Any Day Now av Joan Baez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Any Day Now
Studioalbum av Joan Baez
Utgjeve Desember 1968
Innspelt September 1968
Studio CBS Studios i Nashville
Sjanger Viser
Lengd 65:28
Selskap Vanguard
Produsent Maynard Solomon
Joan Baez-kronologi
Baptism: A Journey Through Our Time
(1968)
Any Day Now David's Album
(1969)


Any Day Now er eit dobbeltalbum av Joan Baez frå 1968 med utelukkande songar av Bob Dylan. Det nådde 30. plassen på Billboard Pop Albums-lista i USA.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Seks av songane på albumet var ikkje gjevne ut på offisielle Dylan-plater før. Den eine songen, «Love is Just a Four-Letter Word», har visstnok aldri blitt spelt inn av Dylan sjølv. Albumet vart produsert under ei einaste lang innspeling i Nashville i september 1968, og gav nok materiale til to album: Any Day Now og David's Album i 1969. Baez reiste attende til Nashville for å spele inn musikk fleire gonger dei neste åra.

Baez la notane til Bob Dylan på golvet føre seg, lukka augo og valte songane i tilfeldig rekkefølgje, slik dei enda opp på albumet.

Joan Baez laga illustrasjonar til kvar av songane, som vart trykte på omslaget.

I 1969 hadde albumet seld til gullplate.

Vanguard gav på 2000-talet ut albumet på ny med to bonusspor: «Blowin' in the Wind» og «It Ain't Me Babe», begge konsertopptak frå den japanske turneen hennar i 1967.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone(positiv)[2]

I meldinga si for Allmusic skreiv Thom Jurek om albumet: «Empatien hennar for materialet, den skarpe forståinga hennar av lydverda til Dylan, og hennar eigen praktfulle røyst bringer ein ny dimensjon til desse seksten songane, og nærast utvidar meininga deira. Det finst ingen betre tolkar av musikken til Dylan, og sjølv om ein finn bevis for det på tidlegare album (som Joan frå 1967), vert dette stadfesta her. Til sjuande og sist er Any Day Now, som Joan og David's Album, Baez å sitt mest intenst inspirerande og kreative.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Love Minus Zero/No Limit»   2:41
2. «North Country Blues»   5:00
3. «You Ain't Goin' Nowhere»   2:55
4. «Drifter's Escape»   2:50
5. «I Pity the Poor Immigrant»   3:45
Side to
# Tittel Lengd
6. «Tears of Rage» (Bob Dylan, Richard Manuel) 4:20
7. «Sad Eyed Lady of the Lowlands»   11:19
Side tre
# Tittel Lengd
8. «Love Is Just a Four-Letter Word»   4:25
9. «I Dreamed I Saw St. Augustine»   2:57
10. «Walls of Red Wing»   4:25
11. «Dear Landlord»   2:57
12. «One Too Many Mornings»   3:10
Side fire
# Tittel Lengd
13. «I Shall Be Released»   3:59
14. «Boots of Spanish Leather»   4:34
15. «Walkin' Down the Line»   3:24
16. «Restless Farewell»   5:56

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1969 Billboard Pop Albums 30

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jurek, Thom. «Any Day Now > Review». Allmusic. Henta 13. oktober 2018. 
  2. Grissim Jr., John (19. april 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.).