Oppfinning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reklame for oppfinningskonkurransen Concours Lépine frå 1910.
Tenkte framtidige oppfinningar frå 1829.

Oppfinning er ein ny eller unik måte eller teknologi til å gjera noko på. Dette kan vera ein heilt ny metode, apparat eller anna produkt, eller det kan vera ei forbetring av ei tidlegare oppfinning. Ein person som står bak ei eller fleire oppfinningar blir kalla ein oppfinnar. I dag kan ein ofte verna oppfinningane sine med patent. Oppfinningar kan spreia seg mellom ulike område gjennom kopiering, eller ved at ein endrar og tilpassar ein ny ide til sitt miljø. Påverknad og investeringar frå utlandet kan også medføra spreiing av oppfinningar.[1]

Ulike område for oppfinning[endre | endre wikiteksten]

Oppfinningar kan vera vitskapleg-teknologiske, sosiopolitiske og humanistisk-kulturelle.

Nokre døme på vitskapleg-teknologiske oppfinningar er materiale som bronse, stål og plast, vaksinering, antibiotika, stigbøyle, jernbane, flyging, telefon, atomvåpen, datamaskinar og Internett.

Sosiopolitiske oppfinningar kan vera nye lovar, institusjonar og prosedyrar som endrar former for sosial oppførsel eller lager nye former for menneskeleg samhandling og organisering. Nokre døme er den internasjonale Havrettstraktaten, som for første gong regulerte aktivitetar på ope hav, ei rekkje prøyssiske lover frå 1880-talet, som Krankenversicherung (1883) og Invaliditäts- und Altersversicherung (1889), som innførte sjukeforsikring og pensjon, ordningar som moderne sjukepleie, Raudekrossen, speidarrørsla, supermarknader og konsept som maktfordelingsprinsippet, menneskerettar, satyagraha og dyrerettar.

Humanistisk-kulturelle oppfinningar er knytt til alle moglege kulturuttrykk, og kan vera like gjennomgripande som vitskapleg-teknologiske. Dei kan omfatta ulike alfabet, nyord og nye uttrykk, kulturelle strøymingar som renessanse, romantikk, symbolisme, sosialrealisme, surrealisme, postmodernisme eller psykoanalyse, nye litterære sjangrar som tragedie, sonette eller roman, former for bilde- og utøvande kunst som oljemåleri, litografi, fotografi, film, musikalsk atonalitet, jazz, rock, opera og symfoniorkester. Innan filosofi finst oppfinningar som formell logikk, dialektikk, semiotikk, anarki, behaviorisme, positivisme, pragmatisme og dekonstruksjonisme. Religiøse oppfinningar er mellom anna monoteisme, panteisme, buddhisme, metodisme, mormonisme, deisme og sekularisme. Nokre av desse tendensane eller trendane kan verka som å allereie ha eksistert som idear eller å ha utvikla seg spontant, men dei fleste har hatt oppfinnarar bak seg.[2]

Ulike oppfinningstypar[endre | endre wikiteksten]

  • Oppfinning av system (architectural innovation). Ei oppfinning som forbetrar eller fornyar måtar ulike delar i eit system verker saman. Dei ulike delane treng ikkje vera nye oppfinningar. Nokre døme er sjukehus, datanettverk og fleksible produksjonssystem.[3]
  • Oppfinning av ein del eller komponent (component innovation). Oppfinning eller forbetring av ein del av eit system, som ein forbetra motor eller betre mikroprosessorar.[4]

Innan økonomi kan ein skilja mellom produktinnovasjon, der ein lager eit nytt eller forbetra produkt, og prosessinnovasjon, der ein forbetrar eller fornyar metoden å laga produkt på.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Black, John; Nigar Hashimzade; Gareth Myles (2009). «diffusion of innovations». A Dictionary of Economics. Oxford University Press. 
  2. Mikhail Epstein. Inventive Thinking in the Humanities. Common Knowledge (Duke UP), Winter 2017, Vol.23, No. 1: 1-18
  3. Law, Jonathan, red. (2016). «architectural innovation». A Dictionary of Business and Management. Oxford University Press. 
  4. Law, Jonathan, red. (2016). «component innovation». A Dictionary of Business and Management. Oxford University Press. 
  5. Black, John; Nigar Hashimzade; Gareth Myles (2009). «innovation». A Dictionary of Economics. Oxford University Press.