Noël av Joan Baez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noël
Studioalbum av Joan Baez
Språk engelsk, tysk
Utgjeve 21. november 1966
Innspelt 1966
Sjanger Viser, Christmas
Lengd 41:00
Selskap Vanguard
Produsent Maynard Solomon
Joan Baez-kronologi 
Farwell, Angelina
(1965)
Noël Joan
(1967)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars lenkje

Noël er eit julemusikkalbum av Joan Baez, gjeve ut i 1966.

Ho arbeidde med arrangøren og dirigenten Peter Schickele (PDQ Bach) og det var første gongen Baez ikkje nytta det vanlege gitarbaserte viseformatet. Ho arbeidde vidare med Schickele på dei to neste albuma hennar, som begge bestod av klassisk instrumentering.

I motsetnad til julemusikkalbum av mange andre populære artistar, tok Baez stort sett med tradisjonelle songar, og unngjekk meir letthjarta og kommersielle julesongar til fordel for ein meir melankolsk og underdriven tone. Ho tok med både kjende («The Little Drummer Boy») og meir obskure («Down in Yon Forest») songar. Albumet inneheld fleire korte instrumentalar arrangerte av Schickele.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Original LP[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«O come, O come, Emmanuel»Tradisjonell3:05
2.«Coventry Carol»Tradisjonell2:00
3.«Good King Wenceslas» (instrumental)Tradisjonell0:27
4.«The Little Drummer Boy»K. Davis, H. Onorati, H. Simeone3:09
5.«I Wonder As I Wander»J. Niles3:56
6.«Bring a Torch, Jeanette, Isabella» 0:39
7.«Down in Yon Forest»Tradisjonell1:42
8.«The Carol of the Birds»Tradisjonell3:31
9.«Angels We Have Heard on High» (instrumental)Tradisjonell1:24
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Ave Maria»Franz Schubert4:10
11.«Mary's Wandering»Tradisjonell3:19
12.«Deck the Halls» (instrumental)Tradisjonell0:23
13.«Away in a Manger»J. Murray1:59
14.«Adeste Fideles (O Come, all ye Faithful)» (instrumental)Tradisjonell0:51
15.«Cantique de Noël (O Holy Night)»A. Adam3:50
16.«What Child Is This»Tradisjonell2:30
17.«Silent Night»Tradisjonell2:30
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«The First Noel»Tradisjonell2:32
15.«We Three Kings»Tradisjonell1:51
16.«Virgin Mary»Tradisjonell3:04
17.«Good Christian Kings»Tradisjonell0:56
18.«Burgundian Carol»Tradisjonell4:38
19.«Away in a Manger»J. Murray1:58