L. Shankar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
L. Shankar
L Shankar.jpg
Shankar i One Truth Band i Jazz Bilzen 1978 med John McLaughlin
Fødd26. april 1950 (69 år)
FødestadMadras
FødenamnLakshminarayana Shankar
AliasShenkar
OpphavIndia
Aktiv1972 til i dag
SjangerKarnatisk, klassisk, electronica, progressiv rock, softrock, folk, fusion, jazz, pop, hardrock
InstrumentVokal, dobbelfiolin, bratsj, elektrisk fiolin, kanjira, tablaer, dholak, trommer, perkusjon, sarod, tamboura, klaverinstrument
Kjende instrumentSpesialbygd dobbel fiolin
PlateselskapAxiom/Island/PolyGram
ECM/Universal
Verka somMusikar, komponist, dirigent, fotograf, arrangør, produsent, lydteknikar, pedagog

Lakshminarayana Shankar (fødd 26. april 1950), òg kjend som L. Shankar og Shenkar, er ein indisk-amerikansk fiolinist, songar og komponist.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Shankar var fødd i Madras i India, men voks opp på Sri Lanka.[1] Faren V. Lakshminarayana var ein renomert fiolinist, og mora L. Seethalakshmi spelte veena. Alle dei fem eldre søskena hans var òg musikarar. Den mest kjende av brørne er fiolinisten L. Subramaniam, som har spelt inn mykje musikk og broren L. Vaidyanathan som komponerer musikk for indiske filmar.

Etter uroa på Sri Lanka i 1950-åra rømde familien til India.[2]

Etter å ha tatt ei fysikkutdanning i India, flytta Shankar til Amerika i 1969 og tok doktorgrad i folkemusikk ved Wesleyan University. Her møtte han jazzmusikarane Ornette Coleman, Jimmy Garrison og John McLaughlin, medan han arbeidde som lærarassistent og konsertmeister for University Chamber Orchestra. I 1975 starta Shankar og McLaughlin bandet Shakti, som var banebrytande med å blande austleg og vestleg musikk. Det første soloalbumet hans, Touch Me There, vart produsert av Frank Zappa i 1979.[3] Shankar starta sitt eige band, The Epidemics, i 1982, med komponisten Caroline. Han gav ut tre album med bandet.

I 1980-åra arbeidde Shankar med både jazz og indisk klassisk musikk. I 1980 gav han ut Who's To KnowECM som introduserte ein unik stil han sjølv hadde funne opp med ein tistrengs stereofonoisk dobbelfiolin. Dette instrumentet som Shankar hadde laga sjølv vart bygd av den kjende gitarmakaren Ken Parker, og dekkjer heile orkesterrekkevidda, inkludert kontrabass, cello, bratsj og fiolin. I nyare tid har han utvikla eit instrument som er lettare enn det originale.[3]

1990 var Shankar medprodusent på ein film regissert av H. O. Nazareth, og som vart nominert for beste dokumentarfilm ved Cannes filmfestival. Shankar arbeidde på filmmusikken til The Last Temptation of Christ (1988) som var komponert av Peter Gabriel, og musikken hans vart nytta på begge albuma som kom ut etter filmen Passion: Music for The Last Temptation of Christ og Passion - Sources. Han vann ein Grammy for arbeidet sitt med sistnemnde i 1994.[4] I 1996 vart han nominert til ein Grammy for albumet Raga Aberi.[2] Shankar har fleire gonger spelt på platene til Peter Gabriel, som So ogUs. Sidan 1996 har Shankar turnert mykje med fiolinisten og niesa Gingger som «Shankar & Gingger», og fekk mykje ros hos kritikarane.[5] Dei spelte mellom anna for Nelson Mandela på 80-årsdagen hans. I 2004 skreiv Shankar musikk i lag med Gingger Shankar for John Debney og spelte på filmmusikken for filmen The Passion of the Christ (2004).

Shankar har spelt med mange artistar gjennom karrieren sin som Lou Reed, Echo & the Bunnymen, Talking Heads, Frank Zappa, Peter Gabriel, Elton John, Eric Clapton, Phil Collins, Charly García, Jonathan Davis, Bruce Springsteen, Van Morrison, Stewart Copeland, Yoko Ono, A. R. Rahman, John Waite, Steve Vai, Ginger Baker, Toto, Nils Lofgren, Mark O'Connor og Sting.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lavezzoli, Peter (2006). Bhairavi: The Global Impact of Indian Music. Continuum International Publishing Group. s. 308–315. ISBN 0-8264-1815-5. 
  2. 2,0 2,1 «Hinduism Today L Shankar March/April 2001». Hinduism Today. Henta 15 October 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «L. Shankar: Short Biography». World Music Central. Henta 25 February 2007. 
  4. L. Shankar-Biography, World Music Central. Retrieved January 20, 2013.
  5. Dasgupta, Priyanka (7 June 2007). «I had to impress my dad». Times of India.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp);

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]