Nikosia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikosia
Styresmakter
Land Republikken Kypros og Nord-Kypros
Geografi
Flatevidd
 - By

 ? km²
Innbyggjarar
 - By (2004)

219 200
Koordinatar 35°10′″N 33°21′″EKoordinatar: 35°10′″N 33°21′″E
Diverse anna
Heimeside: www.nicosia.org.cy
Plassering
Nicosia Map.png

Nikosia eller Levkosia, engelsk og eldre norsk Nicosia (gresk Λευκωσία, eller Khora, Χώρα eller tyrkisk: Lefkoşa) er hovudstaden og den største byen på Kypros. Han ligg ved elva Pedieos og om lag midt på øya. Etter Berlinmurens fall og til den delte muren vart fjerna i mars 2007 av dei greske kypriotane, var hovudstaden den einaste delte hovudstaden i verda. Den nordlege delen av byen høyrte til det tyrkisk-kypriotiske Nord-Kypros, medan den sørlege delen høyrte til den gresk-kypriotiske Republikken Kypros. Byen var delt av «den grøne linja», men i motsett til Berlin under den kalde krigen, som vart kalla Aust- og Vest-Berlin, vart ikkje utrykka Nord-Nikosia og Sør-Nikosia brukt. I 1974 invaderte Tyrkia og okkuperte 36 % av øya, og delte hovudstaden i to. Dei tyrkiske kypriotane nytta byen som hovudstad i staten Nord-Kypros, som ikkje er internasjonalt annerkjend av andre land enn Tyrkia.

Folketalet i delen av byen som er under Republikken Kypros sitt styre var 206 200 i 2001. Nikosia er ein moderne, dynamisk hovudstad med mange butikkar, restaurantar og underhaldning. Byen er eit handelssentrum og produserer tekstilar, lêr, keramikk, plastikk og andre produkt. I nærleiken ligg kopargruver. I byen ligg òg Kypros universitet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd av egyptarar300-talet. I antikken vart byen kalla Ledrae. Det greske namnet Lefkosia kjem frå Ptolemaios I av Egypt sin son, som grunnla byen. På 1000-talet vart byen hovudstad på Kypros. Under namnet Ledrea kom Nikosia inn under Venezia i 1489. Namnet Nikosia byrja ein å bruke på 1100-talet. Då ottomanarane erobra byen i 1570 vart om lag 20 000 menneske skada. Rundt 1960, då Kypros fekk sjølvstende av Storbritannia, starta ein valdeleg periode mellom dei greske og tyrkiske kypriotane, og i 1974 invaderte Tyrkia øya. Sidan den gong har det eksistert ei SN-sone i byen.