Hildasay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hildasay
Geografi
Hildasay is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°8′ N 1°22′ WKoordinatar: 60°8′ N 1°22′ W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 1,08 km²
Høgaste punkt 32 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Demografi
Folketal 0

Hildasay (norrønt Hildasey), òg kalla Hildisay, er ei folketom øy vest for Shetland Mainland i Shetlandsøyane i Skottland.

Kaien på Hildasay

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hildasay har eit areal på 1,08 km² og det høgaste punktet ligg 32 meter over havet. Ho bestrå av raudgrøn granitt (epidotisk syenitt) som i mange år vart brote ut.[1][2]

På sørsida finn ein to viker, Cusa Voe og Tangi Voe. Det ligg ei mindre øy Linga like søraust for Hildasay. Ei lang rekkje skjer og holmar ligg nordvest for øya.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya har kanskje fått namn etter den norrøne krigsgudinna.[2]

Hildasay har stått utan busetnad sidan seint på 1800-talet, men så seint som i 1891 hadde øya 30 innbyggjarar. Tidlegare var næringa på øya mellom anna sildekonservering og bryting av granitt. Ein kan framleis sjå restane etter ei jernbanelinje frå dagbrotet til hamna.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Overview of Hildasay». Gazetteer for Scotland. http://www.geo.ed.ac.uk/scotgaz/features/featurefirst1399.html. Henta 24. mars 2010.