Hersvik kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hersvik kyrkje | |
kyrkje | |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
---|---|
Bispedøme | Bjørgvin |
Prosti | Nordhordland Sogn |
Sokn | Solund |
Fellesråd | Solund |
Type | Langkyrkje |
Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan |
Material | Tre |
Innvigd | 10. november 1891 |
Sitjeplassar | 168 |
Hersvik kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1891 i Hersvikbygda nord på Sula i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Dette er den fyrste kyrkja på staden.
Attende i mellomalderen skal det ha vore eit kapell på Lågøy som folket ytst i Solund truleg sokna til, men det er ukjend når det kom bort. I hundreåra mellom Lågøy-kappelet og Hersvik kyrkje sokna folk i området til Vilnes kyrkje på Atløy i Askvoll prestegjeld og Øn kyrkje i Hyllestad prestegjeld.
Hersvik var eige sokn til dei tre sokna i Solund prestegjeld vart slegne saman til eitt i 2000.
Altartavla er måla av Mons Breidvik i 1920, og viser Jesus som bergar Peter frå drukning i stormen på Genesaretsjøen.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Hersvik kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Hersvik kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971