Oppløysinga av klostera i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fountains Abbey i ruinar, eit resultat av oppløysinga av klostera.

Oppløysinga av klostera i England (engelsk Dissolution of the Monasteries) var ein prosess under reformasjonen der dei katolske klostera i England blei oppløyste og eigedommane deira blei overtekne av krona. Prosessen strekte seg også til Irland og Wales, som var underlagde den engelske monarken. Prosessen fann stad under Henrik VIII, med ein spesielt intens periode mellom 1538 og 1541. Kongen fekk myndigheit til å gjera dette gjennom tre lover som blei vedtekne av Det engelske parlamentet: Act of Supremacy i 1534, som gjorde han til overhovud for Den engelske kyrkja, First Suppression Act frå 1536 og Second Suppression Act frå 1539.

I følgje historikaren G.W. Bernard:

Oppløsyinga av klostera på slutten av 1530-talet var ei av dei mest revolusjonære hendingane i engelsk historie. Det var bortimot 900 religiøse hus i England, rundt 260 for munkar, 300 for kannikar, 142 nonner og 183 klosterbrør; rundt 12 000 menneske i alt, 4 000 munkar, 3 000 kannikar, 3 000 klosterbrør og 2 000 nonner... kvar voksen mann av femti var i ein religiøs orden (den totale befolkninga på den tida er rekna til ha vore 2,75 millionar).
—«The Dissolution of the Monasteries», G.W. Bernard[1]

Kontekst[endre | endre wikiteksten]

Oppløysinga skjedde ikkje som ei isolert politiske hending. Mange stader hadde hatt rørsler retta mot jurisdiksjonen til Den heilage stolen i Roma, særleg i samband med den protestantiske reformasjonen på kontinentet. Dei religiøse endringane i England var av ein annan natur enn dei som fanst i til dømes Tyskland, ettersom den engelske reformasjonen blei utløyst av politiske grunnar, og ikkje teologiske.

I utgangspunktet blei mange av dei katolske tradisjonane tekne vare på i Den engelske kyrkja. Protestantiske innovasjonar som kom med i Ten Articles blei stort sett reverserte då Henrik VIII i 1539 gav ut Six Articles, der han gjorde det klart at den gamle trua for det meste skulle bevarast. Enkelte reformer var også blitt sanksjonerte av Roma; kardinal Thomas Wolsey fekk allereie i 1518 utskrive ein paveleg bulle som godkjende avgrensa reformer i England.

Den engelske kyrkja hadde dermed sterke katolske trekk heilt til Edvard VI kom på trona. Dei protestantiske skikkane som blei innførte var stort sett knytte til to personar som var sentrale under begge kongane: Thomas Cranmer, erkebiskop av Canterbury, og Edward Seymour, 1. hertug av Somerset som var Lord Protector medan Edvard VI var mindreårig. Cranmer gjekk så langt som til å gifta seg i all løyndom med niesa til ein luthersk teolog frå Nürnberg.

Visse reformlover blei vedtekne under Henrik VIII i november 1529. Det blei sett eit tak på avgifter for probering av testamente og for gravferd i vigsla mark, reglar for kyrkjeasyl bleifastsette og talet på kyrkjelege embete ein person kunne ha blei redusert til fire. Desse endringane var ikkje fyrst og fremst religiøse reformer, men presiseringar av jurisdiksjonen til kongen i ein del saker som ramma han og undersåttane hans.

Motstanden var likevel kraftig. Reginald Pole var ein av leiarane for den pro-romerske fløya, og Henrik VIII lova han erkebispesetet i York eller bispesetet i Winchester dersom han støtta ønsket til kongen om skilsmisse frå Katarina av Aragón. Pole nekta å gjera dette, og gjekk i 1532 i sjølvvalt eksil.

Presedensar i England[endre | endre wikiteksten]

Då Henrik VIII byrja kampanjen sin mot klostera hadde ulike monarkar i meir enn 200 år gjorde det same i mindre målestokk. Det fyrste tilfellet var såkalla framande kloster (Alien Priories). Som ei følgje av normannarinvasjonen i 1066 hadde fleire franske kloster store eigedommar og dotterkloster i England. Nokre av desse var reine jordbrukseigedommar der det budde éin enkelt munk, medan andre var verkelege kloster. Mellom anna var Lewes Priory eit dotterkloster av Cluny, og stod til ansvar for den franske abbeden. På grunn av ein nokså konstant krigstilstand mellom England og Frankrike i seinmellomalderen hadde fleire engelske regjeringar sett seg lei på at pengar blei flytta over til Frankrike, der den franske kongen kunne få tak i dei og bruka dei til å finansiera krigføring.

I åra 1295–1303, under Edvard I, fann det fyrste inngrepet mot desse framande klostera stad. Dette gjentok seg fleire gonger i løpet av det 1300-talet, særleg under Edvard III. Klostera som hadde ein fungerande kommunitet måtte betala store summar til kongen, medan dei som var reine jordbrukseigedommar blei konfiskerte og overlatne til mennene til kongen; inntektene hamna i skattkammeret til kongen. Slike eigedommar vart viktige for å sikra inntekter til krona. Nokre av klostera blei også naturaliserte, som Castle Acre Priory, noko dei kunne oppnå ved å betala store bøter og muter. I 1414 vart dei siste gjenverande utanlandske klostera oppløyste av Henrik V gjennom eit parlamentsvedtak. Eigedommane gjekk til krona; nokre blei behaldne, medan andre blei gitt til kongen sine støttespelarar eller til nye, engelske klostergrunnleggingar. Nokre blei også gjort om til skular; Eton College har opphavet sitt i ein slik prosess.

Omlegginga frå kloster til skule inspirerte biskopane, og på 1400-talet skjedde dette ei rekkje gonger. Klostera som blei ramma var stort sett små og fattige benediktinar- eller augustinarhus, eller nonnekloster som ikkje hadde mektige velgjørarar. Dei store abbedia og dei mektige ordenane blei sparte for slikt; mellom anna blei ikkje cisterciensarordenen ramma. Dei som tente mest på dette var kollegia ved University of Oxford og University of Cambridge. Døme er John Alcock si oppløysing av St. Radegunds benediktinarnonnekloster for å grunnleggja Jesus College i Cambridge i 1496, og William Waynflete si nedlegging av Selbourne Priory i 1484 til fordel for Magdalen College i Oxford. Sjølv John Fisher gjorde det same i 1522, då han oppløyste nonnekloster i Bromhall og Higham for å hjelpa St John's College i Cambridge. Kardinal Wolsey oppløyste St. Frideswide's Priory, no Oxfordkatedralen, for å grunnleggja Christ Church College i Oxford, og i 1522 fekk han gjennom ein paveleg bulle løyve til å oppløysa tjue kloster til for å sikra den økonomiske framtida til institusjonen.

Prosessen[endre | endre wikiteksten]

Samtidig teikning av ein visitør som forlèt eit kloster, truleg Colchester Abbey, etter å ha hengt abbeden og teke rikdommane til klosteret.

Henrik VIII erklærte seg sjølv om overhovud for Den engelske kyrkja i februar 1531. I april 1533 blei Act in Restraint of Appeals vedteken, slik at det ikkje lenger var tillate å anka avgjerdene til kongen i kyrkjelege saker, det vera seg åndelege eller økonomiske, til paven.

I 1534 fekk kongen parlamentet til å gi Thomas Cromwell, 1. jarl av Essex, makt til å utføra ein visitasjon i alle kloster. Den offisielle årsaka var at han skulle sikra at ordensfolket respekterte den nye ordninga der kongen var overhovudet deira, og ikkje paven. I røynda var det fyrst og fremst ei vurdering av verdien av klostera. Nokre få månader etter, då oppstyret over å ha hatt lekvisitas hadde lagt seg, blei makta til Cromwell delegert til ein kommisjon av lekfolk. Denne fasen blir kalla «visitasjonen av klostera».

Sommaren 1534 byrja medlemmene i kommisjonen arbeidet sitt. Det blei sendt ut predikantar for å halda preiker i kyrkjene rundt om i landet, over tre tema:

  • Munkane og nonnene i klostera var syndige hyklarar og trollmenn, som levde i luksus og dreiv med alle slags synder;
  • Ordensfolket levde på slitet til dei arbeidande utan å gi noko tilbake, og var dermed også ei belastning for den engelske økonomien;
  • Om kongen fekk klostereigedommane ville han aldri meir trenga å skattleggja folket.

Effekten av slik propaganda på befolkninga var avgjerande for at mennene til kongen kunne gjennomføra prosessen utan at det braut ut opprør.

I løpet av hausten 1535 kom det rapport tilbake til Cromwell om kva visitørane hadde sett, både ting av økonomisk tyding og skandaløs åtferd. Parlamentet vedtok First Suppression Act tidleg året etter, basert på desse rapportane. Kongen fekk då rett til å oppløysa alle kloster med årleg inntekt på mindre enn 200 pund. Dette blei gjennomført raskt; dei små og svake klostera blei oppløyste, og bebuarane vart kasta ut og fekk eigedommane sine konfiskert. For å fordela eigedommane blei Court of Augmentations oppretta i 1535. I 1536 blei Richard Rich, 1. baron Rich utnemnd til den fyrste leiaren av kanselliet.

Dette førte ikkje til dei venta inntektene, ikkje minst fordi personar knytte til Court of Augmentations, mellom anna baron Rich sjølv, kjøpte eigedommar til spottpris. I eit forsøk på å få meir ut av det blei nokre av klostera opna att, for så å bli konfiskerte igjen; heller ikkje dette førte inn nok midlar i kassa til kongen. I april 1539 blei derfor Second Suppression Act vedteken; denne gav kongen lov til å oppløysa resten av klostera uavhengig av storleik. Nokre av biskopane motsette seg dette, og hausten 1539 blei abbedane av Colchester, Glastonbury og Reading avretta for høgforræderi. Tre andre abbedar var blitt avretta fire år tidlegare for å nekta å anerkjenna kongen som overhovudet for kyrkja. Det einaste klosteret i England som slapp unna oppløysinga var St. Benet's Abbey i Norfolk.

Andre abbedar signerte over eigedommane til kongen. Mange av bygningane blei rivne; verdifullt bly vart fjerna frå taka, og stein blei brukt opp att til sekulære bygningar. Nokre av dei mindre benediktinske husa blei overtekne som soknekyrkjer. I ettertid har mange hatt ei oppfatning av omfattande øydelegging og ikonoklasme; dette er ei samanblanding med herjingane til puritanarane i det neste hundreåret. Men relikviar og valfart blei ikkje lenger rekna som tenlege, og nokre stader som hadde hatt store inntekter frå pilegrimar fekk kraftig økonomisk nedgang.

For å fylla skattkammera til kongen blei mange av klostereigedommane selde til den nye jordeigande klassen, som dermed også blei knytt sterkare til den nye ordninga.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Abbedia i England, Irland og Wales hadde vore blant dei viktigaste jordeigarane i landet. Dei var også viktige institusjonar for lærdom, handverk, medisinsk behandling og velgjerd, særleg utanfor dei største byane. Når meir enn 800 slike institusjonar blei fjerna i løpet av svært kort tid, lét dei etter seg mange tomrom i samfunnet.

Øydelegginga av klosterbiblioteka blir rekna som eit av dei største kulturelle tapa under den engelske reformasjonen. Worcester Priory hadde 600 bøker då oppløysinga fann stad, og berre seks av desse er bevarte. I eit augustinarkloster i York blei 646 bøker øydelagde, medan tre blei tekne vare på. Mange av bøkene blei øydelagde fordi dei hadde verdifulle innbindingar, medan andre blei selde i vognlass og brukt til alle slags formål. Blant dei øydelagde bøkene var mange uerstattelege, tidlege engelske verk, mellom anna ein stor del av dei eldste angelsaksiske manuskripta.

Ein mista også sjukehusa som var drivne av klostera, noko som mange stader fekk alvorlege konsekvensar. Det gjekk også hardt ut over fattige, som var avhengige av klostera si utdeling av mat og almisser. Dette var ei av årsakene til at det blei så mange tiggarar i tudortida, noko som vidare førte til at ein vedtok fattiglovar under Edvard VI og Elizabeth I. Dei nye jordeigarane var også generelt meir krevjande enn klostera hadde vore, slik at leiglendingar måtte betala høgare leie og arbeida meir for godsherrane.

I nokre område var oppløysinga upopulær, særleg i Yorkshire og Lincolnshire. Der blei det utløyst eit opprør, kjent som Pilgrimage of Grace, som i nokre veker truga krona. Kravet om gjenoppretting av klostera kom tilbake i 1549, under bønnebokopprøret.

Mange av klostera blei selde for nominelle summar, mellom anna fordi dei hadde ei plikt til å betala pensjonar til munkane dersom dei hadde gitt frå seg eigedommane frivillig. Nokre av eigedommane blei gitt til sokna, medan andre blei gitt som påskjønningar til støttespelarane til kongen. Verdien av eigedommane var blitt rekna til 200 000 pund per år, men i perioden 1536-1547 fekk kongen berre inn gjennomsnittleg 37 000 pund per år, kring ein femdel av det dei hadde teke inn som kloster.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bernard, G. W. (2011): "The Dissolution of the Monasteries" i: History 96 (324), s. 390. "The dissolution of the monasteries in the late 1530s was one of the most revolutionary events in English history. There were nearly 900 religious houses in England, around 260 for monks, 300 for regular canons, 142 nunneries and 183 friaries; some 12,000 people in total, 4,000 monks, 3,000 canons, 3,000 friars and 2,000 nuns. If the adult male population was 500,000, that meant that one adult man in fifty was in religious orders."