Éngomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Éngomi
Έγκωμη
Engomi
Styresmakter
Land
Distrikt
Republikken Kypros
Levkosía
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2011)

18 010
Koordinatar 35°10′″N 33°19′″EKoordinatar: 35°10′″N 33°19′″E
Diverse anna
Heimeside: http://www.engomi.org/
Plassering
Éngomi is located in Kypros

Éngomi (gresk Έγκωμη, tyrkisk Engomi) ligg i den vestlege delen av byområdet til LevkosíaKypros og er ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.[1]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 18 010 innbyggjarar.[2]

Éngomi inngår i storbyområdet til Levkosía.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Éngomi oppstod mest sannsynleg i 1567 etter at hus, om lag 80 kyrkjer og kloster utanfor Levkosía (Nikosia) vart rivne. Venetianarane bygde så den nye bymuren rundt Nikosia som står den dag i dag. Då dei gamle murane blei rivne og dei nye bygde, blei omkrinsen redusert for å styrke forsvarsevna og avgrense talet på soldatar som var nødvendig for å bemanne dei. Dei heimlause innbyggarane frå dei rivne busetjingane vart flytta sørvest for Levkosía eit stykke utanfor bymuren og ein halv kilometer frå den eksisterande landsbyen Ájos Dométios. Saman med bønder i lokalområdet grunnla dei Engomi. Den fyrste kjernen i busettinga utgjorde området nordaust for den gamle kyrkja Ájos Nikólaos (nær Makáriosplassen).[4]

Kommune[endre | endre wikiteksten]

Engomi EN.jpg

Engomi blei ein kommune i Kypros i februar 1986. Dette skjedde etter ei folkeavstemming under kommuneloven av 1985 (lov 111/85). Den fyrste ordføraren og byråd blei vald i valet som blei halde mai 1986. Den fyrste folkevalte ordføraren var Mikhalákis Zivanáris.

Kommunestyret består av 12 folkevalde og ordføraren. Ifølgje kommunelovane blir desse valde i val som blir haldne i desember kvart femte år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.