Kantonen Jura
Utsjånad
| Jura | |||
| Jura, Giura, Giura | |||
| kanton | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Delémont | ||
| Høgaste punkt | Mont Raimeux | ||
| • høgd | 1 302 moh. | ||
| Areal | 838,51 km² | ||
| Folketal | 74 548 (1. januar 2024)[1] | ||
| Språk | fransk | ||
![]() Kantonen Jura 47°22′00″N 7°09′00″E / 47.366666666667°N 7.15°E | |||
| Wikimedia Commons: Canton of Jura | |||
Republikken og kantonen Jura (fransk République et Canton du Jura) er den nyaste av kantonane i Sveits og ligg i den nordvestlege delen av landet. Hovudstaden i kantonen er Delémont.
Distrikt og kommunar
[endre | endre wikiteksten]Jura omfattar tre distrikt, som er delt opp i til saman 83 kommunar. Dei tre distrikta er Delémont, Porrentruy og Franches-Montagnes.
Samfunn og soge
[endre | endre wikiteksten]Fransk språk er kantonsspråk. Den einaste kommunen som er tyskspråkleg er Ederswiler i nordaust.
Dei fleste innbyggarane i Jura soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Jura vart skilt ut frå kantonen Bern i 1979 etter lang tids strid. Bern er hovudsakleg tyskspråkleg og protestantisk, medan Jura er franskspråkleg og katolsk.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Tidsperioden Juratida, som har namn etter Jurafjella. Desse ligg delvis i kantonen Jura.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://dam-api.bfs.admin.ch/hub/api/dam/assets/36073801/master; vitjingsdato: 14. januar 2026.

