Link Wray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Link Wray
Link Wray - 3-8-03 Photo by Anthony Pepitone.jpg
Link Wray i 2003
Verkeleg namn Fred Lincoln Wray jr
Fødd 2. mai 1929
Dunn
Død

5. november 2005
København

Instrument Gitar
Sjanger Rock and roll
Aktive år 1956 - 2005
Yrke Musikar, låtskrivar

Fred Lincoln «Link» Wray jr (fødd 2. mai 1929 i Dunn i Nord-Carolina, død 5. november 2005 i København i Danmark) var ein indiansk amerikansk musikar og gitarist. Wray var ein av nyskaparane av ein ny elektrisk gitarlyd, som ein kan høyre i den instrumentale hitten hans «Rumble» frå 1958 av Link Wray and his Ray Men. Her nyttar han ein overdriven, forvrengd gitarlyd og fann opp powerakkordar for moderne rockegitaristar[1] og på den måten har han prega både heavy metal og pønkrock[2].

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Wray vart fødd i Dunn i Nord-Carolina og det var her han første gong høyrde slidegitar som åtteåring frå ein omreisande svart mann kalla «Hambone». Familien hans flytta seinare til Nordfolk i Virginia. Wray var ein periode i hæren og var utstasjonert i Korea under Koreakrigen. Her fekk han tuberkulose og mista til slutt ei lunge. Legane fortalde han at han aldri kunne klare å synge igjen. Link Wray konsentrerte seg derfor heller om gitarspelinga si. Trass i dette har han stundom sunge på songane sine og har vist ei kraftig røyst.

Etter han kom ut frå Hæren danna Wray og brørne hans Doug og Vernon Wray, med venene Shorty Horton og Dixie Neale, bandet Lucky Wray and the Lazy Pine Wranglers, seinare kalla Lucky Wray and the Palomino Ranch Hands. Dei spelte country og Western swing i fleire år på fjernsynsprogrammet Milt Grant's House Party. Bandet gjorde sine første innspelingar i 1956 for Starday Records.

I fjernsynsprogrammet var dei òg backingband for artistar som Fats Domino og Ricky Nelson. På ein konsert i Fredericksburg då dei prøvde å spele på The Diamonds sin «The Stroll», kom dei opp med den mektige 12-taktsbluesinstrumentalen «Rumble», som dei opphavleg kalla «Oddball». Songen vart med ein gong særs populær hos publikum og dei måtte spele songen fire gongar same kvelden. Til slutt kom songen plateprodusenten Archie Bleyer i Cadence Records for øyre, men han hata songen, særleg etter at Wray stakk hol i forsterkarane hans slik at lyden skulle verte meir lik konsertutgåva (sjå «Rocket 88» for ei liknande soge med Ike Turner). Bleyer si stedotter likte deriomt songen særs godt og han vart gjeve ut. Ho foreslo namnet «Rumble», fordi han minna ho om West Side Story. Rumble er eit uttrykk for «gjengslagsmål».

Den truande lyden i «Rumble» (og tittelen) gjorde at han vart bannlyst av fleire radiostasjonar, noko som er sjeldan for ein song utan tekst. Likevel vart han ein stor internasjonal hit og hadde mellom anna stor innverknad på The Who i Storbritannia. Pete Townshend sa mellom anna i 1970 at om det ikkje hadde vore for Link Wray og «Rumble», så hadde han ikkje starta å spele gitar.

Jeff Beck, Jimmy Page, Jimi Hendrix, Marc Bolan, Neil Young og Bob Dylan har alle omtalt Wray som ei inspirasjonskjelde. Mark E. Smith frå The Fall song linja «I used to have this thing about Link Wray, I used to play him every Saturday, God bless Saturday» i songen «Neighbourhood of Infinity». Wray vart nemnd ein av dei hundre største artistane gjennom tidene av magasinet Rolling Stone, men han har ikkje vorte innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Bandet spelte fleire harde instrumentale songar seint i 1950-åra og tidleg i 1960-åra, inkludert «Rawhide», «Ace of Spades» og «Jack the Ripper».

Utover 70-åra heldt Wray sporadiske turnear. Inspirert av at songane hans vart brukt i så mange filmar, spelte Wray i 1997 inn albumet Shadowman, som var i god gammal rock and roll-stil. Wray drog så på turne i Europa og Australia.

Wray flytta til Danmark i 1980-åra etter å ha møtt og gifta seg med den danske studenten Olive. Han døydde 5. november 2005 i heimen sin i København, 76 år gammal.

Musikken hans har vorte nytta i mange filmar, som Pulp Fiction, Desperado, Independence Day, Twelve Monkeys, This Boy's Life, Blow, Johnny Suede, The Shadow, Breathless og Pink Flamingos.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Utgjeve A-side B-side Selskap Katalognummer US
Mars 1958 «Rumble» «The Swag» Cadence 1347 16
Januar 1959 «Raw-Hide» «Dixie-Doodle» Epic 5-9300 23
June 1959 «Comanche» «Lillian» Epic 5-9321
Oktober 1959 «Slinky» «Rendezvous» Epic 5-9343
1959 «Roughshod» «Vendetta» [released as by Ray Vernon; no credit to Link Wray or The Raymen] Scottie 1320
Mars 1960 «Trail of the Lonesome Pine» «Golden Strings» (basert på ein etyde av Chopin) Epic 5-9361
Oktober 1960 «Ain't That Lovin' You Babe» «Mary Ann» Epic 5-9419
Juli 1961 «Jack The Ripper» «The Stranger» Rumble 1000
August 1961 «El Toro» «Tijuana» Epic 5-9454
November 1961 «Evil Angel» «Danger One Way Love» [utgjeven av Ray Vernon med Link Wray & His Raymen] Rumble 1349
April 1962 «Poppin' Popeye» «Big City Stomp» Trans Atlas M-687
Oktober 1962 «Big City After Dark» «Hold It» [released as by Ray Vernon & The Raymen] Mala 456
1963 «Dancing Party» «There's a Hole in the Middle of the Moon» Mala 458
Mars 1963 «Hambone» [A-side av Red Saunders & His Orchestra with Dolores Hawkins and the Hambone Kids] «Rumble Mambo» [B-side av Link Wray & The Wraymen] Okeh 4-7166
April 1963 «Jack The Ripper» «The Black Widow» Swan S-4137 64
September 1963 «Week End» «Turnpike U.S.A.» Swan S-4154
November 1963 «The Sweeper» «Run Chicken Run» Swan S-4163
Februar 1964 «The Shadow Knows» «My Alberta» Swan S-4171
Juli 1964 «Deuces Wild» «Summer Dream» Swan S-4187
Februar 1965 «Good Rockin' Tonight» «I'll Do Anything For You» Swan S-4201
April 1965 «I'm Branded» «Hang On» Swan S-4211
aldri utgjeven/trekt attende (opphavleg meint for midten av 1965) «Please Please Me» «Rumble '65» Swan S-4221
Juli 1965 «Baby, What'cha Want Me» «Walkin' Down the Street Called Love» Diamond 186
Oktober 1965 «Girl from the North Country» «You Hurt Me So» Swan S-4232
Desember 1965 «Ace of Spades» «The Fuzz» Swan S-4239
Februar 1966 «Batman Theme» (med Bobby Howard) «Alone» Swan S-4244
Juli 1966 «Hidden Charms» «Ace of Spades» [alternativ versjon] Swan S-4261
Oktober 1966 «Let the Good Times Roll» (with Kathy Lynn) «Soul Train» Swan S-4273
1967 «Jack The Ripper» [nyutgjeving] «I'll Do Anything For You» [nyutgjeving] Swan S-4284
1968 «Rumble '68» «Blow Your Mind» Heavy 101
1969 «Rumble–69» «Mind Blower» Mr. G G-820
Juli 1971 «Fire and Brimstone» «Juke Box Mama» Polydor PD-14084
Oktober 1971 «Fallin' Rain» «Juke Box Mama» Polydor PD-14096
1973 «Shine the Light» «Lawdy Miss Clawdy» Polydor PD-14188
1973 «I'm So Glad, I'm So Proud» «Shawnee Tribe» Virgin [UK] VS-103
1974 «I Got To Ramble» (dedisert til minnet etter Duane Allman) «She's That Kind of Woman» Polydor PD-14256
1974 «It Was a Bad Scene» «Backwoods Preacher Man» Polydor [UK] 2066 366
1975 «I Know You're Leaving Me Now» «Quicksand» Virgin [UK] VS-142
Juni 1979 «It's All Over Now, Baby Blue» «Just That Kind» Charisma [UK] CB-333

[3]

Album[endre | endre wikiteksten]

Utgjeve Tittel Selskap Katalognummer
1960 US Link Wray & The Wraymen Epic LN 3661
1962 US Great Guitar Hits by Link Wray and His Raymen Vermillion LP-1924
1963 US Jack The Ripper Swan S-LP 510
1964 US Link Wray Sings and Plays Guitar Vermillion LP-1925
1969 US Yesterday – Today Record Factory LP-1929
1971 US Link Wray Polydor PD-24-4064
1971 US Mordicai Jones (med Bobby Howard) Polydor PD-5010
1973 US Beans and Fatback (rec. 1971) Virgin V-2006
1973 US Be What You Want To Polydor PD-5047
1974 US The Link Wray Rumble Polydor PD-6025
1974 US Listen to the Voices That Want to Be Free (med Joey Welz; innsp. 1969–70) [nyutgjeve i 2013 som Rumble & Roll] Music City MCR-5003
1975 US Stuck in Gear Virgin V-2050
1979 US Bullshot Visa/Passport/Gem VISA 7009
1980 US Live at the Paradiso Visa/Passport/Gem VISA 7010
1985 UK Live in '85 Big Beat WIK 42; CDWIK 972
1989 DE Born to Be Wild: Live in the U.S.A. 1987 Line LICD 9.00690
1989 UK Rumble Man Ace CH 266
1990 UK Apache Ace CH 286; CDCHD 931
1990 UK Wild Side of the City Lights Ace CH 296; CDCHD 931
1993 DK Indian Child Epic/Sony Music EPC 473100 2
1997 US Shadowman Hip-O/UMe HIPD-40069
1997 US Walking Down a Street Called Love [live] Cult Music/Cleopatra CLP-9989
2000 UK Barbed Wire Ace CDCHD 770

Med Robert Gordon[endre | endre wikiteksten]

Utgjeve Tittel Selskap Nummer
1977 US Robert Gordon with Link Wray Private Stock; 1979 nyutgjeving: RCA Victor; 1997 CD nyutgjeving: One Way; 2015 CD nyutgjeving: Culture Factory PS 2030; AFL1-3296; OW-34493; 850703003880
1978 US Fresh Fish Special Private Stock; 1979 nyutgjeving: RCA Victor; 1997 CD nyutgjeving: One Way; 2015 CD nyutgjeving: Culture Factory PS 7008; AFL1-3299; OW-34491; 850703003873
2014 US Robert Gordon/Link Wray: Cleveland '78 [live] Rock-A-Billy/Cleopatra CLP-CD-1952

[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cub Koda & Steve Leggett (2008). "Link Wray" Biography, AllMusic.
  2. Simmonds, Jeremy (2008). The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches, s.559. ISBN 1-55652-754-3.
  3. 3,0 3,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 1084–1085. ISBN 1-84195-017-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]