Mul Mantra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sikhismen
Khanda.svg
Sikh-guruar
Skrifter
Guru Granth Sáhib
Bani - «Tjaupai»
«Djáp Sáhib» - «Djapdji Sáhib»
«Mul Mantra» - «Sukhmani»
Dasam Granth
Religionsfilosofi
Nám djapo (Gudsteneste)
kirat karni (ærleg arbeid)
vand kay sjako (del goda)
tru - etikk - moral
Dei fem K-ane
kesj (uklipt hår)
kaṛa (stålarmband)
kangha (stålkam)
katjha (knesid underbrok)
kirpán (sabel, evt. dolk)
Heilage stader
Amritsar
Harmandir Sáhib
(«Det gylne tempelet»)
gurdvara
Folk og språk
Panjab - panjabi
sikhar - gurmukhiskrift
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Indoiranske religionar
parsisme - hinduisme
djainisme - buddhisme
sikhisme - bahá’í

«Mul mantra» eller «mul mantar» er den heilagaste bønna i sikhismen. Ho er også det første verset i sikhane sitt heilage skrift, Guru Granth Sáhib. Bønna vart skriven av guru Nának, grunnleggjaren til sikhismen, som ei enkel bønn som også samanfattar dei viktigaste grunntruene i sikhismen.

Mul mantra, i gurmukhiskrifta.
Ei fri omsetjing av bønna:

ik oṅkār sat nām
Det finst berre ein Gud, med sanning som namn
kartā purukh nirbha-o nirvair
skaparen, ottelaus og hatlaus
akāl mūrat ajūnī
forma av det tidlause, utan opphav
saibhaṅ gurprasād
som syner seg sjølv, gjennom guruens nåde.

Bøna frå ein illuminert utgåve av Guru Granth Sáhib.