Papa Stour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Papa Stour
Aesha Head vest på Papa Stour.  (Foto: Anne Burgess)
Aesha Head vest på Papa Stour.
(Foto: Anne Burgess)
Geografi
Papa Stour is located in
Stad St. Magnus Bay, Nordatlanteren
Koordinatar 60°20′N 1°42′WKoordinatar: 60°20′N 1°42′W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 8,28 km²
Høgaste punkt Virda Field (87 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Største busetnad Biggings
Demografi
Folketal 24[1][2] (2001)
Folketettleik 2,9 /km²

Papa Stour er ei i Shetlandsøyane i Skottland. Ho ligg sør i St. Magnus Bay, på nordvestsida av Shetland Mainland. I dag bur det om lag 20 personar på øya med hovudvekta i landsbyen Biggins i aust. Frå Biggins går det passasjerbåt til West Burrafirth på Shetland Mainland. Det er óg ei flystripe nær Biggins. Øya har ei dramatisk kystlandskap med staurar, bogar, bruer og sjøholer som har kome til ved erosjon.

På øya finn ein ruinar etter eit hus som skal ha høyrt til Hertug Håkon, seinare Kong Håkon V av Noreg, på 1200-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har truleg budd folk på øya heilt attende til 3000 f. Kr. Øya er rik på arkeologiske minne. Namnet kjem av norrønt Papey Stóra, som skal tyde 'Store Prestøy'. Papar vert då tolka som nemning på gæliske munkar. Papar er med i mange øynamn i Skottland.

Det eldste dokumentet frå Shetland omhandlar ei hending på Papa Stour og er frå 1299.

På 1970-talet vart det sett i gang ein aksjon for å få fleire innbyggjarar til øya etter at fråflyttinga hadde gjort folketalet lågt. Det førde til at det kom folk flyttande og folketalet fekk ein oppsving. Dei siste åra har folketalet gått ned etter usemje mellom nokre av innbyggjarane. Det førde til rettsaker, fråflytting og at skulen vart nedlagd. [3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Barbara E. Crawford: Papa Stour and 1299: Commemorating the 700th Anniversary of Shetland's First Document , ISBN 1-898852-83-9

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
  2. Ordnance Survey
  3. The Guardian om nabofeiden

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Papa Stour» henta frå Wikipedia på engelsk 29. mai 2007.