MS «Øygar»
MS «Øygar» ved kai på Leirvik på Stord i 1986. Foto: Harald Sætre. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | HB «Øygar» |
Eigar: | Øygarden & Sotra Rutelag |
Verft: | Westermoen Hydrofoil i Mandal |
Verftsnummer: | 45 |
Sjøsett: | 1975 |
Teke ut av teneste: | 1986 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LANE |
IMO-nummer: | 7514476 |
Generelle mål | |
Type: | Snøggbåt/Hydrofoilbåt |
Tonnasje: | 199 bruttotonnregister, 112 nrt |
Lengd: | 87,5 fot (26,67 m) |
Breidd: | 29,6 fot (9,02 m) |
Djupgang: | 8,6 fot (2,62 m) |
Installert effekt : | 2200 bhk |
Framdrift: | 2x 12cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen) |
Fart: | 25 knop |
Passasjerar: | 140 passasjerar |
Karriere | Noreg |
Namn: | HB «Teisten» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Teke ut av teneste: | 1995 |
Kjøpt: | September 1986 |
Heimehamn: | Bergen |
Generelle mål etter ommåling i juli 1994 | |
Tonnasje: | 185 bruttotonnregister, 65 nrt |
Framdrift: | 2x Cummins |
Fart: | 22 knop |
Passasjerar: | 150 passasjerar |
Karriere | Noreg |
Namn: | «Starcruise» |
Eigar: | Fjordwing AS |
Kjøpt: | September 1995 |
Heimehamn: | Strandebarm |
Karriere | Noreg |
Namn: | 2007: «Losna» |
Eigar: | Tollesund AS |
Kjøpt: | Juli 2002 |
Heimehamn: | Krakhella/Bergen |
Karriere | Noreg |
Namn: | «Alba» |
Eigar: | Lofotferga AS |
Kjøpt: | 7. april 2008 |
Heimehamn: | Svolvær |
Generelle mål nytt passasjertal etter 2007 | |
Passasjerar: | 100 passasjerar |
MS «Øygar», i dag «Alba», er ein westamaran levert frå Westermoen Hydrofoil i Mandal i september 1975 til Øygarden & Sotra Rutelag. Båten gjekk i ruta Bergen - Torstensvik - Rongesund.
I september 1986 vart båten innkjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og omdøypt «Teisten» i august 1988. For HSD gjekk båten i ruta Bergen - Sunnhordland. I 1990 vart båten sett i Haugesundsruta mellom Haugesund og Stavanger. Båten var reservebåt frå 1992.
Båten vart i september 1995 selt til Fjordwing AS i Strandebarm og vart i januar 1996 omdøypt «Starcruise». Han gjekk då i sommarrute som turistfartøy i Sogn, mellom anna i Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og på Fjærland. Dette var delvis i privatregi og delvis i regi av Fylkesbaatane.
Han vart seld vidare til Tollesund AS i Krakhella i juli 2002 og vart 23. juli 2007 omdøypt «Losna». 4. april 2008 vart «Losna» selt til Lofotferga AS i Svolvær og fekk namnet «Alba». Frå juni 2010 vart båten brukt i sommarrute til Svartisen med hovudbase i Bodø. Turane gjekk i samarbeid med Hurtigruten ASA.
Per oktober 2014 er båten framleis i fart.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Skipet.no
- Norsk hurtigbåthistorie 1971-2011 Arkivert 2014-10-28 ved Wayback Machine.