Joan av Joan Baez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joan
Studioalbum av Joan Baez
Utgjeve August 1967
Innspelt April til juni 1967
Studio Vanguard Studios, New York City
Sjanger Viser
Lengd 44:49
Selskap Vanguard VSD79240 (USA)
Fontana STFL 6082 (Storbritannia)
Produsent Maynard Solomon
Joan Baez-kronologi
Noël
(1966)
Joan Portrait of Joan Baez
(1967)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg link

Joan er eit studioalbum frå 1967 av Joan Baez. Etter å ha spelt dei fleste vanlege, tradisjonelle visene fram til 1967, samarbeidde Baez her med komponisten Peter Schickele (som ho hadde arbeidd med på julemusikkalbumet Noël året før), på eit album av orkestrerte songar, hovudsakleg coverversjonar av då moderne pop- og rock and roll-songar. Albumet inneheld songar av Donovan, Paul Simon, Tim Hardin, The Beatles og Richard Fariña, i tillegg til songar av Jacques Brel og Edgar Allan Poe.

Innspelinga av «Children of Darkness» var ei hyllest til svogeren hennar, romanforfattaren og musikaren Richard Fariña, som hadde omkomme i ei motorsykkelulukke eit år tidlegare.

«La Colombe» er ein fransk antikrigssong om franske soldatar som vert sendte til krigen i Algerie.

I 2003 gav Vanguard ut albumet på ny med to bonusspor: «Oh, Had I a Golden Thread» og «Autumn Leaves».

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

I følgje notata i omslaget til 2003-utgåva vart biletet av Baez teken medan ho låg. Biletet vart så snudd nitti grader slik at det ser ut som om ho står eller sit oppreist. Biletet vart teke av den franske fotografen Alain Gaveau,[1] som ho hadde eit romantisk forhold til på den tida. Han tok òg bilete for det førre albumet hennar, Noel, og boka Daybreak.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Be Not Too Hard»  Donovan, tekst: Christopher Logue 0
2. «Eleanor Rigby»  John Lennon, Paul McCartney 0
3. «Turquoise»  Donovan 0
4. «La Colombe (The Dove)»  Jacques Brel 0
5. «Dangling Conversation»  Paul Simon 0
6. «The Lady Came from Baltimore»  Tim Hardin 0
7. «North»  Joan Baez, Nina Dusheck 0
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
8. «Children of Darkness»  Richard Fariña 0
9. «The Greenwood Side»  Tradisjonell 0
10. «If You Were a Carpenter»  Hardin 0
11. «Annabel Lee»  Don Dilworth; tekst: Edgar Allan Poe 0
12. «Saigon Bride»  Baez, Dusheck 0

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1967 Billboard Pop Albums 38


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joan album credits Joan Baez discography. Accessed 20. februar 2017.
  2. Joan Baez, And A Voice to Sing With: A Memoir, Simon and Schuster, 2012, p. 129 (via Google Books) Accessed 20. februar 2017.