Oreadar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oreadar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Oreadar Oreotrochilus
Gould, 1847

Oreadar er ei biologisk slekt Oreotrochilus av kolibriar med sju medlemmer som alle lever høgt i Andesfjella frå det ekstremt sørlege Colombia i nord, sørover langs Andes og inn i Santa Cruz-provinsen i Argentina, delvis òg over grensa til Chile.

Fellesnemninga «oreade» i dei norske artsnamna er frå gresk mytologi som ei nemning for fjellnymfe.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Oreadar er typisk mellom 13 og 15 centimeter lange med ganske lange, svakt bua svarte nebb. Hannen har vanlegvis ein iriserande grøn strupe og hals, eller blålilla hos vulkanoreade, med matt grønaktig overside og bleike flankar. Ei sentral stripe eller ein flekk på undersida er vanlegvis svart, men er brun hos andesoreaden. Halen er vanlegvis mørk med eit kontrasterande kvitt mønster; mønsteret er kanelfarga hos brunoreade, og halen er heilt mørk hos svartbrystoreade. Hoa er mattare, med ein kvitaktig strupe tett flekka; med grøn, kvit, brun eller kanelfarga underside, og ein mørk hale med eit kvitt mønster.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Desse svært territoriale kolibriane finst i tempererte og alpine grassletter, kratt og skog i høgder frå 1200 opp til 5200 meter over havet.[2] Ein har observert hekking av vulkanoreade opp til ca. 5000 moh. i klippevegger i Cotopaxi.[3] Mange oreadar lever hovudsakleg av nektar frå artar i planteslekta Chuquiraga i korgplantefamilien, og nokre artar kan vere avgrensa til dei.[4]

Slekta har gått gjennom allopatrisk artsdanning.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Oreadar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[7]

  • Andesoreade, Oreotrochilus estella, Andean hillstar, (d'Orbigny, 1838), (LC)
13-15 cm, lever frå Sør-Peru gjennom Bolivia og litt inn i Argentina.[8]
  • Punaoreade, Oreotrochilus leucopleurus, White-sided hillstar, Gould, 1847, (LC)
13-15 cm, lever frå sørlegaste Bolivia gjennon Argentina til Santa Cruz-provinsen, delvis inn i Chile.[9]
  • Vulkanoreade, Oreotrochilus chimborazo, Ecuadorian hillstar, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
13 cm, hannar har lilla strupeflekk og lilla til blått hovud. Ecuador.[10]
  • Blåstrupeoreade, Oreotrochilus cyanolaemus, Blue-throated hillstar, Sornoza-Molina, Freile, Nilsson, J, Krabbe & Bonaccorso, 2018, (CR)
11-12 cm, hovud og overside hos hannar grøn, lever i små avgrensa område totalt mindre enn 100 km² i sørlege Ecuador.[11]
  • Grønhovudoreade, Oreotrochilus stolzmanni, Green-headed hillstar, Salvin, 1895, (LC)
13-14 cm, leveområde sentralt i Peru, nord for svartbrystoreaden.[12]
  • Svartbrystoreade, Oreotrochilus melanogaster, Black-breasted hillstar, Gould, 1847, (LC)
13-14 cm, den sentrale stripa på undersida dekker hele brystet og buken med flankar hos hannar. Leveområde sentralt i Peru.[13]
  • Brunoreade, Oreotrochilus adela, Wedge-tailed hillstar, (d'Orbigny, 1838), (LC)
11-13 cm, hannar med kraftig kanelfarga flanker, brei midtstripe. Leveområde i Andes i Bolivia.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «nymfer» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 15. mai 2023.
  2. Abrahamczyk, Stefan and Poretschkin, Constantin and Renner, Susanne S (2017). «Evolutionary flexibility in five hummingbird/plant mutualistic systems: testing temporal and geographic matching». Journal of Biogeography (Wiley Online Library) 44: 1847––1855. 
  3. Smith, G. T. (1969). A high altitude hummingbird on the volcano Cotopaxi. Ibis 111(1), 17-22.
  4. Bleiweiss, R. (1982). The northern limit of the hummingbird genus Oreotrochilus in South America. The Auk 99(2), 376-78.
  5. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  6. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. mai 2023. 
  7. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 
  8. Fjeldså, J., G. M. Kirwan, og P. F. D. Boesman (2020). Andean Hillstar (Oreotrochilus estella), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.andhil3.01
  9. Fjeldså, J., G. M. Kirwan, og P. F. D. Boesman (2020). White-sided Hillstar (Oreotrochilus leucopleurus), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whshil1.01
  10. Heynen, I. og P. F. D. Boesman (2020). Ecuadorian Hillstar (Oreotrochilus chimborazo), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.ecuhil1.01
  11. Kirwan, G. M. (2020). Blue-throated Hillstar (Oreotrochilus cyanolaemus), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.buthil1.01
  12. Fjeldså, J. og P. F. D. Boesman (2020). Green-headed Hillstar (Oreotrochilus stolzmanni), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.andhil2.01
  13. Fjeldså, J. og P. F. D. Boesman (2020). Black-breasted Hillstar (Oreotrochilus melanogaster), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blbhil1.01
  14. Fjeldså, J. og G. M. Kirwan (2020). Wedge-tailed Hillstar (Oreotrochilus adela), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.wethil1.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Oreadar