Leon Wilkeson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leon Wilkeson
Fødd2. april 1952(1952-04-02)
FødestadNewport i Rhode Island i USA
Død27. juli 2001 (49 år)
DødsstadPonte Vedra Beach i Florida i USA
FødenamnLeon Russell Wilkeson
OpphavUSA
Aktiv1966–2001
SjangerRock
Instrumentbassgitar, gitar
Tilknytte artistarLynyrd Skynyrd
Verka somMusikar, låtskrivar

Leon Russell Wilkeson (2. april 195227. juli 2001) var bassist i southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd frå 1972 og fram til han døydde i 2001.

Wilkeson slutta i Lynyrd Skynyrd i 1973 og den tidlegare Strawberry Alarm Clock-medlemmen Ed King tok over for Wilkeson på innspelinga av debutalbumet deira, Pronounced Leh-Nerd Skin-Nerd, men like før innspelinga var over, angra Wilkeson på at han hadde slutta i gruppa. Etter ein diskusjon med Ronnie Van Zant fekk Wilkeson jobben attende i bandet. Wilkeson var kjend for å gå med fargerike hattar på scenen og fekk kallenamnet «Mad Hatter». 20. oktober 1977 styrta flyet

Wilkeson t.v. med sitt band

til bandet utafor Gillsburg i Mississippi, og fleire av medlemmane omkom, medan resten vart hardt skadde. Han mista mykje av kjensla og i venstrearmen, som han heldt bassen med, og då han vende attende til musikken att tre år seinare, var han nøydd til å halde bassen nesten vertikalt for å få til spele. Han vart aldri like fingernæm som han hadde vore på instrumentet. Bandet vart oppløyst og kom ikkje saman att før i 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]