Nålkolibriar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nålkolibriar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Nålkolibriar Chalcostigma
Reichenbach, 1854

Nålkolibriar er ei biologisk slekt Chalcostigma av kolibriar med fem medlemmer som samla har eit leveområde langs Andesfjella frå grenseområde Venezuela-Colombia i nord gjennom Colombia, Ecuador og Peru til Bolivia. Slekta er ein del av stammen Lesbiini – «koketter» i underfamilien Lesbiinae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eit kort, sylforma nebb er det mest slåande trekket ved utsjånaden for nålkolibriar. Hannane har ein glitrande strupeflekk som er smal og forlenga ned over brystet.[1] Elles for det meste mørke, lite iaugefallande fjørdrakter i slekta, kroppsstorleiker frå 10 til 15 centimeter. Litt ulike preferanser for habitat, t.d. lever koboltnålkolibri høgare enn regnbogenålkolibri som kan gå ned til 2700 moh. i Ecuador. Fire av dei fem artane lever innanfor grensene til Peru, og ein av dei, olivennålkolibri, lever på det høgste nivået, opp til 4700 moh. I Ecuador finn ein nålkolibriar i páramo økosystem.

IUCN har kategorisert alle fem som livskraftige artar(LC).[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Nålkolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[3] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[4] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[5]

  • Bronsenålkolibri, Chalcostigma heteropogon, Bronze-tailed thornbill, (Boissonneau, 1840), (LC)
13-14 cm, páramo økosystem 3000-3900 moh. i Colombia, marginalt inne i Venezuela[6]
  • Regnbogenålkolibri, Chalcostigma herrani, Rainbow-bearded thornbill, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
10 cm, mørk hannar med iriserande raud kronestripe i tillegg til strupen, 2700-3700 moh., páramo økosystem ofte ved tregrensa, frå nordlegaste Peru til Tolima-departementet, Colombia[7]
10,5 cm, raudbrun krone, lever frå sørlegaste Ecuador til sentralt i Bolivia (Cochabamba-departementet), fuktig skog i austsida av Andes, 1400-3500 moh.[8]
  • Olivennålkolibri, Chalcostigma olivaceum, Olivaceous thornbill, (Lawrence, 1864), (LC)
14-15 cm, mørk brungrøn fjørdrakt, høgt (3100-4700 moh.) i puna økosystem frå Ancash-regionen i Peru til La Paz-departementet i Bolivia[9]
  • Koboltnålkolibri, Chalcostigma stanleyi, Blue-mantled thornbill, (Bourcier, 1851), (LC)
12-13 cm, sotbrun, gaffelforma hale, lever i våt páramo og jalca, frå Ecuador til Cochabamba, Bolivia[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 287, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  2. Birdlife International Data Zone søk Henta 23. mai 2023
  3. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  4. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. mai 2023. 
  5. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 
  6. Heindl, M. and P. F. D. Boesman (2020). Bronze-tailed Thornbill (Chalcostigma heteropogon), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.brttho1.01
  7. Schulenberg, T. S. and C. W. Sedgwick (2020). Rainbow-bearded Thornbill (Chalcostigma herrani), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rabtho1.01
  8. Heindl, M. and P. F. D. Boesman (2020). Rufous-capped Thornbill (Chalcostigma ruficeps), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.ructho1.01
  9. Schulenberg, T. S. and C. W. Sedgwick (2020). Olivaceous Thornbill (Chalcostigma olivaceum), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.olitho1.01
  10. Heindl, M. and P. F. D. Boesman (2020). Blue-mantled Thornbill (Chalcostigma stanleyi), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blmtho1.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nålkolibriar