Mousa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mousa
Mousa sett frå Shetland Mainland
Mousa sett frå Shetland Mainland
Geografi
Mousa is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°00′00″N 1°10′48″WKoordinatar: 60°00′00″N 1°10′48″W
Øygruppe Shetlandsøyane

Areal 1,80 km²

Høgaste punkt  55 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane

Demografi
Folketal 0

Mousa er ei lita øy i Shetlandsøyane i Skottland. Øya ligg like austom Shetland Mainland, og er om lag 2,5 km lang, 1 km brei, helst flat og heilt trelaus. Det har ikkje budd folk på Mousa sidan 1800-talet. Øya er best kjend for Mousa Broch, eit rundtårn frå jarnalderen.

Mousa er også kjend for dyre- og fuglelivet på øya, med steinkobbe, havert, alker, raudnebbterner og stormsvaler.

Sommarstid går det passasjerbåt ut til øya frå Leebitton i Sandwick på Shetland Mainland.

Mousa i sogene[endre | endre wikiteksten]

Mosøyborga frå Egilssoga står framleis i dag, rundt 2000 år etter ho vart bygd. Mousa Broch er den best bevarte av alle broch i Skottland.
(Foto: Colin Park)

Mousa (Mosøy) og Mousa Broch (Mosøyborga) er nemnd i Egilssoga og Orknøyingsoga, i begge falla vert det fortald om par som gøymer seg i steintårnet.

Egilssoga[endre | endre wikiteksten]

I Egilssoga vert det fortald om Bjørn Brynjolvsson frå Aurland som hadde sett seg ut Tora Ladhand, systera til hersen Tore Roaldsson i Fjordane. Verken bror hennar eller far til Bjørn ville late han gifte seg med henne og han tok henne med seg og rømde Noreg i eit handelsskip han hadde fått av faren. Dei kom ut for kvass sjø og fekk skipet skadd utom Mousa, men fekk berga seg og skipet i land på øya. Der flytte dei inn i borga (Mousa Broch).

Utpå hausten kom det eit skip til Shetland frå Orknøyane. Folka på skipet fortalde at kong Harald hadde sendt bod til Orknøyane om at Bjørn skulle drepast, han var gjord utlæg i Noreg, og at same bodet alt var gått til Hebridane og Dublin.

Bjørn og Tora gifte seg på Shetland og overvintra i Mousa Broch. Så snart våren kom og det var vorte råd å sigle att tok dei med seg eignelutene sine og skipsmannskapet i det vølte skipet og siglde nordover. Dei kom til Island og gjekk i land i Borgarfjord der dei fekk bu på garden til Skallagrim. Med tida vart det forlik mellom Bjørn og Tore herse, og Bjørn og huslyden hans kunne reise heimatt til Sogn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Hamish Haswell-Smith: The Scottish Islands. Canongate Books, Edingburgh, 2004. ISBN 1-84195-454-3
  • Egilssoga - Omsetjing av Leiv Heggstad, revidert av Mange Heggstad. Det Norske Samlaget, 1994. ISBN 82-521-4305-9

Denne artikkelen byggjer på «Mousa» henta frå Wikipedia på engelsk 14. mai 2007.