Nordland Mållag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordland Mållag er fylkeslaget for Noregs Mållag for Nordland. Fylkeslaget ligg for tida nede.

I 2023 hadde Noregs Mållag 121 medlemmar i Nordland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før 1925[endre | endre wikiteksten]

Før 1925 var det ikkje noko fylkeslag i Noregs Mållag som dekte Nordland fylke.

1925-1938: Hålogaland mållag[1][endre | endre wikiteksten]

Hålogaland mållag blei skipa i Sandnessjøen i 1925[2] og meldte seg inn i Noregs Mållag i 1927.[3] Odin Benum, som var styrar ved Vefsn folkehøgskole, fekk skipa laget og var leiar.

Hålogalands mållag hadde årsmøte på Tjøtta 26. juni 1927. Det var registrert 7 mållag til årsmøtet. Odin Benum blei attvalt til formann.[4]

Hålogalands mållag hadde stemna og årsmøte på Nesna 9. juni 1929.[5] [6] Til årsmøtet var det registrert 226 medlemmar fordelt på 9 mållag. 30 møtte fram på årsmøtet, og dei fekk bl.a. med seg foredrag av Benum, dosent Bergsgård og lærar Todal. Odin Benum blei attvalt til formann[7]

31. august 1930 blei det halde årsmøte og stemna i Vefsn med gudsteneste ved domprost Haugsøen, årsmøte på folkehøgskolen, etterfølgt av foredrag av Haugsåen og Øverås. Odin Benum blei attvalt som formann.[8]

På årsmøtet i Korgen i juni 1932 blei Odin Benum attvalt til formann.[9]

Søndag 26. august 1934 var det årsmøte på Herøyholmen. Sokneprest Ola Røkke heldt preik, og på ettermiddagen tala lærar Langset og Røkke i ungdomshuset. Om kvelden skipa Herøy mållag til fest med spelstykke og opplesnad. Odin Benum blei attvalt til formann [10] [11].

I 1937 melde Odin Benum at laget i praksis var lagt ned.[12] 13. juni 1938 døydde Odin Benum.[13] [14]

Hålogaland målkontor blei skipa i 1921, og styraren heldt først til i Trondenes herad (1921-1929), deretter i Tromsø (1929-1935), for så å ende i Trondenes (1935-1940). Det var Troms Fylkesmållag og Troms ungdomsfylking som stod bak målkontoret, men etter kvart kom også Lofoten og Vesterålen ungdomslag med i styringa.[15] Målkontoret hadde også Nordland som arbeidsfelt.[16]

1948-1957: Nordland Fylkesmållag[17][endre | endre wikiteksten]

Nordland Fylkesmållag blei skipa 13. juni 1948 . Det skulle femne om heile Nordland, og Ivar Strompdal blei valt til formann,[18] som han var fram til 1952.[19] 

Årsmeldinga som blei lagt fram på årsmøtet i Sandnessjøen laurdag 16. juli 1954 viste at laget hadde arbeidd for å få meir nynorsk i presse og kringkasting. Årsmøtet vedtok ei fråsegn til departementet der dei bad om at det måtte bli sett i verk tiltak for å gjennomføre måljamstellinga når det gjaldt lærebøker ved skolane.[20]

I 1955 sendte fylkesmållaget lektor Olav Sunnanå, Nesna, som utsending til landsmøtet i Noregs Mållag.[21].

På årsmøtet 18. mai 1957 blei det vedtatt å dele fylkeslaget i to: Helgeland Mållag og Nordre Nordland Mållag.[22]

1957-1966: Forsøk på todelt fylkeslag[23][endre | endre wikiteksten]

Helgeland Mållag blei skipa 26. mai 1958 på eit møte i Mosjøen, og Mathias Sellæg Moe, Nesna, blei valt til formann. På skipingstidspunktet ser det ut til å ha vore berre tre mållag i drift: Nesna mållag, Tjøtta mållag og Vefsn og Mosjøen mållag.[24] Fylkeslaget for søre Nordland ser ut til å ha vore i drift fram til 1961-62.

Nordre Nordland Mållag blei skipa 18. mai 1957 i Bodø. Området for laget skulle vere nordre delen av Nordland nordom Saltfjellet. Første formannen var Kåre Breivik, Bodø. Ved oppstarten hadde laget 80 medlemmar i seks medlemslag: Bøstad Målring, Sortland Mållag, Hadsel Mållag, Bodø og omland Mållag, Narvik og omland Mållag og Bjørnskinn Mållag.[25] Nordre Nordland Mållag endra namn til Nordland Mållag på årsmøtet sitt i 1967.[26]  

1967-1990-talet: Nordland mållag[27][endre | endre wikiteksten]

Nordland mållag var eit direkte framhald av Nordre Nordland Mållag. Namnebytet blei gjort på årsmøtet i 1967. Tanken var at laget skulle femne om heile Nordland, men i praksis blei dette eit fylkeslag for Nordre Nordland. Lokallaga i sørfylket var direkte innmeldte i Noregs Mållag.[28] 

Fylkeslaget arbeidde aktivt på mange område fram til 1990-talet. Det blei halde årsmøte 23. mai 1987, men leiaren flytta sommaren 1987, og fylkeslaget blei liggande nede. Det blei ikkje halde nytt årsmøte før i 1991. Så gjekk det igjen ei god tid før neste årsmøte. Siste registrerte årsmøte i Nordland mållag er i 1997, men litt etter blei i praksis fylkeslaget lagt ned.[29]

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Hålogaland mållag (1925-38):[endre | endre wikiteksten]

Nordland Fylkesmållag (1947-1957):[endre | endre wikiteksten]

Helgeland Mållag 1958-1962?[endre | endre wikiteksten]

Nordre Nordland Mållag (1957-1967)[34][endre | endre wikiteksten]

Nordland mållag (1967-1990-talet)[endre | endre wikiteksten]

Medlemslag og lokale mållag[endre | endre wikiteksten]

Desse lokale mållag i Nordland står tilslutta Noregs Mållag:[45]

Lokale mållag i Nordland før 1945[50][endre | endre wikiteksten]

  • Vefsn og Mosjøen mållag blei skipa i 1898 og er framleis i verksemd.
  • Vefsn og Mosjøen Kvinnemållag blei skipa i 1902 og var i verksemd til 1930-åra.[51]
  • Mo Mållag blei skipa i mars 1906 med rundt 30 medlemmar.[52] I juni 1911 heldt O. Benum foredrag om «Norsk Bondekultur»,[53] og 3. september 1911 preika pastor Haugsøen i kyrkja og heldt deretter foredrag i mållaget.[54] Årsmøtet i 1913 var grundig kunngjort[55], men det var likevel dårleg oppmøte.[56] Laget heldt julefest i januar 1914[57] med rundt 120 selde billettar.[58] Frammøtet til julefesten i 1915 var ikkje så godt. «Det var ikkje nett noko høvelegt ver for dei som har lange vegar. Sterk storm.»[59] Laget blei lagt ned før 1925. Formann var i lengre tid Theodor Scheflo.[60][61]
  • Skonseng mållag blei skipa i 1908 og oppattskipa i 1926 med lærar Dahlberg som formann.[62][63] Laget endra namn til Mo og Nord-Rana Mållag i 1928.[64] Laurdag 26. oktober 1929 heldt laget ein fest med foredrag på Skonseng[65] På årsmøtet i desember 1929 blei lærar Dahlberg attvalt som formann. Laget hadde då ei bunadsnemnd og ei leiknemnd og eit eige handskrive blad[66][67] Etter årsmøtet i 1931 høyrer vi ikkje meir til laget.[68]
  • Lurøy Mållag blei skipa i 1908 og lagt ned før 1925.
  • Gimsøy mållag blei skipa 13. desember 1908.[69] Laget var aktivt med å tinge Norsk Barneblad,[70] og arrangerte også festar.[71][72] Laget var aktiv med loddsal[73], og i 1936 fekk Gimsøy mållag tildelt dagsverksbidrag til å arbeide på folkebadet [74]. 5. og 6. oktober 1937 hadde Gimsøy mållag besøk av Anders Underdal som reiste rundt til laga i Lofoten og Vesterålen ungdomslag [75]. Laget var også innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag (Noregs Ungdomslag).[69]
  • Sulitjelma Mållag blei skipa i 1909, og 250 hadde teikna seg som medlemmar; Halvard Arneson blei valt til formann.[76] Laget planla ein kveldsskole i januar 1915 med «norsk skriving og lesing og rekning. Og so litt elektrisitetslæra kanskje.» Lærar Johannes Eidnes stod for innkallinga.[77] Laget blei lagt ned før 1925.
  • Mållaget Framstig på Nord-Andøy (Andenes Mållag)[78] blei skipa i 1910. Laget inviterte til brevkveld 4. desember 1910, leiar var Hans Eidnes, som var lærar på Haugnes på Andøya. [79]. Laget blei lagt ned etter kort tid.
  • Drevja mållag blei forsøkt skipa i 1912,[80] men skipingsmøtet blei utsett,[81] og det ser ikkje ut til at laget kom i gang.
  • Heimhug mållag i Borge blei skipa i 1913 og lagt ned i 1919.
  • Bøstad Mållag blei skipa i 1913, laget hadde også ei kort blomstring etter 1950.
  • Framsteg Mållag , Seløy i Herøy, blei skipa 1. november 1914 med 12 medlemmar, og Ivar Sevaldsen blei valt til formann.[82] Laget var i verksemd kort tid.[83]
  • Bø Mållag, Straume, Bø i Vesterålen, var i verksemd seinast frå 1913, men alt sommaren 1909 var det eit ungdomsstemne på Straume der det blei tala både på og om "maalet" (landsmålet) av både Anders Hovden, Oddmund Vik og Sven Moren [84]. Mållaget hadde Aasen-fest på Straume 17. august 1913.[85] Noregs Mållag fekk medlemspengar frå Bø mållag for 1914, 1915 og 1916.[86] Laget heldt norsk-kurs i 1915[87] og «grønsakkursus» i 1917.[88] Laget låg nede i 1922,[89] men var oppe å gå igjen i 1928[90] og 1929[91] før det blei stille i 1930.[92] Laget var innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag 1922-1930.
  • Narvikkrinsen Mållag blei skipa før 1916.
  • Bodin og Bodø Mållag blei skipa 24. juni 1916 med 30 medlemmar, og landbrukslærar Karl Fjærvoll blei valt til formann.[93] [94] Laget hadde ein vellykka fest i 1917 med 70 frammøtte.[95] Det ser ikkje ut til at dette laget var i verksemd særleg lenge. Karl Fjærvoll sa opp stillinga si som landbrukslærar hausten 1920 og flytta frå byen.[96] Bodø og Bodin mållag blei oppattskipa i 1957 (seinare: Bodø og omland mållag, Salten mållag)
  • Nesna elevmållag, ved Nesna lærarskole, blei skipa i 1918, og var i verksemd i alle fall til slutten av 1930-talet,[97] [98] laget gav også ut bladet Tungalda.[99]
  • Mållaget Vårvon , Straum i Borge, blei skipa 15. august 1920. Laget var også innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag (Noregs Ungdomslag).[100] Laget blei skipa av lærarskoleelev (seinare lektor) Martin Strømnes, formann i 1950 var Marius Evjeberg.[101]
  • Millomsjona mållag blei skipa på Fuglestad i Nordsjona (no: Rana kommune) 11. juni 1922, med Marselius Steinslett til formann og 22 medlemmar.[102] Søndag 3. desember 1922 gjesta Mellomsjona mållag Nordsjona og oppførte spelstykket "Dei kvinnfolka" for rundt 60 tilhøyrarar. Søndag 10. desember 1922 var det kretsmøte i Nordsjona der spørsmålet om å kreve målrøysting blei tatt opp. Ingen var imot landsmålet, og mot 1 røyst blei det vedtatt å sende eit skriv til Nesna skolestyre der ein kravde målrøysting.[103] Neste livsteikn frå Millomsjona mållag er frå årsmøtet i januar 1936 der M. Steinslett blei valt til formann med eit fulltalig styre [104] [105]. Millomsjona mållag var i verksemd til uti 1930-åra.[106]
  • Saltdal Mållag blei skipa i 1924 og lagt ned etter kort tid.[107]
  • Vega Mållag blei skipa i 1924[108] 23. september 1928 møtte 200 tilhøyrarar fram på Galdstad for å høyre høgskolelærar O. Benum sitt foredrag i mållaget.[109] Laget blei lagt ned i 1930-åra.
  • Hattfjelldal Mållag blei skipa i 1925.[110] Formann i 1925 og 1926 var Olav Tustervatn.[111] Siste gong vi høyrer frå laget, er i 1931.[112]
  • Leirfjord Mållag blei skipa i 1925,[113] laget var i verksemd til 1980-talet.
  • Nesna Mållag blei forsøkt skipa i 1920,[114] men det blei ikkje skipa før i 1925[115] og lagt ned i 1930-åra.[116]
  • Korgen Mållag blei skipa i 1920 med Knut Helbækmo til leiar,[117] [118] men det ser ut til at det gjekk litt trått i starten. 13. september 1925 heldt Odin Benum foredrag i ungdomshuset i Korgen, og det blei då bestemt å få mållaget i sving att.[119] Laget blei oppattskipa 11. oktober 1925 med Lars Valla som formann.[120] 7. februar 1926 hadde mållaget ein vellykka fest på ungdomshuset i Oldernes, og folk var «vel nøgde med festen.»[121] Laget stelte til ein revy i 1929.[122] I februar 1929 heldt laget årsmøte og valde Per L. Valla til formann[123] I april 1929 heldt laget eit foredrag i ungdomslokalet, med overlærar Mo frå Nesna[124] I mai 1929 kunne laget melde at dei hadde gitt ei kvartårstinging av Norsk Barneblad til alle skoleungane i Korgen, i alt 115 heimar[125] Laget ser ut til å ha blitt lagt ned rundt 1930.
  • Brønnøy Mållag blei skipa 6. november 1926 på Kroknes med lærar Øyen som formann; 17 medlemmar meldte seg.[126] [127] 26. februar 1927 hadde laget besøk av skrivaren i Noregs ungdomslag og Noregs Mållag, Aslak Torjussen.[128] [129] Laget hadde også eit medlemsmøte i mai 1928[130], og 22. september 1928 fekk laget besøk av høgskolestyrar O. Benum som fortalde om «maalframvoksteren her heime i jamføring med arbeidet for den nasjonale maalframvoksteren serleg i Finnland og Irland.»[131] Laurdag 1. mars 1930 heldt mållaget årsmøte i Brønnøy kommunelokale med foredrag av Evjen[132] Siste gong vi høyrer om laget er i 1932.[133]
  • Tjøtta Mållag blei skipa 9. oktober 1927[134] og lagt ned i 1930-åra. Laget blei oppattskipa i 1952.[135]
  • Herøy Mållag blei skipa i 1933 og lagt ned før krigen.[136]
  • Tjeldsund Mållag blei skipa i 1934[137] og lagt ned i 1950-åra.

Lokale mållag i Nordland etter 1945[138][endre | endre wikiteksten]

  • Leirfjord mållag, som blei skipa i 1925, feira 25 år på årsmøtet laurdag 9. desember 1950. Formannen, Harald Einmo, som hadde vore formann i 15 år, ønskte ikkje attval, og Ole Løkås blei valt til ny formann.[139] Løkås deltok i fleire avisdebattar om nynorsk i Leirfjord [140] [141]. Løkås blei i 1952 valt til formann i Nordland mållag [142].
  • Tjeldsund Mållag som blei skipa i 1934, hadde litt aktivitet i åra 1947-52.[143]
  • Mållaget Vårvon på Bøstad i Borge feira 30-årsdag i oktober 1950, men etter 1953 høyrer vi ikkje meir frå laget. Laget var innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag.[144] Formann i 1950 var Marius Evjeberg.[101]
  • Gimsøy mållag , som blei skipa i 1908, låg nede etter krigen, aktiviteten blei tatt opp i 1952.[145] Vi høyrer også frå laget i 1956. [146] Laget var innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag.[147] I 1962 endra laget namn til Ul Dønning.[148]
  • Tjøtta mållag blei oppattskipa i 1952,[149] med Magnus Jetne som formann [150]. 23. oktober 1954 arrangerte mållaget eit større møte med debatt om nynorsk eller bokmål, innleiar var folkehøgskolestyrar Rørmark. [151]. Foredraget var i høve avstemmingar om skolemålet i Tjøtta. [152]. Laget var i aktivitet nokre år.[153]
  • Nesna mållag blei oppattskipa i 1953,[154] med Ottar Berg til formann [155]. Laget var i verksemd kort tid.
  • Bøstad målring blei oppattskipa i 1954 med Solrun Evjeberg som leiar.[156][157] Målringen var i verksemd til og med 1968.
  • Narvik og omland mållag blei skipa 13. mars 1954.[158] Den første formann var lektor Heggland, men då han flytta, tok Andreas Indregard over i 1957.[159]. Laget låg nede mellom 1958 og 1967. Etter 1967 var laget i jamt arbeid fram til 1987.
  • Bjørnskinn mållag blei skipa i 1955 som eit mållag for sørlegaste delen av Andøya, gamle Bjørnskinn herad. Laget blei lagt ned i 1974.[160]
  • Bodø og omland mållag blei skipa 27. mai 1956 under namnet «Bodø og Bodin mållag»,[161] men endra namnet i 1958.[162] Laget arrangerte kveldskurs i nynorsk i 1957. [163] Det var stor optimisme på årsmøtet laurdag 2. mars 1957.[164], og laget gav også ut eit eige meldingsblad som Nordlands Framtid siterte ifrå ved fleire høve [165] [166] [167]. Mållaget tok initiativ til å få Tarjei Vesaas nordover, og 24. mars 1957 arrangerte mållaget eit møte med Tarjei Vesaas i Bodø, [168] [169] og dette fekk god omtale. [170]. Vesaas besøkte også Nesna, Kabelvåg og Tromsø på denne turen.[171]. Mållaget deltok også i måldebattar i avisene, særleg i oppstartsåret. [172] I januar 1958 hadde laget besøk av reiseskrivar Amdal og dette gav god blest i avisene. [173] Laget sovna inn etter kort tid, men blei oppattskipa i 1967 [174] og var i verksemd til 1990-talet. I 2001 endra laget namn til Salten mållag.[175]
  • Hadsel mållag blei skipa 16. juni 1956,[176] og laget var i aktivt arbeid til sist på 1980-talet.[177]
  • Sortland mållag blei skipa 17. juni 1956,[178] og laget var aktivt til 1980-talet.
  • Aasenringen i Nordland stod i åra 1968-1970 tilslutta Nordland mållag.[179]
  • Hattfjelldal mållag blei prøvd oppattskipa på 1960-talet, men kom ikkje i gjenge før på 1970-talet; laget var i verksemd til ut på 1980-talet.[180]
  • Bø bygdelag blei skipa 28. oktober 1971, og sia 1979 har laget gitt ut årboka Bøfjerdingen. Bø bygdelag blei lagt ned i 2022.
  • Leirfjord mållag ser ut til å ha blitt oppattskipa i 1979.[181] Laget var i verksemd nokre år på 1980-talet.[182]
  • Vestvågøy bygdelag blei skipa 10. juni 1973. Laget gav ut årsheftet Lofot-liv i fleire år.[183]
  • Fauske mållag blei skipa 15. oktober 1979 og var i verksemd kort tid.[184]
  • Vågan mållag blei skipa i 1979 og var i verksemd kort tid.[185]
  • Rana mållag blei skipa 17. oktober 1984 og var i verksemd ei kort tid.[186]
  • Meløy mållag blei skipa i 1989 og var i verksemd ei kort tid.[187]
  • Andøy Mållag blei forsøkt skipa etter at Bjørnskinn mållag blei lagt ned på 1970-talet, men laget kom ikkje skikkeleg i gang og blei formelt lagt ned som medlemslag i Noregs Mållag i 2022 [48]
  • Salten mållag er frå 2001 eit framhald av Bodø og omland mållag.[188]

Elev- og studentmållag:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Oslo: Det Norske Samlaget.[202]
  • Lofoten og Vesterålen ungdomslag 1901-1931. Utgjeve av styret i Lofoten og Vesterålen ungdomslag.[203]
  • Hveding; Johan: Frilyndt ungdomsarbeid i Nordland. Eit 50-årsskrift. Marius Evjebergs forlag, Bøstad 1956.
  • Aviser i Nasjonalbiblioteket
  • Årsmeldingar for Noregs Mållag 2001-2024
  • Arkivet til Noregs Mållag (no i Riksarkivet)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 249 [1]
  2. «Den 17de mai 1925.01.20». Oslo. 20. januar 1925. 
  3. Den 17de mai, torsdag 6. januar 1927, Nordlands Avis, fredag 8. juli 1927
  4. Nordlands Avis, fredag 8. juli 1927
  5. Nordlands Folkeblad, lørdag 8. juni 1929
  6. Nordlands Avis, fredag 14. juni 1929
  7. Nordlands Folkeblad, onsdag 19. juni 1929
  8. Brønnøysunds Avis, mandag 8. september 1930
  9. Helgelands Blad, torsdag 30. juni 1932
  10. Helgelands Blad, torsdag 30. august 1934
  11. Nordlands Avis, fredag 31. august 1934
  12. Bull og Jetne: Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 249
  13. Norsk Tidend, torsdag 23. juni 1938
  14. Helgeland Arbeiderblad, fredag 17. juni 1938
  15. Bull og Jetne: Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 250ff
  16. Nordlands Avis, søndag 9. april 1933
  17. Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-282 [2]
  18. 18,0 18,1 Helgeland Arbeiderblad, onsdag 10. november 1948
  19. Årbok for Helgeland. 1998/99, side 105
  20. Helgelands Blad, mandag 19. juli 1954 "Nordland fylkesmållag"
  21. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 22. juni 1955
  22. Norsk Tidend, lørdag 15. juni 1957
  23. Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-285 [3]
  24. 24,0 24,1 Brev av 13. juli 1958 frå Helgeland Fylkesmållag, Mathias Sellæg Moe, til Noregs Mållag (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag)
  25. "Årsmelding 1957 frå Nordre Nordland [fylkeslag]." (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag).
  26. "Årsmelding 1967 for Nordland Mållag". (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag).
  27. Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 282-285 [4]
  28. Vefsn og Hattfjelldal var t.d. direkte medlemmar i 1993 (Årsmelding for Noregs Mållag 2001-2002, side 63, med oversyn for åra 1993-2001)
  29. "Nordland Mållag ligg framleis nede slik det har gjort i mange år." (Årsmelding for Noregs Mållag 2001-2002, side 26)
  30. Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg
  31. Nordlands Avis, fredag 8. juli 1927
  32. Helgelands Blad, torsdag 13. juni 1929
  33. Årsmeldingar frå Nordland Fylkesmållag 1952-53, 1954, 1955 (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag)
  34. Årsmeldingar frå Nordland mållag 1967-1978 (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag)
  35. Nordlands Framtid, lørdag 11. oktober 1958
  36. Fremover, tirsdag 21. mars 1978
  37. Nordlands Framtid, onsdag 20. februar 1985
  38. Fremover, mandag 12. mai 1986
  39. Heide blei valt til leiar på årsmøte 23. mai 1987, han flytta i august 1987, men administrerte fylkeslaget til 1991. Kjelde: "Årsmelding for Nordland mållag 22. mai 1987 - 1. mai 1991"
  40. Rana Blad, torsdag 20. juni 1991
  41. Helgelands Blad, lørdag 22. juni 1991
  42. Liv Ingebrigtsen blei i 1992 tilsett som kultursjef i Ballangen, sjå Fremover, torsdag 14. mai 1992 [5]
  43. "Nordland mållag. Årsrapport 1996 v/leiar Kjellrunn Krist. Trohaug"
  44. "Referat frå årsmøte i Nordland mållag i Bodø 5. april 1997"
  45. "Noregs Mållag: Årsmelding 2018-2020", side 73
  46. 46,0 46,1 "Noregs Mållag: Årsmelding 2018-2020", side 73, med denne merknaden: "Desse laga er anten for små (under 10 medlemmer) eller har ikkje levert årsmelding etter 2016."
  47. Mållag: Årsmelding 2022-2024 side 80
  48. 48,0 48,1 Mållag: Årsmelding 2022-2024 side 80
  49. Mållag: Årsmelding 2022-2024 side 80
  50. Dersom ikkje anna er oppgitt, så er kjelda: Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-285 [6]
  51. Kjell Jacobsen: Fra århundreskiftet til frigjøringsvåren : Vefsnbygdene ca. 1900-1945. Vefsn bygdebok bind 3 [7]
  52. Nordlands Folkeblad, mandag 19. mars 1906
  53. Helgeland, lørdag 24. juni 1911
  54. Helgeland, lørdag 24. juni 1911
  55. Ranens Folkeblad, onsdag 26. november 1913
  56. Ranens Folkeblad, onsdag 3. desember 1913
  57. Ranens Folkeblad, lørdag 3. januar 1914
  58. Ranens Folkeblad, onsdag 7. januar 1914
  59. Ranens Folkeblad, onsdag 6. januar 1915
  60. Nordlands Avis, torsdag 24. desember 1914: Nytt styr i Mo mållag
  61. Rana Blad, lørdag 24. februar 2001
  62. Dunderlandsdølen, onsdag 24. februar 1926
  63. Nordlands Avis, tirsdag 2. mars 1926
  64. Årsmelding 1928 for Mo- og Nord-Rana mållag: "Skipa 1926, leiar P. Dahlberg, Skonseng" (Kjelde: NM-arkivet)
  65. Helgeland, onsdag 23. oktober 1929
  66. Dunderlandsdølen, torsdag 12. desember 1929
  67. Nordlands Avis, tirsdag 10. desember 1929
  68. Nordlands Avis, tirsdag 20. januar 1931
  69. 69,0 69,1 "Lofoten og Vesterålen ungdomslag 1901-1931" Utgjeve av styret i Lofoten og Vesterålen ungdomslag. Side 36-37
  70. Den 17de Mai, torsdag 30. mars 1916
  71. Nordlendingen, torsdag 3. august 1916
  72. Lofotposten, lørdag 24. januar 1920
  73. Lofotposten, onsdag 19. november 1930
  74. Lofotposten, tirsdag 8. juni 1937
  75. Lofotposten, lørdag 25. september 1937
  76. Lauvsprett nr 1, 15de januar 1909
  77. Salten, onsdag 16. desember 1914
  78. Roger Lockertsen kallar laget for "Andenes mållag" i [Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, https://www.nb.no/items/dac428f6152ef05ae6991e19eb7b5949?page=253&searchText=%22Andenes%20m%C3%A5llag%22] side 252
  79. Lauvsprett no 20, laurdag 19. november 1910, 4de aargang
  80. Nordlands Folkeblad, mandag 30. september 1912
  81. Nordlands Folkeblad, torsdag 31. oktober 1912
  82. Helgelands Blad, tirsdag 10. november 1914
  83. Den 17de mai, torsdag 4. februar 1915
  84. Vesteraalens avis, fredag 23. juli 1909 "Maalstemna paa Straume"
  85. Salten, fredag 5. september 1913
  86. Noregs Mållag, Rekneskap frå 1/7 1915 (NM-arkivet)
  87. Den 17de mai, lørdag 6. mars 1915
  88. Nordlendingen, tirsdag 9. oktober 1917
  89. Norsk Ungdom, Oslo, nr 2-3, 15. mars 1922
  90. Norsk Ungdom, Oslo, 1928, side 79
  91. Norsk Ungdom, Oslo, 1928, side 60
  92. Norsk Ungdom, Oslo, 1930, side 39
  93. Den 17de mai, fredag 7. juli 1916
  94. Nordland, onsdag 5. juli 1916
  95. Nordland, mandag 29. januar 1917
  96. Nordland, fredag 17. september 1920
  97. Sigurd Arnekleiv:"Nesna lærarskole femti år : 1918-1968"
  98. Lofotposten, onsdag 10. november 1920
  99. Sigurd Arnekleiv:"Nesna lærarskole femti år : 1918-1968"
  100. "Lofoten og Vesterålen ungdomslag 1901-1931" Utgjeve av styret i Lofoten og Vesterålen ungdomslag, side 38.[8]
  101. 101,0 101,1 Bladet Midnattsol nr 21, 16. november 1950
  102. Nordlands Avis, lørdag 17. juni 1922
  103. Nordlands Avis, fredag15. desember 1922
  104. Avis, tirsdag 28. januar 1936
  105. Norsk Tidend, laurdag 1. februar 1936
  106. "Bygdeboka", Rana Blad 27. juni 2008, side 29
  107. Den 17de mai, torsdag 31. januar 1924
  108. Den 17de mai, onsdag 29. oktober 1924
  109. Brønnøysunds Avis, torsdag 27. september 1928
  110. Nordlands Avis, tirsdag 16. februar 1926
  111. Nordlands Avis, tirsdag 16. februar 1926
  112. Den 17de mai, onsdag 29. april 1931
  113. "Årsmelding 1927 for Leirfjord mållag": "Skipa 1925, leiar Oskar Båtstø, Meisfjord" (Kjelde: NM-arkivet)
  114. Nordlands Avis, mandag 2. februar 1920
  115. "Årsmelding 1928 for Nesna mållag": "Skipa 1925, leiar lærar Arnekleiv, Nesna" (Kjelde: NM-arkivet)
  116. Nordlands Avis, fredag 14. juni 1929
  117. Nordlands Avis, tirsdag 3. november 1925
  118. Nordlands Avis, onsdag 5. mai 1920
  119. Nordlands Avis, tirsdag 15. september 1925
  120. Nordlands Avis, tirsdag 3. november 1925 [9], Nordlands Avis, tirsdag 2. februar 1926 [10], Nordlands Avis, tirsdag 16. februar 1926 [11]
  121. Nordlands Avis, tirsdag 16. februar 1926
  122. Helgeland, lørdag 26. januar 1929
  123. Nordlands Avis, tirsdag 12. februar 1929
  124. Helgeland, lørdag 6. april 1929
  125. Nordlands Avis, tirsdag 7. mai 1929
  126. Brønnøysunds Avis, torsdag 11. november 1926
  127. Helgelands Blad, lørdag 13. november 1926
  128. Brønnøysunds Avis, torsdag 24. februar 1927
  129. Brønnøysunds Avis, mandag 28. februar 1927
  130. Brønnøysunds Avis, mandag 14. mai 1928
  131. Brønnøysunds Avis, mandag 24. september 1928
  132. Brønnøysunds Avis, mandag 24. februar 1930
  133. Den 17de Mai, laurdag 16. januar 1932
  134. "Årsmelding 1927 for Tjøtta mållag": "Skipa 1927, d. 9de oktober, leiar lærar Ivar Gamman, Skogsholmen" (Kjelde: NM-arkivet)
  135. Haugesunds Avis 6. mai 1952, side 3
  136. Nordlands Avis, fredag 31. august 1934
  137. Norsk Tidend, torsdag 3. april 1941
  138. Dersom ikkje anna er oppgitt, så er kjelda: Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-285 [12]
  139. Helgelands Blad, mandag 11. desember 1950 Leirfjord Mållag 25 år
  140. [https://www.nb.no/items/ec58117d95d7d903e74cfc0b1d5494bc?page=0&searchText=%22m%C3%A5llag%22 Helgelands Blad, fredag 14. desember 1951) "Leirfjord og landsmålet"
  141. Helgelands Blad, mandag 17. desember 1951 "Leirfjord og landsmålet (Framhald)"
  142. Helgeland Arbeiderblad, fredag 8. februar 1952
  143. Bladet "Midnattsol" 6.5.1947, 17.1.1952.
  144. Hveding; Johan: "Frilyndt ungdomsarbeid i Nordland. Eit 50-årsskrift. Marius Evjebergs forlag, Bøstad 1956, side 158: "Mållaget "Vårvon", Straum i Borge (1920). 1931-1956."
  145. "Melding om at Gimsøy Mållag i Lofoten er teke oppatt etter å ha kvild i nokre år" (Bladet "Midnattsol", 14. februar 1952.)
  146. Lofotposten, mandag 10. desember 1956 Innsamling til Ungarn
  147. Hveding; Johan: "Frilyndt ungdomsarbeid i Nordland. Eit 50-årsskrift. Marius Evjebergs forlag, Bøstad 1956, side 167: "Gimsøy mållag. Sydal i Gimsøy (1908). 1930-1950"
  148. "Ul Dønning – bygdas samlingspunkt" (100-årsjubileum, Lofotposten 21. november 2008)
  149. Haugesunds Avis, tirsdag 6. mai 1952
  150. Helgelands Blad, onsdag 10. juni 1953 Innkalling til årsmøte 1953
  151. Helgelands Blad, onsdag 20. oktober 1954
  152. Helgelands Blad, fredag 22. oktober 1954
  153. Helgeland Arbeiderblad, fredag 27. august 1954
  154. Nordlands Avis, fredag 30. oktober 1953
  155. Helgelands Blad, onsdag 28. oktober 1953
  156. Første årsmelding er sendt inn for 1957, og oppgir "1954" som skipingsår. "Årsmelding 1957 frå Bøstad Målring", (Arkivet til Noregs Mållag)
  157. Norsk Tidend, laurdag 2. juni 1956, side 8
  158. Tromsø, torsdag 23. juni 1955
  159. Fremover, torsdag 4. april 1957
  160. "Årsmelding 1974 frå Bjørnskinn mållag til Noregs Mållag" (Kjelde: Noregs Mållags arkiv)
  161. Norsk Tidend, lørdag 21. juli 1956
  162. Nordlandsposten, lørdag 11. oktober 1958
  163. Nordlandsposten, lørdag 2. februar 1957
  164. Nordlands Framtid, onsdag 6. mars 1957
  165. Nordlands Framtid, lørdag 9. mars 1957
  166. [https://www.nb.no/items/e237cfce7d28c984bae7cd3d4f139bbd?page=5&searchText=%22m%C3%A5llag%22 Nordlands Framtid, mandag 11. mars 1957 ]
  167. Nordlands Framtid, onsdag 13. mars 1957
  168. Nordlands Framtid, fredag 15. mars 1957
  169. Nordlandsposten, lørdag 23. mars 1957
  170. Nordlandsposten, torsdag 4. april 1957
  171. Lofotposten, onsdag 27. mars 1957
  172. Nordlands Framtid, tirsdag 19. mars 1957 Om sprog og språk. Av Per Straumfors
  173. Nordlands Framtid, tirsdag 21. januar 1958 "Noregs Mållag er på offensiven"
  174. Nordlandsposten, tirsdag 11. april 1967
  175. Nordlands Framtid, fredag 9. mars 2001; Nordlandsposten, onsdag 28. mars 2001
  176. Norsk Tidend, lørdag 21. juli 1956
  177. Lofotposten, mandag 27. oktober 1986
  178. Norsk Tidend, lørdag 21. juli 1956
  179. "Årsmelding frå Aasenringen i Nordland til Noregs Mållag", 1968, 1969, 1970 (Arkivet til Noregs Mållag)
  180. Helgeland Arbeiderblad, lørdag 14. februar 1981
  181. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 5. mars 1980
  182. Helgeland Arbeiderblad, lørdag 20. november 1982
  183. Lofotposten, torsdag 14. januar 1988
  184. Nordlands Framtid, onsdag 17. oktober 1979
  185. Lofotposten, lørdag 21. april 1979
  186. Rana Blad, lørdag 13. oktober 1984
  187. Noregs Mållag: Årsmelding 1994, side 47 og Årsmelding 1995-96, side 54
  188. Nordlandsposten, onsdag 28. mars 2001
  189. Bodø lærerskole 40 år, 1951-1991, Bodø 1993, side 92 : "Bodø Målungdom startet egen avdeling på lærerskolen i 1974" [13]
  190. Nordlandsposten, torsdag 9. november 1989: "Nynorsk i Bodøavisene?"
  191. første innlegg er registrert i Rana Blad, torsdag 3. mars 1977: "Dialektaksjon på Nesna"
  192. Rana Blad, mandag 4. mai 1981: "Leir for "Målretta" ungdom"
  193. Målfront, avisa til Norsk Målungdom, nr 2, 1977 , side 3: "Vågan Målungdom skipa" [14]
  194. Lofotposten, mandag 7. februar 1977, side 3: «Vågan har fått Målungdomslag»
  195. Rana Blad, torsdag 16. august 1990: «Nynorskaksjon i Gågata.»
  196. Fremover, fredag 15. januar 1988: "Til kamp for nynorsken"
  197. Fremover, tirsdag 22. mars 1988: «Nynorsk som einaste riksmål i Noreg», av Holger Lockertsen, leiar i Narvik Målungdom
  198. Fremover, tirsdag 3. april 1990: "EF - eit trugsmål" av Holger Lockertsen, leiar i Narvik Målungdom
  199. Norsk tidend (Sandane : trykt utg.) : medlemsblad for Noregs mållag. 1989 Nr. 3: "Årsmøte i Nordnorsk Målungdom": "Utsendingar frå lokallaga i (...) Stokmarknes (..) møttest." [15]
  200. Arbeiderbladet, tirsdag 21. mars 1989: "Ny leiar i Norsk Målungdom"
  201. Norsk tidend : medlemsblad for Noregs mållag. 1991 Nr. 2: "Nytt sentralstyre (i NMU)" [16]
  202. [17]
  203. [18]