Natteramn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Natteramn
Natteramn
Natteramn
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Natteramn
Utbreiinga av Natteramn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Natteramnar og seglarfuglar Caprimulgiformes
Familie: Natteramnfamilien Caprimulgidae
Underfamilie: Caprimulginae
Slekt: Caprimulgus
Art: Natteramn C. europaeus
Vitskapleg namn
Caprimulgus europaeus

Natteramn, nattramn eller kveldknarr (Caprimulgus europaeus) er ein fugl i natteramnfamilien som har hekkeutbreiing over det meste av Europa og Palearktis til Mongolia og inn i nordlege Kina. Alle bestandar overvintrar i Afrika sør for Sahara. I Noreg finst han mest talrikt rundt Oslofjorden. Evna til å skjule seg saman med timelange, gjentatte, harde spinnane eller knitrande lætet har skapt myter og fantasiforteljingar om natteramnen. Lokale namn brukt for arten i Noreg inkluderer kveldknarr, natteknarr og huldrerokk.[2] Det latinske slektsnamnet Caprimulgus refererer til den gamle myten om at denne nattjegeren saug mjølk frå geiter i mørket, og fekk dei til å slutte å produsere mjølk.[3][4] Natteramnen er nattaktiv og aktiv i tussmørke, og lever av insekt tatt i flukt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Natteramnegg

Natteramnen er 24,5-28 cm i kroppslengd. Hannen veg 51–101 gram og hoa 67–95 gram. Fluktprofilen er falkeliknande med lange venger og hale, hovudet er stort i høve til kroppen. Det typiske trekket ved utsjånaden er den sterkt kamufleranda fjørdrakta, vaksne fuglar av nominatunderarten i Europa har gråbrunspragla overside med mørke striper, ein bleikare brungul baknakkekrage og ei kvit «bartlinje». Den samanlukka vengen er grå med brungule flekker, og undersida er gråbrun, med brune tverrstriper og brungule flekker. Natteramnane har eit nebb som er kort og mørkt, men gapet er vidt. Dei har korte, luftige fjørbustar rundt nebbet. Iris er mørkebrun, auga har eit mysande uttrykk. Beina korte, dei og føtene er brune.[5] Fjørdrakta gjer enkeltindivid krevjande å observere om dagen når dei kviler rørslelaust på bakken med nedfallslauv, eller kviler på langs på ei grein. I tussmørke kan hannen vise kvite flekker mot vengespissane og kvite spisser på dei ytste halefjørene i flukt. Desse kvite markeringane er skildnadene på kjønna. Elles oppdagast natteramnar av den kraftige songen frå hannar i hekketida.

Dei seks underartane skil seg ved at dei blir gradvis litt bleikare og litt mindre, samt at dei kvite vengflekkane hos hannar blir aukande frå vest mot aust.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Hekkeområdet strekker seg frå Irland i vest, over Europa nord til sørlege Fennoskandia, austover over det meste av Kasakhstan og over heile Mongolia med nærliggande område i Kina. I sør òg i Nordvest-Afrika, Tyrkia, Iran og til og med Pakistan i aust. Overvintring skjer i Vest-Afrika frå omtrent Senegal til Kamerun, samt i austlege og sørlege Afrika sør for ekvator, omtrent frå grensa Kenya-Tanzania og sør til sørlegaste Sør-Afrika.[6]

Det føretrekte habitatet er tort, ope land med nokre tre og småbuskar, som heiar, skogryddingar eller nyplanta skog. Hannfuglar av natteramn okkuperer eit territorium om våren og annonserer nærværet sitt med ein særeigen, vedvarande karringtrille frå ei grein. Han patruljerer territoriet sitt med flyging, jagar inntrengarar medan vengeklapp og læte. Vengeklapping skjer òg når hannen jagar hoa i ei spiralforma oppvisingsflyging. Natteramnen bygger ikkje reir, og dei to grå og brunflekte egga blir lagde direkte på bakken. Egga klekk etter ca. 17-21 dagar, og ungane flyg etter ytterlegare 16-17 dagar.

Natteramn beitar på eit breitt utval av flygande insekt som dei grip under flukt. Ofte fangar dei byttet i flukt frå ein utkikksplass på ei grein. Dei jaktar med hjelp av synet og silhuettar av byttet mot nattehimmelen. Auga er relativt store, kvar med eit reflekterande lag som forbetrar nattesynet.

I Noreg hekkar natteramnar rundt Oslofjorden, dels òg sørvestover inn i Agder, og fåtalige spreidd inn på indre Austlandet.[7] Dei kjem til landet i mai og forlèt i september.[8]

Den globale populasjonen er trudd å overstige 3 millionar individ og er minkande. Dei viktigaste truslane mot arten er tap av habitat, forstyrring og reduksjon av insektbyttet gjennom bruk av plantevernmiddel. Sjølv om storleiken på populasjonen søkk, betyr det store talet og det store utbreiingsområdet at arten blir klassifisert som livskraftig, LC, av IUCN.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av nattravn Caprimulgus europaeus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. Haftorn, Svein (1925-2003) (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 465. 
  3. Lundevall, Carl-Fredrik. Fugler i Norge og Norden. Damm, 2005. s. 163. ISBN 978-82-0410-090-0. 
  4. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 90. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  5. Cleere, N. and D. A. Christie (2020). Eurasian Nightjar (Caprimulgus europaeus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.eurnig1.01
  6. 6,0 6,1 BirdLife International (2020) Species factsheet: Caprimulgus europaeus. Downloaded from http://www.birdlife.org henta 9. november 2020
  7. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 
  8. Norsk Ringmerkingsatlas Vol. 2 hos Naturhistorisk museum, side 79, UiO, 2006