukomanović og Željko Joksimović
«Lane moje»
JoksimovicESC2004.jpg
Eurovision Song Contest 2004
Land Serbia og Montenegro
Artist(ar) Željko Joksimović og Ad Hoc Orchestra
Språk Serbisk
Komponist(ar) Željko Joksimović
Låtskrivar(ar) Leontina Vukomanović
Resultat
Semifinalepoeng 263
Semifinaleplass 1
Finalepoeng 263
Finaleplass 2
Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest
«Lane moje» «Zauvijek moja»
(2005)

«Lane moje» (serbisk «Лане моје», serbisk for Elsklingen min) var det serbiske og montenegrinske bidraget i Eurovision Song Contest 2004, framførd på serbisk av Željko Joksimović og Ad Hoc Orchestra.

Eurovision Song Contest 2004[endre | endre wikiteksten]

Serbia og Montenegro debuterte i Eurovision Song Contest 2004 etter at dei tidlegare hadde delteke som Jugoslavia mellom 1961 og 1992.

Songen starta som nummer 20 i semifinalen, etter Danmark med «Shame on You» av Thomas Thordarson og før Bosnia-Hercegovina med «In the Disco» av Deen.

Bidraget fekk tolv poeng frå Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Sveits, Tyskland, Kroatia, Nederland, Sverige, Slovenia og Ukraina, ti poeng frå Kviterussland, Kypros, Danmark, Finland, Hellas, Makedonia, Noreg, Portugal og Romania, åtte poeng frå Spania, Storbritannia og Israel, sju poeng frå Belgia, Monaco og Tyrkia, seks poeng frå Irland, fire poeng frå Albania, Latvia og Malta og eitt poeng frå Andorra og Litauen. Serbia og Montenegro fekk tilsaman 263 poeng og vann av totalt 22 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen.

Songen starta som nummer fem i finalen, etter Frankrike med «À chaque pas» av Jonatan Cerrada og før Malta med «On Again... Off Again» av Julie and Ludwig.

Bidraget fekk tolv poeng frå Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Sveits, Kroatia, Sverige, Slovenia og Ukraina, ti poeng frå Kypros, Tyskland, Finland, Frankrike, Makedonia, Nederland og Russland, åtte poeng frå Hellas, Romania og Tyrkia, sju poeng frå Albania, Kviterussland, Danmark, Israel, Island og Portugal, seks poeng frå Spania, Malta og Noreg, fem poeng frå Latvia og Polen, tre poeng frå Belgia, Storbritannia og Irland, to poeng frå Andorra og Litauen og eitt poeng frå Estland og Monaco. Serbia og Montenegro fekk tilsaman 263 poeng og enda på andreplass av totalt 24 bidrag.

Serbia og Montenegro vart det fyrste landet, saman med Hellas, som fekk over 200 poeng utan å vinne.

Marcel Bezençon Awards[endre | endre wikiteksten]

Marcel Bezençon Awards vart utdelt i samband med Eurovision Song Contest 2004 vann songen i kategorien Press Award.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]