Lars Moen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Moen
Fødd29. november 1885
Lesja
Død22. april 1964 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Lars Magnus Moen (29. november 188522. april 1964) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet, fødd på Lesja i Oppland. Han var stortingsrepresentant samanhengande frå 1928 til 1957. Perioden 1948-53 var han kyrkje- og undervisningsminster.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Moen vart utdanna til skreddar. Frå 1911 dreiv han eiga skreddarforretning på Dombås. Han var mange år med i Dovre heradstyre og han var formann i Oppland skulestyre. Ved stortingsvalet hausten 1927 kom han inn på stortinget, vald for Arbeidarpartiet. Han skulle verte gjenvald ved alle komande val, slik at han vart verande på stortinget til 1957. Åra frå 1932 til -49 var han formann i Gudbrandsdal Arbeidarparti.

I 1942 vart han arrestert av Gestapo og sat sidan i tyske konsentrasjonsleirar til våren 1945. Han var med på å lage boka Dikt fra Sachsenhausen (1945).

Moen var statsråd i Kyrkje- og utdanningsdepartementet i Einar Gerhardsen si 2. regjering frå 28. juni 1948 til 19. november 1951, og heldt fram i Oscar Torp si regjering frå 19. november 1951 til 9. desember 1953. Fleire store saker vart gjennomført i hans tid som kyrkje- og undervisningsminister. Både Riksteatret, Riksgalleriet og Norsk Språknemnd vart oppretta i hans statsrådtid.

Omframt tida i hovudstaden budde han på Dombås.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]