Åseral kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edit-find-replace.svg Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå bokmål enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!
Åseral kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Adm.senter Kyrkjebygda
Areal 888 km²
 - land 801 km²
 - vatn 87 km²
Folketal 943 (1. januar 2018)
Folketettleik 1 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Oddmund Ljosland
(Senterpartiet)
Kommunenummer 1026
NO 1026 Åseral.svg
Wikimedia Commons: Åseral
Nettstad: www.aseral.kommune.no

Åseral er ein kommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar til Hægebostad og Kvinesdal i vest, til Aust-Agder fylke i nord og aust og til Audnedal i sør. Åseral er ein kommune med store hei- og fjellområde. Jord- og skogbruk er viktige næringar og 23 % av de sysselsette arbeider i desse primærnæringane.

Den øvre delen av Mandalsvassdraget ligg i Åseral og har tre hovudløp: Skjerka, Monn og Logna. Desse møtest i vatnet Øre. Frå utløpet av Øre er namnet Mandalselva.

Åseral er ein vasskraftkraftkommune med fleire damanlegg og fem kraftverk: Håverstad, Logna, Skjerka (gamal/ny) og Smeland. Dei har ein samla produksjon årleg på 1 522 GWh.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1837 vart Åseral eit annekssogn til Bjelland prestegjeld. Men sidan det vart åtskilt frå hovudsoknet sitt av ei fylkesgrense: Åseral tilhørte Nedenes amt (frå 1919 kjend som Aust-Agder), mens Bjelland hovudsokn låg i Lister og Mandals amt (frå 1919 kjend som Vest-Agder). Det måtte derfor opprettast eit eige formannskapsdistrikt (for liknande problemstillingar sjå også Bakke, Bindal, Birkenes, Røldal, Strømm og Hemne). Den 1. september 1880 vart likevel Åseral overført frå Aust-Agder til Vest-Agder fylke.

Dei eldre kommunale arkiv kjeldene for kommunen finst i dag hos Interkommunalt arkiv i Vest-Agder (IKAVA). Dette inkluderer protokoller frå for eksempel kommunestyre, formannskap, fattigstyre, skulestyre og arkiv med blant anna personopplysningar i form av klientarkiv, skatteprotokollar, men også skuleprotokollar.

Natur og geografi[endre | endre wikiteksten]

Den vestlige delen av Agder tilhører det svekonorvegiske grunnfjellsskjoldet, og består av to geologiske hovedformasjoner av proterozoiske bergarter som er dannet under dei gotiske og seinere svekonorvegiske fjellkjedeforldingene, med sterk metamorfose under den sistnemnde.[1] Eit underlag av 1 600-1 450 millioner år gammal skifer, kvartsitt, marmor og amfibolitt med noko hornblendegneis, og ovenpå dette sure overflatestrukturer av både granitt og granodioritt (henholdsvis 1 250-1 000 mill år gammalt, og stadvis 1 550-1 480 millioner år gammalt). Dei yngste svekonorvegiske danningane bevitnes av større formasjoner av granitt. Den kaledonske fjellkjedefoldinga nådde ikkje ned hit. Forkastingene går både i sørvest-nordaust retning, og i sør-nord retning.[2]

Kommunen er ein del av det svekonorvegiske grunnfjellsskjoldet. For ca. 600 millioner år sidan sokk grunnfjellet i havet og blei gjennom millionar av år dekt av nokre tusen meter tjukke sediment der det blei danna fyllitt nedst. Under den kaledonske fjellkjedefolding 200 millioner år seinere ble dette sedimentære dekket hevet opp, og noen steder førte fjellfoldingen til at eldre gneis blei lagt som ein kapp over dei nå hevde sedimentmassene. I kvartær-tida blei sediment- og fyllitt-dekket slitt vekk, og ein finn i dag berre dei nederste (eldste) lagene av dette fyllitt-dekket på enkelte topper heilt nord i kommunen.[3]

Siste istid avsatte både bunnmorener og eskere i Setesdalsheiene. Mange steder er fjellet svært blankskurt, med nokon flyttblokker og beskjedent jord-dekke med ein sparsom vegetasjon. Den sure grunnfjellsbunnen gje mest grobunn for hardføre arter av gress og lyngi nord, og mye furu opp til tregrensa på drøye 900 moh. Det høyeste punktet i kommunen er Skoræ, 1041,4 meter over havet.[4]

Dyrelivet omfatter blant anna elg, rådyr, rev, hare, lemen, fjellrype, villrein og gaupe. Sur nedbør har også redusert mange aure-stammer i området. Dei kalkrike fyllitt-områdene i nord og vest har noe aure, mens bekkerøye er satt ut i dei surere vannene som dominerer kommunen.[5]

Den øvre delen av Mandalsvassdraget ligg i Åseral og består her av tre hovedløp: Skjerka, Monn og Logna. Disse møtes i vatnet Øre, og fra Øres utløp er navnet Mandalselva. Gyvatn, Nåvatnet og Rundatjønn er andre vatn i kommunen.

Aktivitetar og Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme er eit satsingsområde i kommunen med tre hytteområde og tre alpinsenter: Bortelid, Ljosland og Eikerapen. Desse områda er i sterk utvikling med stor byggeaktivitet.

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv; 26. juni 2010 ble Minne Åseral kultursenter åpnet i Kyrkjebygda i Åseral med stor bistand til etableringa frå fylkeskommunen. Kulturhuset rommer faste og skiftende utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.[6] Kvar sommer trekker "Bygdeutstillinga" mange tilreisende. Dette er ei utstilling som finner sted

Eikerapen Roots Festival arrangeres også første helga i August på Eikerapen. I august 2018 blir festivalen arrangert for femtende gong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ivar B. Ramberg et al, Landet blir til - Norges geologi, Norsk geologisk forening 2006 (2007), side 71.
  2. Berggrunnskart over Norge, NGU 2006. (kart)
  3. Honoria Bjerknes Hamre, Fjellet, Cappelen 2006, side 148-149.
  4. «Høyeste fjelltopp i hver kommune». Kartverket. Henta 27. juni 2017. 
  5. Honoria Bjerknes Hamre, Fjellet, Cappelen 2006, side 150.
  6. Torkelsen, Jan H. (5. april 2018). «vaf.no; Fylkespolitikere imponert over den mangfoldige kulturformidlingen på Minne kultursenter i Åseral». Vest-Agder fylkeskommune. Henta 7. april 2018. «Sommaren 2010 ble Minne Åseral kultursenter åpnet med stor bistand til etableringen frå fylkeskommunen.» 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Koordinatar: 58°37′2.3″N 7°24′40.2″E