Eirik II av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eirik Magnusson
Eirik Magnusson.JPG
Konge av Noreg
Regjeringstid12801299
Fødd1268
FødestadNoreg
Død15. juli 1299
Bergen
FøregjengarMagnus Lagabøte
EtterfølgjarHåkon Magnusson
Gift med1: Margaret av Skottland
2: Isobel Bruce
BornMargrete

Eirik II Magnusson (12681299) var konge av Noreg i tidsrommet 12801299.

Eirik var eldste son av Magnus Lagabøte. Eit fall frå hesteryggen gav han moglegvis heilskade (hjerneskade). Sidan han berre var barnet då han vart konge, vart styret ført av eit formyndarstyre. Han kom i konflikt med kyrkja under erkebiskop Jon Raude og fekk tilnamnet Prestehatar.

Han var først gift med Margaret av Skottland, dotter av kong Alexander III. Dei fekk dottera Margrete, som blei dronning av Skottland i 1286, berre tre år gammal. Etter at kona hans døydde i barselseng i 1283 gifta Eirik seg seinare med Isobel Bruce, søster av Robert I av Skottland.

Ettersom han døydde sønelaus blei Eirik Magnusson etterfølgd av bror sin, Håkon V.