Out Stack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Out Stack sett frå Muckle Flugga
(Foto: Mike Pennington)

Out Stack, eller Oosta, er ei lita øy på Shetland i Skottland. Ho er den aller nordlegaste av dei britiske øyene, og ligg like nordom Muckle Flugga og 3 km nordom øya Unst. Out Stack høyrer med til naturreservatet Hermaness.

Out Stack har vorte omtala som «the full stop at the end of Britain» ('punktumet på enden av Storbritannia', og er ikkje særleg meir enn eit skjer. Det har aldri budd folk der.

Lady Jane Franklin, kona til arktisutforskaren John Franklin reiste til Out Stack i 1850-åra. Det var det nærast ho kunne kome den sakna mannen sin. Det finst ikkje land i ei rett line mellom Out Stack og Nordpolen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Out Stack» henta frå Wikipedia på engelsk 18. mai 2007.

Koordinatar: 60°51′36.07″N 0°52′25.25″W