Hopp til innhald

Ellen Horn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellen Horn

Fødd1. februar 1951 (75 år)
Montreal
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkeskodespelar, politikar, dokkespelar
EktefelleJon Christensen
BarnKjersti Horn, Emilie Stoesen Christensen
Alle verv
  • Norsk kulturminister (2000–2001) Sjå dette på Wikidata

Ellen Horn (fødd 1. februar 1951), fødd Ellen Stoesen, er ein norsk skodespelar, teatersjef og tidlegare kulturminister for Arbeidarpartiet.

Ellen Horn blei fødd i Montreal, og budde dei fyrste åra av livet i Canada, der faren arbeidde for den internasjonale luftfartsorganisasjonen ICAO.[1] Seinare voks ho opp på Tjøme.[2]

Ho dreiv dokketeater i tre år etter at ho fullførte vidaregåande skule.[3] Ho er utdanna som skodespelar frå Statens Teaterhøgskole. Ho har vore knytt til Fjernsynsteateret, til Nationaltheatret som skodespelar og teatersjef, og blei utnemnd til teatersjef for Riksteateret i februar 2005. Ho var styreleiar for Den Norske Opera frå 2007 til 2015.[2]

Ellen Horn var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Jens Stoltenberg si første regjering, 2000-2001.

Ho er gift med jazztrommeslagaren Jon Christensen, og har to barn: Kjersti Horn, frå det tidlegare ekteskapet med Per Horn, og Emilie Christensen frå det noverande ekteskapet.

Nokre roller

[endre | endre wikiteksten]

Sigrid Undset i Undset (Trøndelag Teater 2005)[4]

  1. ↑ Rossiné, Hans (2024-06-18). «Ellen Horn». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
  2. 1 2 «Ellen Horn». Store norske leksikon (på norsk). 2024-06-18.
  3. ↑ NRK nyheter 7. oktober 2009
  4. ↑ Trøndelag Teater - heimeside