Vikøy kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°20′57″N 6°10′33″E

Vikøy kyrkje
kyrkje
Vikøy kirke.jpg
Foto: kirkenorge.no
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvam
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Vikøy
Fellesråd Kvam
Type Langkyrkje
Arkitekt Linstow
Material Tre
Innvigd 1838
Tårn I vest
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Frå 1912 i kleberstein
Sitjeplassar 300

Vikøy kyrkje
60°20′57″ N 6°10′33″ E
Wikimedia Commons: Vikøy kyrkje

Vikøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1838 i Kvam herad i Vestland fylke. Kyrkja er i bygd i tømmer og har 300 sitjeplassar.

Vikøy kyrkje er soknekyrkje i Vikøy sokn i Hardanger og Voss prosti. I tillegg til Vikøy-kyrkja høyrer Norheimsund kyrkje frå 1992 til soknet.

Vikøy kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Vikøy kyrkje

Bygget[endre | endre wikiteksten]

Eldste omtalen av kyrkja i Vikøy er frå 1316. Den gamle Vikøy stavkyrkje stod fram til rundt 1839, då ho blei erstatta av ei langkyrkje i seinempirestil teikna av Linstow, som òg hadde teikna Slottet i Oslo. Kyrkja er i dag måla kvit.

Innreiing[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja har ein bibel frå 1589 og altartavle frå 1633, som syner krossfestinga av Jesus. Ein kalk frå 1614 som no er i St. Peters Church i London stammar òg frå Vikøy kyrkje.

Kyrkja har to kyrkjeklokker som blei laga av Prahl i Bergen i 1850. Orgelet i kyrkja er frå 1920 og blei laga av Olsen og Jørgensen i Oslo.

Kyrkjegarden[endre | endre wikiteksten]

Komponisten Geirr Tveitt er gravlagd på kyrkjegarden ved Vikøy kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]