Mata Hari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mata Hari

Pseudonym Mata Hari
Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 7. august 1876
Leeuwarden
Død

15. oktober 1917 (41 år)
Vincennes, Slottet i Vincennes

Yrke kurtisane, spion, exotic dancer
Høgd 173 centimeter
Far Adam Zelle
Mor Antje van der Meulen
Ektefelle Rudolph MacLeod
Born Norman-John MacLeod, Louise Jeanne MacLeod
Signatur
Mata Hari på Commons

Margaretha Geertruida Zelle (7. august 187615. oktober 1917), kjend under kunstnarnamnet Mata Hari, var ein nederlandsk dansar og påstått spion. Ho hevda ho var ei javanesisk prinsesse. I 1914 budde ho i Frankrike der ho var ven med politikarar og offiserar frå begge sider i krigen, før ho i 13. februar 1917 vart arrestert for spionasje og 15. oktober vart avretta ved skyting i Vincennes. Det har seinare vorte diskutert om ho verkeleg var spion eller ikkje, og det er også vorte påstått at ho var kontraspion.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Margaretha Geertruida Zelle var fødd i Leeuwarden i Friesland i Nederland som dotter av Adam Zelle og Antje Zelle. Faren eigde ein hattebutikk og gjorde investeringar i oljeindustrien som gjorde at familien var nokså velståande. Margaretha gifta seg i 1895 med kaptein Rudolf MacLeod, ein nederlendar med skotske anar som budde i Nederlandsk Austindia, som ho så fekk to barn med. Paret drog til Java i 1897. Ekteskapet var ikkje lukkeleg. Rudolf var alkoholikar og valdeleg, og hadde ei lokal konkubine, ein akseptert praksis i kolonien. Margaretha flytta frå han ei tid, og blei kjend med den lokale kulturen. Ho blei med i ei lokal dansegruppe og tok artistnamnet Mata Hari, ordet for 'sol' på indonesisk (bokstaveleg 'dagsauget').[1]

I 1899 blei begge borna deira sjuke, og sonen Norman døydde. Ulike kjelder seier dei blei forgifta av ei behandling foreldra fekk for syfilis eller at han vart forgifta av ein av tenarane til paret eller ein fiende av Rudolf. I 1902 blei paret separert, og i 1906 skilde dei seg. Sjølv om Margaretha fekk foreldreansvar for dottera Jeanne, nekta Rudolf å senda henne tilbake etter ei vitjing. Margaretha hadde ikkje pengar til å slost for henne i retten. Ho flytta tilbake til Europa og busette seg i Paris.

Dansar og påstått spion[endre | endre wikiteksten]

I Paris nytta Margaretha artistnamnet Mata Hari, og byrja å opptre med eksotisk dans og vere aktmodell på fotografiske kort.

Ho er mest kjend fordi ho skal ha drive med spionasje for Tyskland. Ho skal ha vorte kontakta av tyskarar i mai 1916. Så vart ho i august 1916 kontakta av den franske kontraspionasjen og overtala til å jobbe for Frankrike. Kva som er riktig er noko uvisst, men noko av kjeldene hevdar at spionasjen for ein stor del bestod av misforståingar og overdrivingar. Ho gjekk med på å verte tysk spion mot forskotsbetaling, men utførte aldri noko faktisk spionasje. For den franske kontraspionasjen vart det heller ikkje utført noko spionasje som medførte faktisk brukbare resultat. Likevel vart ho stilt for retten i Frankrike under den fyrste verdskrigen, og vart dømd til dauden ved skyting den 15. oktober 1917.

Avrettinga[endre | endre wikiteksten]

Margaretha Zelle før avrettinga.

Ei av historiene som går om avrettinga er at Mata Hari sende eit slengkyss til soldatane som var utkommanderte. Om det så skjedde, så var det nok snarare til forsvarsadvokaten hennar, Clunet, som ho hadde hatt eit forhold til. Ei anna historie er at ho ikkje ville ha noko bind for augo, då det skulle ha vore forsøk på å byte ut patronene med lausskot. Dette er eit tema i intrigen frå operaen Tosca. Det har også vore hevda at ved obduksjonen etter avrettinga viste det seg at ho var gravid da ho vart skoten. Det har vore gammal praksis i land som praktiserer dødsstraff at gravide kvinner som er dømt til døden ikkje vart avretta før etter at barnet var født.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Filmatiseringar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Livet til Mata Hari har vorte filmatisert fleire gongar, blant anna i 1931 med Greta Garbo og i 1985 med Sylvia Kristel som Mata Hari.

  • 1931: Mata Hari (spele) – tittelrolla vart spela av Greta Garbo.
  • 1964: Mata Hari – agent H21 – tittelrolla vart spela av Marie Dubois.
  • 1966: Der Fall Mata Hari – tysk spelefilm, med blant andre Carl Lange på rollelista.
  • 1985: Mata Hari – tittelrolla vart spela av Sylvia Kristel.

Popsongar (utval)[endre | endre wikiteksten]

I Melodi Grand Prix 1976 framførte Gudny Aspaas og Anne-Karine Strøm songen «Mata Hari». Strøm vann den norske finalen, og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 1976, som vart arrangert i Haag i Nederland.

I 2021 framførte Samira Efendi songen «Mata Hari» i Eurovision Song Contest, som det aserbajdsjanske bidraget i tevlinga. Tevlinga vart arrangert i Rotterdam i Nederland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mata Hari». Arkivert frå originalen 15 September 2010. Henta 5 July 2010. . World of Biography

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anne Bragance: Mata-Hari, la poudre aux yeux. Éditions Belfond, Paris 1995, ISBN 2-7144-3299-9
  • Jan Brokken: Mata Hari. De waarheid achter een legende. Wetenschappelijke Uitgeverij, Amsterdam 1975, ISBN 90-214-2901-2
  • Philippe Collas: Mata-Hari. Sa véritable histoire. Plon, Paris 2003, ISBN 2-259-19872-4
  • Thomas Coulson: Mata Hari, courtesan and spy. Hutchinson, London 1930
  • Lionel Dumarcet: L'affaire Mata-Hari. De Vecchi, Paris 2006, ISBN 2-7328-4870-0
  • Gerhard Feix: Das Große Ohr von Paris – Fälle der Sûreté. Verlag Das Neue Berlin, Berlin 1975, S. 202–212
  • Charles S. Heymans: La vraie Mata Hari. Courtisane et Espionne. Édition Prométhée, Paris 1930 (
  • Russel Warren Howe: Mata-Hari. The true story. Editions de l'Archipel, Paris 2007, ISBN 978-2-84187-577-1
  • Marijke Huisman: Mata Hari (1876–1917), de levende legende. Uitgeverij Verloren, Hilversum 1998, ISBN 90-6550-442-7 (niederländisch), Online-Version
  • Fred Kupferman: Mata Hari. Träume und Lügen ("Mata Hari. Songes et mensonges"). Aufbau-Taschenbuchverlag, Berlin 1999, ISBN 3-7466-1575-5
  • Michel Leblanc: L'ennemie de Mata-Hari. France-Empire, Paris 1974
  • Christine Lüders: Apropos Mata Hari (Apropos; Bd. 8). Verlag Neue Kritik, Frankfurt/M. 1997, ISBN 3-8015-0304-6
  • Ute Maucher, Gabi Pfeiffer: Codewort: Seidenstrumpf, Die größten Spioninnen des 19. und 20. Jahrhunderts. ars vivendi verlag, 2010, ISBN 978-3-89716-999-9.
  • Brygida M. Ochaim, Claudia Balk: Varieté-Tänzerinnen um 1900. Vom Sinnenrausch zur Tanzmoderne, Ausstellung des Deutschen Theatermuseums München 23.10.1998–17.1.1999. Verlag Stroemfeld, Frankfurt/M. 1998, ISBN 3-87877-745-0
  • Diane Samuels: The true life fiction of Mata Hari. Hern Books, London 2002, ISBN 1-85459-672-1 (englisch)
  • Léon Schirmann: L'affaire Mata Hari. Enquête sur une machination. Tallandier, Paris 1994, ISBN 2-235-02126-3
  • Léon Schirmann: Mata-Hari. Autopsie d'une machination. Éditions Italiques, Paris 2001, ISBN 2-910536-18-1
  • Pat Shipman: Femme Fatale: A Biography of Mata Hari: Love, Lies and the Unknown Life of Mata Hari. Weidenfels & Nicolson, London 2007, ISBN 978-0-297-85074-8
  • Sam Waagenaar: Mata Hari. Der erste wahre Bericht über die legendäre Spionin ("The murder of Mata Hari"). Bastei-Lübbe, Bergisch-Gladbach 1985, ISBN 3-404-61071-7 (früherer Titel: Sie nannte sich Mata Hari. Bild eines Lebens, Dokument einer Zeit)
  • Friedrich Wencker-Wildberg: Mata Hari. Roman ihres Lebens. Weltbild-Verlag, Augsburg 2004
  • Julie Wheelwright: The Fatal Lover. Mata Hari and the Myth of Women in Espionage. Collins & Brown, London 1992, ISBN 1-85585-105-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mata Hari