Olaf Kortner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Kortner
Fødd 10. mai 1920
Skien
Død

26. januar 1998

Yrke politikar

Olaf Erling Kortner (10. mai 192026. januar 1998) var ein norsk politikar for Venstre. Han var kyrkje- og undervisningsminister i Lyng-regjeringa i 1963, formann i Unge Venstre 1948-1950, stortingsrepresentant 1965-1970 og nestformann i Venstre 1966-1970.

Olaf Kortner vart fødd i Skien. Han vart student i 1940 og fullførte ein cand. philol.-grad i 1948. I 1948 vart han valt til formann i Unge Venstre for ein toårsperiode, men fungerte berre i eitt år, då han frå 1949 til 1950 var i England som programsekretær for den norske avdelinga til BBC. I 1950 begynte han å arbeida som lektor i Strinda, og frå 1951 til 1955 sat han i kommunestyret der. I 1957 begynte han å arbeida på Berg skole i Oslo, der han var til 1970. Frå 1955 hadde han òg verv i Norsk lektorlag, frå 1962 til 1965 som formann.

I 1963 vart Kortner statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet (kyrkje- og undervisningsminister) i den kortliva Lyng-regjeringa frå 28. august til 25. september. I 1965 vart han 1. vararepresentant til Stortinget frå Oslo, noko han var i to periodar. Han møtte fast frå 1965 til 1970 medan Helge Seip var statsråd i Borten-regjeringa. Frå 1966 til 1970 var han òg nestformann i Noregs Venstrelag.

I 1971 vart Kortner fylkesskolesjef i Akershus noko han var fram til 1989, og så utdanningsdirektør i Akershus til 1990. Han hadde òg ei rekkje verv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]