Hopp til innhald

NATO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nato)
NATO


Skipa4. april 1949
Eigenandel iNATO-hovudkvarteret
HovudkontorBrussel,[1] London,[2] Brussel[3][4]
LandBelgia
Grunnleggjar(ar)Paul-Henri Spaak,[5] Lester B. Pearson,[5] Gustav Rasmussen,[5] Robert Schuman,[5] Bjarni Benediktsson,[5] Carlo Sforza,[5] Joseph Bech,[5] Dirk Stikker,[5] Halvard Lange,[5] Ernest Bevin,[5] Dean Acheson[5]
Nettstadhttps://www.nato.int (engelsk)

Den nordatlantiske traktat-organisasjonen (NATO: North Atlantic Treaty Organization, fransk Organisation du traité de l'Atlantique nord, OTAN) er ein vestleg forsvarsallianse grunnlagd i Washington, D.C. 4. april 1949 av ei rekkje vestlege land som følgje av erfaringane dei hadde gjort under og etter den andre verdskrigen, for å sikre medlemslanda sin fridom og sikkerheit. Hovudkvarteret til NATO ligg i Brussel. Sidan 1. oktober 2024 har Mark Rutte vore generalsekretær i Nato.[6]

Medan frykta for tysk revansjelyst rett etter krigen hadde spelt ei viss rolle, endra denne prioriteringa seg raskt etterkvart som den kalde krigen starta, særleg då Koreakrigen braut ut, og frykta for eit sovjetisk åtak på vestmaktene vart sentral. Vest-Tyskland vart medlem i 1955, mellom anna for å sikre NATO større industriell vekt i Europa. Kjernen av traktaten er artikkel 5, som slår fast at eit åtak på eit NATO-land er eit åtak på heile alliansen.[7][8]

Som eit svar på NATO, oppretta Sovjetunionen Warszawapakta. Åtaket kom aldri, og pakta sin femte artikkel vart fyrst tatt i bruk som fylgje av aksjonane i USA 11. september 2001. Alliansen har likevel spelt ei uvurderleg rolle for Vest-Europa si sikkerheit under den kalde krigen, og for forsoninga mellom tidlegare motstandarar.

Etter slutten av den kalde krigen og oppløysinga av Warszawapakta har fleire tidlegare medlemer av denne vorte medlemer av NATO i to utvidingsrundar, i 1999, 2004 og 2009. NATO omfattar no alle dei tidlegare Warszawapakt-landa utanom Sovjetunionen, dessutan Slovenia, Estland, Latvia, Litauen, Kroatia og Albania.

I 2005 vekka den tyske kanslaren merksemd med å ymte om at NATO burde reformerast.[treng kjelde] Særleg Tyskland og Frankrike ynskjer ei viktigare rolle for EU på kostnad av NATO.

Generalsekretær

[endre | endre wikiteksten]
Sjå òg Generalsekretærar i NATO.

Mark Rutte er den noverande generalsekretæren i NATO.

Frå 2014 til 2024 var Jens Stoltenberg generalsekretær i NATO. Perioden hans vart forlenga fire gongar blant anna på grunn av krigen i Ukraina.[9][10]

Medlemsland

[endre | endre wikiteksten]
Kart over alle medlemslanda.

Forsvarsalliansen tel 32 medlemsland.

Medlemsland som grunnla NATO i 1949

[endre | endre wikiteksten]

Medlemsland som vart medlem av NATO under den kalde krigen

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare Austblokk-land som har vorte medlem av NATO etter den kalde krigen

[endre | endre wikiteksten]

Innlemming av tidlegare nøytrale land

[endre | endre wikiteksten]
  1. «NATO begins the final phase of its move to a new home»; vitjingsdato: 9. juli 2024; kortnamn på forfattar: NATO; språk på verket: engelsk.
  2. «NATO: a history in snapshots»; vitjingsdato: 9. juli 2024; kortnamn på forfattar: NATO; språk på verket: engelsk.
  3. «NATO Headquarters»; vitjingsdato: 9. juli 2024; kortnamn på forfattar: NATO; språk på verket: engelsk.
  4. «Remarks by NATO Secretary General Jens Stoltenberg at the new NATO headquarters handover ceremony»; vitjingsdato: 9. juli 2024; kortnamn på forfattar: NATO; språk på verket: engelsk.
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 «Meet the Signatories»; vitjingsdato: 20. januar 2023; kortnamn på forfattar: NATO; språk på verket: engelsk.
  6. «Mark Rutte takes office as NATO Secretary General» (på engelsk). NATO. Henta 2. oktober 2024. 
  7. NATO, «The North Atlantic Treaty», NATO (på norsk), henta 29. september 2022 
  8. Cooper, Camilla Guldahl: NATO i Store norske leksikon på snl.no. Henta 7. april 2023.
  9. NATO, «NATO Secretary General Jens Stoltenberg», NATO (på engelsk), henta 29. september 2022 
  10. Simen Ekern & Laila Ø. Bakken. «Stoltenberg fortsetter: – Jeg er beæret» (på norsk bokmål). NRK. Henta 2. oktober 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: NATO